Unge Høgre-politikar krev kvinneleg statsråd med minoritetsbakgrunn i Solberg-regjeringa: – Det er på tide

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge Høgre-politikar krev kvinneleg statsråd med minoritetsbakgrunn

– No har regjeringa sitte med makta i sju år og har framleis ikkje hatt ein kvinneleg statsråd med minoritetsbakgrunn, seier Arina Aamir (15).

Ho er styremedlem i Aker Unge Høgre og meiner regjeringa bør gjere meir for å sikra betre representasjon i norsk toppolitikk og er klinkande klar:

– Innan valet 2021 må me ha ein kvinneleg statsråd med minoritetsbakgrunn i regjeringa. Då har Erna site ved makta i åtte år. Det er på tide at me får fleire kvinner med minoritetsbakgrunn opp i slike maktposisjonar.

Inspirert av Kamala Harris

Tysdag 13. oktober var 15-åringen utviklingsminister for ein dag gjennom Plan International Norge sitt «Girls takeover», no meiner ho det er på tide at ei kvinne med minoritetsbakgrunn får fast plass i Solberg-regjeringa.

I ein kronikk i avisa Vårt Land skriv Aamir at Noreg bør la seg inspirere av USA, som med Kamala Harris får sin første kvinnelege visepresident med minoritetsbakgrunn.

«Denne visepresidenten er ikke bare en seier for USA eller for kvinnene, men en seier for de som holdt på å miste håpet og for dem som ønsker å bekjempe rasisme,» skriv Aamir.

Unge Høgre-politikaren meiner det er viktig at Noreg no lét seg inspirera av USA, for å kjempa kampen mot rasisme og diskriminering òg her heime.

– Det er ein aukande tendens til diskriminering og minoritetskvinner vert ofte sett på som nokon som ikkje jobbar og ikkje vil delta, forklarar Aamir.

Kamala Harris er vald til USA sin neste visepresident. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0

Ikkje nok med Raja

Aamir meiner regjeringa har gjort mykje godt for denne gruppa, men at det no er på tide at dei sjølv får bli med å ta avgjerdene som toppolitikarar og statsrådar.

Unge Høgre-politikaren peikar på at kritikken om manglande mangfald i regjeringa stilna då Abid Raja (V) vart kultur- og likestillingsminister, men at det slett ikkje er nok.

– Det held ikkje med ein person med minoritetsbakgrunn, me må få kvinner med minoritetsbakgrunn opp og fram i samfunnet, understrekar 15-åringen.

Mange gode kandidatar

Aamir meiner det ikkje er mangel på unge kvinner med minoritetsbakgrunn på høgresida i norsk politikk som kan ta på seg toppverv. Ho nemner KrFU-politikar Sania Khan, Venstre-politikar Tina Shagufta, samt Høgre-kvinnene Laila Bokhari, Dilek Ayhan, Saida Begum og Afshan Rafiq, (som er mor til Arina Aamir. Red.anm).

Arina Aamir meiner det ikkje manglar på kompetente kvinner med minoritetsbakgrunn på høgresida. Ho nemner mellom anna (frå venstre) Venstre-politikar Tina Shagufta, samt Høgre-politikar Afshan Rafiq, som i 2001 vart første faste stortingsrepresentant med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn og Saida Begum, som var Oslo Høgre sin ordførarkandidat. Foto: Tore Sætre, Oslo kommune/Sturlason og Hans Kristian Thorbjørnsen

Av føregangskvinner nemner Aamir nestleiar i Arbeidarpartiet Hadia Tajik, som var kulturminister i Stoltenberg-regjeringa og Manuela Ramin-Osmundsen, som var barne- og likestillingsminister i ein kort periode før ho måtte gå etter kritikk rundt prosessen med tilsetjinga av nytt barneombod.

Frå venstre: Nestleiar i Arbeidarpartiet Hadia Tajik var kulturminister i Stoltenberg-regjeringa frå 2012-2013, Manuela Ramin-Osmundsen vart i 2007 første kvinnelege statsråd med minoritetsbakgrunn då ho vart barne- og likestillingsminister, medan Kamzy Gunaratnam er varaordførar i Oslo Ap. Foto: Pål Laukli/Tiden Forlag, Iffit Qureshi og Oslo bystyre

Også Oslos varaordførar Kamzy Gunaratnam er eit stort politisk førebilete, som har fått eit så viktig verv i ung alder.

– Oslo Arbeidarparti og byrådet såg ikkje på bakgrunnen hennar, men potensialet. Det er det mange som kan ta lærdom av. Det skal mykje til at eg rosar Arbeidarpartiet, men akkurat der var dei flinke, seier Aamir.

– Erna har her ein jobb å gjera

15-åringen trur at det at kvinner med minoritetsbakgrunn i høge posisjonar i Arbeidarpartiet har bidrege til at dei òg har fått regjeringspostar.

Ho rosar Oslo Høgre for å satsa på Saida Begum som ordførarkandidat ved førre val, men meiner den borgarlege regjeringa no må skjerpe seg.

– Det er mange unge kvinner på høgresida som er godt eigna til ein toppjobb i regjeringa. Erna har her ein jobb å gjera. Regjeringa bør spegle folket, men slik er det ikkje i dag.

Politisk rådgjevar for statsminister Erna Solberg, Hannah Sumeja Atic, svarar på kritikken. Foto: Hans Jørgen Brun, Høgre

– Ikkje for vane å diskutere framtidige statsrådar i media

Framtida.no kontakta Statsministerens kontor med følgjande spørsmål:

– Korleis stiller du deg til kritikken frå Arina Aamir?

– Kvifor har ikkje regjeringa hatt ein kvinneleg statsråd med minoritetsbakgrunn?

– Kjem de til å få ein kvinneleg statsråd med minoritetsbakgrunn i løpet av desse åtte åra? 

Hannah Sumeja Atić (H), som er politisk rådgjevar for statsministeren, svarar slik på kritikken:

– Det er mange dyktige politikarar med minoritetsbakgrunn, og mange av dei vil få ein framtredande plass i norsk politikk i åra som kjem. Statsministerens kontor har likevel ikkje for vane å diskutere framtidige statsrådar i media, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.


Tysdag denne veka farta Arina Aamir (15) rundt i statsrådbilen, medan utviklingsminister Dag Inge Ulstein sat heime i karantene. Foto: Plan International Norge