– Me må ikkje tru at me er upåverka av populisme og krefter som ønsker å undergrava det demokratiske systemet, seier stortingspresident Tone W. Trøen (H) i eit større intervju om tilstanden til demokratiet i Noreg.
mm

Stortingspresidenten meiner den teknologiske utviklinga er det viktigaste som har påverka demokratiet dei siste åra.

Informasjonsteknologien har gjort det lettare og billigare for alle å kommunisera til eit breitt publikum. Samtidig har det vakse fram svært mange ulike kommunikasjonskanalar på nett.

– Det er positivt at fleire deltar i meiningsutvekslingar. Samtidig ser me at den offentlege samtalen har fått konkurranse av veldig mange mindre og meir lukka samtalar der meiningar, idear, kunnskap og også alternative «fakta» blir delte, seier Trøen i eit epostintervju med Framtida.no

Ho påpeikar at demokratiet har kome under press i stadig fleire land. Sentrale demokratiske verdiar og menneskerettar, som ytringsfridom og forsamlingsfridom blir trua, og dei demokratiske spelereglane blir sette til sides av styresmaktene.

– Dette er med på å auka dei politiske spenningane i verda, og det kan me også merka her heime som skarpare motsetnader. Dagleg blir me minna om at demokratiet må forsvarast, påpeikar Trøen.

Me må ikkje tru at vi er upåverka av populisme og krefter som ønsker å undergrava det demokratiske systemet

– Korleis påverkar det som skjer med demokratiet i andre land demokratiet i Noreg, slik du ser det?

– Sjølv om me bur i eit roleg hjørne, med stabile forhold, er det sjølvsagt at me lar oss påverka av det som skjer i land rundt oss. Kanskje spesielt i land som me oppfattar som nære allierte gjennom mange år.

Ho åtvarar oss mot å tru at me er upåverka av populisme og krefter som ønsker å undergrava det demokratiske systemet, anten dei kjem utanfrå eller finst i Noreg. Både innblanding i val og valkampar og kritikk og skepsis til demokratiet og dei demokratiske kjerneverdiane har dukka opp i fleire land.

Statsminister Erna Solberg er ein flittig brukar av sosiale media på telefonen sin. Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Svært mykje pålogga

Professor i statsvitskap og tidlegare leiar av Makt- og demokratiutgreiinga mellom 1998 og 2003, Øyvind Østerud, sa nyleg i eit intervju med Framtida.no at det representative demokratiet har vanskar med å takla debatten på sosiale medium.

Stortingspresidenten meiner det representative demokratiet fangar opp det som skjer på sosiale media.

– Me som er politikarar har tilpassa oss til tempoet og er svært mykje pålogga. Samtidig må demokratiet også ta vare på dei demokratiske køyrereglane som sikrar trygg saksbehandling og at ulike grupper i samfunnet blir høyrde.

Stortingspresidenten seier at det likevel kan vera lurt å spørja seg om kva presset frå sosiale media og det at me alltid er pålogga gjer med politikken og demokratiet.

– Det at ting skjer så raskt kan føra til at enkelte saker med brei appell kan koma i vegen for viktigare og meir kompliserte spørsmål som kanskje ikkje får like stor merksemd.

Det er faktisk ein verdi at vi brukar tid på å bestemma noko

Ho synest det er viktig at dei demokratiske institusjonane og prosessane ikkje totalt underkastar seg eit kjappare medie- og informasjonsbilde.

– Det er faktisk ein verdi at me brukar tid på å bestemma noko. Spørsmål skal vera godt gjennomarbeidde og folk skal ha høve til å seia meiningane sine. Eit diktatur kan avgjera noko raskt utan å spørja nokon om råd. Det kan ikkje eit representativt demokrati, og det vernar me om.

Ekkokammer

Stortingspresident Tone W. Trøen peikar på at ekkokammer og algoritmar har blitt ei vesentleg utfordring for demokratiet.

– Desse har ført til ein meir fragmentert offentleg samtale. Det er ikkje heldig, påpeikar ho.

Dette er òg problem som Øyvind Østerud påpeika i ei nyleg intervju med Framtida.no. Det er no 17 år sidan han la fram Makt- og demokratiutgreiinga.

– Er det behov for ei setja ned ei ny makt- og demokratiutgreiing snart?

– Det gjekk om lag 20 år frå den første til den andre maktutgreiinga, og det kan sjølvsagt vera eit argument for å sjå på ein del av spørsmåla igjen. Mykje har endra seg sidan 2003, og det kan vera klokt å stoppa opp av og til og sjå på korleis samfunnet og institusjonane løyser dei demokratiske oppgåvene; om systemet fungerer som me trur, og som det skal.

