Thorleif (21) er trikkeførar og bur på gamleheim: – Skal bli rockestjerne

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.12.2020 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No skal eg jo bli rockestjerne.

Orda kjem sjølvsagt frå Thorleif Bratval på kjøkkenet hans i Paulus sykehjem i Oslo.

I etasjane under bur folk som ikkje lenger klarar å bu for seg sjølv på grunn av alderdom og det som følgjer med, men etasjen der 21-åringen frå Jevnaker bur, er svartmåla og har ein diger Shrek-modell i gangen.

Kaffiprat i resepsjonen

Fredag 25. september sleppte Thorleif Bratval debutalbumet Sjelefred. Med det same ein entrar stova kjenner ein att omgjevnadane frå plateomslaget.

Når ein entrar casa Bratval er det litt meir gamalmodig att, med retro veggpryd og kaffi på ei gamal bedehus-kanne.

Sjølv skildrar 21-åringen som ei litt gamal sjel, som er glad i å sitje å høyre på forteljingar om gamledagar.

– Eg føler meg på ein måte heime når eg går ut døra i leilegheita. Skal eg noko så vert eg ståande ein halvtime i resepsjonen å prate. Eg treff på nokon og tek ein kaffikopp, så det er veldig koseleg sånn.

Det er lett å vere sosial når han går ut dørene heimefrå, men korona har lagt ein dempar på ein del av aktivitetane på sjukeheimen.

Prøysen på verandaen

– Folk er veldig nysgjerrige, men veldig positive. Og misunner meg litt òg, kanskje.

21-åringen frå Jevnaker har fått mange reaksjonar etter at han flytta inn på gamleheimen 1. mars i år, om lag då det smalt i Noreg. Med ei månadsleige på 6000 kroner kan han boltre seg over to etasjar med utsikt over høgblokkene. Dei unge bebuarane har søkt seg til sjukeheimen der dei er forventa å delta frivillig for å skape litt liv og røre for bebuarane.

For Thorleif Bratval sin del inneber det å spela litt Prøysen og sånn.

– Eg har ikkje fått gjort så mykje av det, i og med at eg ikkje har tilgang til avdelingane, som er litt keisamt, seier 21-åringen, som har hatt nokre konsertar utanfor der bebuarane kunne kome ut på verandaane sine og lytta.

– Hadde du eit forhold til Prøysen før du kom hit?

– Jajaja, er du galen?! Eg vaks jo opp med det, svarar musikaren, som ikkje synest det er lett å velja ein favorittsong.

Litt skummel busituasjon

Det er ikkje alle som er misunnelege på Thorleif Bratval sin busituasjon, men 21-åringen opplever at det er såpass distansert at han ikkje føler at han bur på ein gamleheim.

Han medgjev likevel at busituasjonen har vore litt ekstra skummel under koronapandemien, trass i at han har mykje plass å boltre seg på.

– Eg har blitt veldig bevisst på forholdsreglar og så har det jo vore smitte på huset. Så det er litt rart, litt skummelt og eg har følt at «er det ikkje litt dumt at eg bur her no?»

Thorleif Bratval har fått Vazelina Bilopphøggers inn med morsmjølka og hadde sjølvsagt billettar til 40-årsfeiringa deira, som vart koronautsett.

Feledraumen på Jevnaker

Saman med dei kjente kjære barnesongane til Prøysen var Øystein Sunde og Vazelina Bilopphøggers viktige musikalske impuls i oppveksten.

– Eg ville eigentleg spele fele, men det var ikkje nokre moglegheiter for å spele fele på Jevnaker, så då melde muttern meg på gitar på kulturskulen. Då var eg vel åtte år eller noko, så eg har vel i grunn spelt så lenge eg kan hugse, seier Thorleif, som ikkje har noko godt svar på kvifor han syntest fele var fascinerande.

Gitaren har vorte med vidare som hovudinstrument gjennom ein bachelorgrad i populærmusikk ved Høyskolen Kristiania.

I seinare tid har norske visesongarar som Odd Nordstoga og Stein Torleif Bjella, vore inspirasjon.

– Eg synest det er artig med litt sånn rural tematikk, litt sånn narrativt også, historier som kan flettast med halvpersonlege ting. Gode setningar med litt sånn finurleg språk. Eg er glad i språk, konstaterer musikaren.