Det er klart det finst gode argument for å sjå heilskapleg på demokratiet og på helsetilstanden til systemet

– Samtidig er dette spørsmål som forskarar og andre følgjer opp heile tida. Me har fått mange utreiingar om ytringsfridom, digitaliseringa av samfunnet og mykje anna.

Trøen meiner det er eit politisk spørsmål for heile Stortinget om det i tillegg trengst ei omfattande utreiing, og vil ikkje ta stilling til det her.

– Men det er klart det finst gode argument for å sjå heilskapleg på demokratiet og på helsetilstanden til systemet, legg ho til.

– Mindre oversiktleg

Her i Noreg har det politiske landskapet vore prega av at dei store partia over tid har mista ein del av veljarane sine til fleire og mindre parti.

Stortingspresident Tone Trøen, her på statsbesøk i Ukraina. Foto: Кабінет Міністрів України/Wikimedia Commons/CC BY 4.0

– Det fører til at den politiske situasjonen får større mangfald, og at interessegrupper og parti som profilerer seg på éi eller få saker blir meir synlege, seier Trøen, og held fram:

– Små parti kan koma til å påverka meir enn ein skulle tru ut frå storleiken, fordi dei kan koma i vippeposisjon mellom større parti eller blokker.

Ved kommunevalet i fjor fekk Bompengepartiet mange stemmer i fleire kommunar, etter å ha byrja som ein folkeleg protest mot auka bompengar.

– Det er ein styrke ved demokratiet at frustrerte borgarar stiller til val og blir ein del av den demokratiske prosessen og dermed kan setja agenda og påverkaa politikken, seier Trøen.

Det beste er å visa si misnøye ved neste val, ved å stemma noko anna.

Ingen angreknapp

I Noreg er det stortingsval kvart fjerde år. Kva kan ein veljar gjera viss ein angrar på det ein stemte?

– Burde det vera mogleg å trekka tilbake stemma si frå partiet ein stemte på viss ein ikkje er einig med det lenger?

– Det korte svaret er «nei». Eg trur ikkje det er lurt å legga til rette for at ein midt i ein valperiode kan trekka tilbake stemma si. Det ville vera å snu opp ned på heile det politiske systemet vårt. Det beste er å visa si misnøye ved neste val, ved å stemma noko anna.

– I mange land inneheld grunnlova høve til å skriva ut nyval dersom det blir heilt tydeleg at dei som blei valde ved førre val er heilt på kollisjonskurs med folket, eller dei ikkje klarar å styre på ein god måte med samansettinga nasjonalforsamlinga fekk i valet. Det er ein stor diskusjon som ikkje har vore så aktuell her i Noreg.

Tone W. Trøen understrekar at det er det fleire ting ein kan gjere for å påverka politikken mellom vala:

– Ein kan demonstrera, skrive lesarinnlegg og engasjera seg i samfunnsdebatten for det ein trur på eller melda seg inn i organisasjonar som jobbar for dei sakene ein sjølv synest er viktige.

Skulestreik for klima fredag 24. mai 2019. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Glad for auke valdeltaking blant unge

Talet på eldre aukar, samtidig er det færre unge enn eldre som bruker stemmeretten sin. Korleis kan ein sikra at ungdom framleis blir høyrt i framtida?

– I eit representativt demokrati der fleirtalet bestemmer, vil ein større del eldre kunna føra til at det blir vanskelegare for unge å nå gjennom. Dess viktigare er det at dei unge bruker stemmeretten sin og engasjerer seg politisk, seier stortingspresident Tone W. Trøen (H) til Framtida.no.

Trøen synest det er bra at valdeltakinga blant førstegongsveljarar steig med ti prosent under lokalvalet i 2019, og at auken for gruppa opp mot 30 år også er god.

– Dette er noko me må jobba for at skal halda seg framover. Me veit at det er eit fall i deltakinga blant andregongsveljarar (dei tidleg i 20-åra), og at dei eldre framleis har høgre valdeltaking enn dei unge. Å endra på dette er den viktigaste vegen å gå for å unngå at interessene til dei unge forsvinn frå dei demokratiske debattane og vedtaka, skriv Trøen intervjuet med Framtida.no.

– Samstundes må me minna om at unge, også dei som er for unge til å ha stemmerett, har rett til å delta i demokratiet. Det er mykje dei kan gjera for å påverka og bli høyrt.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Oppdatert: tysdag 8. september 2020 22.57
ANNONSE