Bygderevolusjon

Allereie som 18-åring skreiv han si første vise, Vise for en sart sjel, som har fått plass på debutalbumet.

– Det var liksom det første eg skreiv, som på ein måte opna den verda. Eg hadde skrive ein del tekst før, men ikkje på ein slik måte.

Men heile plata starta med eit smell med lanseringa av låta Bygderevolusjon.

Teksta er ifølgje jevnakringen ganske svart på kvitt.

– Eg vaks opp på Jevnaker i kanten av Nordmarka. Utafor huset vårt har det vore beite og berre skau, fritt og ope. Og no er dei godt i gang med E16 3-400 meter frå dørkarmen, seier 21-åringen.

Han synest det er litt stusseleg, men har slått seg til ro med at det ikkje er så mykje ein får gjort med det.

– Det er brutalt på ein måte. Skauen ein alltid har vore i som unge, ting som er så etablert. Stiar og steinar og ting som verkar så evig, så kjem dette store maskineriet og berre ”vosj”, så finst det ikkje lenger.

Thorleif Bratval er litt flau for prisen han betalte for Vazelina Bilopphøggers-genseren. Plagget kosta 1600 kroner på auksjon og er det dyraste han eig, til gjengjeld fekk han mange Vazelina-effektar med på kjøpet.

Trikkeførar Bratval

Jevnaker er mykje meir kjend for skøyteløparar og glas, enn musikarar, noko Bratval håpar å gjera noko med.

I desse dagar ferdast han mindre langs E16, men meir langs Oslos gater og trikkeskinner. Ved sida av musikkarierren han jobbar med å stable på beina jobbar han nemleg som trikkeførar, som finansierer plateutgjevinga.

– Det har blitt nokre timar på trikken, stadfestar han.

Allereie under opplæringa hadde han sitt første trafikkuhell, men sidan den gong har det gått på skinner, trass i koronarestriksjonar.

Kampen om trikken

21-åringen har jobba som trikkeførar sidan mars i fjor, få månader etter han fylte 20 år, som er aldersgrensa for trikkeførarar.

Ideen til yrket kom faktisk fleire år i førevegen då han som 16-åring budde på Kampen i Oslo, medan han gjekk på musikklinja på Foss videregående skole.

Thorleif, som er glad i lokalhistorie og har ein tendens til å bruke nokre timar på Wikipedia, fann ut at det hadde gått trikk på Kampen.

– Då blei eg jo nysgjerrig, for det var noko svineri å koma seg rundt der. Det var ikkje så mykje bussar og slikt, seier 21-åringen, som då las seg opp på trikkeførar-yrket.

Då han fleire år seinare trong ein jobb søkte han og fekk to månaders kurs, før han vart sertifisert trikkeførar.

– Det var ein periode det var skule frå tidleg til fire og kveldskurs frå fem til elleve, så då gjekk det ganske unna, ler Thorleif.

I platesamlinga til Thorleif Bratval er det mellom anna Beatles og Stein Torleif Bjella. Snart får han også si eiga plate i samlinga.

Andrealbum på veg

I tillegg til den digitale lanseringa har Thorleif Bratval trykt opp 300 vinylplater, som kosta om lag 20.000 kroner.

– Når eg slepp plate, så må eg jo ha noko å vise til. Det er stas det, seier 21-åringen, som gler seg til å halde plata i hendene.

– Om det ikkje vert suksess så har eg noko å vise barnebarna mine.

Draumen framover er å få spelt ein del konsertar.

– Det hadde vore artig om det vart litt blest rundt det. At folk kanskje har litt interesse av å høyre på det og kanskje kan sitte att med eitt eller anna, seier musikaren beskjedent.

Etter at korona sette kjeppar i jula for den opphevlege lanseringsplanen er han no klar for å gje ut plata si, og han er allereie godt i gong med andrealbumet.

– Det nyttar jo ikkje å gje seg endå, seier Bratval, som skildrar seg som ein evig optimist.


EP-aktuelle Hilde Skaar reagerer på kuttforslag i Vestland. Foto: Martin Bremnes, Warner Music Norway