Far til Malala tvitra om Arina Aamir (15): – Trudde ikkje på det

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg gjekk heilt tom for ord og fekk ikkje fullført setningane mine. Det gruar eg meg veldig til å sjå på tv på laurdag.

Då Arina Aamir Sheikh (15) tok over som utviklingsminister for ein dag sette NRK opp eit møte med hennar største politiske førebilete, Jan Tore Sanner.

Det var eit klart høgdepunkt, som gjorde den elles så veltalande og engasjerte Unge Høgre-politikaren mållaus.

Plan: – Kvinner bør og skal ta plass i toppleiinga

Tysdag denne veka fekk Arina Aamir Sheikh prøve seg i skoa til utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF). Då Framtida.no snakkar med ho på telefon dagen derpå har ho hatt ein nesten like travel dag med intervju og møte i ungdommens bystyre.

Sheikh er ei av ti unge jenter som har fått vere med på «Girls Takeover» i regi av Plan International Norge. Dei har fått prøve deg i sjefsstolane i alt frå det private næringsliv til statsrådpostar.

Generalsekretær i Plan International Norge, Kari Helene Partapuoli. Foto: Plan International Norge

Generalsekretær i Plan International Norge, Kari Helene Partapuoli, meiner at likestillinga i Noreg er kome langt, men framleis ikkje er i hamn.

– Det er færre kvinnelege enn mannlege leiarar, og bransjar som tech og finans slit med å tiltrekkje seg kvinnelege søkjarar. Arina sin nye jobb som utvikligsminister og Rebecca som direktør for Veracity hos DNV GL er viktige for å fremme unge stemmer og vise at kvinner bør og skal ta plass i toppleiinga, seier ho i ein e-post til Framtida.no.

Partapuoli kallar «Girls Takeover» er eit globalt løft for jenter sine rettar, som vert gjennomført verda over i samband med jentedagen 11. oktober.

– Jenter og gutar skal ha like rettar og moglegheiter. Men sånn er det ikkje, sjølv ikkje i Noreg. Skal me oppnå likestilling må me syte for at jenter får moglegheita til å ta innverknadsrike posisjonar og jobbar i samfunnet, på lik linje med gutar, seier Partapuoli.

Generalsekretæren fryktar at koronatiltak som stengde skular og isolasjon kan setje arbeidet for likestilling og jenter sine rettar fleire tiår tilbake.

– Riskikoen for vald, overgrep, barneekteskap og tapt skulegang har auka betydeleg, understrekar ho.

Arina Aamir Sheikh (15) synest det var dumt at ho ikkje fekk møta utviklingsminister Dag Inge Ulstein fysisk, men har sendt nokre meldingar med han på Instagram. Foto: Plan International Norge

Utviklingsminister i karantene

Sidan utviklingsminister Dag Inge Ulstein framleis er i karantene etter at kona testa positivt for korona fekk ikkje Sheikh selskap av sjefen på kontoret.

– Eg skulle ynskje eg fekk møte han på ekte og ikkje berre på Teams, seier tiandeklassingen, som fortel at det var mange digitale møter.

På kontora til utanriksdepartementet var det få personar og mykje digitalt samspel.

– Så er det handsprit og meteren, som av og til er vanskeleg å passa på, forklarar Sheikh.

Uroa for barneekteskap, tvangsarbeid og diskriminering

Frå Teams-møte til Teams-møte, møte med utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide (H), til Stortinget for å møta Mathilde Tybring-Gjedde (H) og ein annan ung representant ho ikkje hugsar namnet på.

15-åringen kasta ikkje bort dagen og fekk lufta mange viktige utviklingssaker. Til Jan Tore Sanner snakka ho om kor viktig det er med pengar til bistand og at Noreg sjekkar at pengane kjem dit dei skal, og ikkje forsvinn i korrupsjon.

Arina Aamir Sheikh meiner Jan Tore Sanner er ein av dei beste politikarane Høgre har. – Måten han ordlegg seg og formidlar bodskapen sin på er veldig inspirerande. Dessutan er han alltid roleg, blid og glad. Han har mange av dei same trekka som Erna, som alltid er jordnær, blid og glad. Foto: Plan International Norge

Sheikh fekk òg snakka om barnearbeid, kor viktig det er at jenter kjem tilbake til ein trygg skulekvardag og barneekteskap.

– Over 13 millioner jenter står i fare for tvangsekteskap på grunn av koronapandemien. Barneekteskap inneber ofte at ein får barn tidleg. 13-14-15-åringar har ikkje kroppen til det eller er fysisk eller psykisk klare for å få barn, understrekar Sheikh som fekk halde eit innlegg om temaet på ein konferanse.

Ho nytta òg høvet til å snakka om likestilling for seksuelle minoritetar, personar med funksjonshemming og religiøse minoritetar i utviklingsland.

– I Pakistan er det ein kristen minoritet som vert diskriminert på grunn av religionen sin. Dei får ikkje jobbar og er ikkje ein del av resten av samfunnet. På same måte som Noreg har laga ein handlingsplan mot muslimhat, må pakistan laga ein handlingsplan mot diskriminering av kristne og andre religiøse minoritetar, understrekar Sheikh, som sjølv har pakistanske røter.

Arina Aamir Sheikh (15) fekk halde innlegg om tvangsekteskap i løpet av dagen som utviklingsminister i Noreg. Foto: Plan International Norge

Kvinner i arbeidslivet

Det var ikkje berre i norske medier Sheikh gjorde seg merka i rolla som utviklingsminister i Noreg. Då ho fekk beskjed om at far til fredsprisvinnar Malala Yousafzai hadde tvitra om ho, trudde ho ikkje sine eigne øyre.

– Det var jo kjempegøy, eg kom rett ut frå eit møte då eg fekk beskjed om at far til Malala tvitra om meg. Eg vart heilt satt ut og trudde ikkje på det. Malala er eit kjempestort førebilete, så at far hennar tvitra om meg er utruleg stort.

Sheikh tykkjer det står godt til med likestillinga i Noreg og peikar på at inntil nyleg var det kvinner som sat i dei tre viktigaste statsrådpostane i landet.

Ho meiner difor det er viktig at Noreg tek på seg leiartrøya i møte med utviklingsland og peikar på kvinner i arbeidslivet som ein viktig faktor.

– Jo større del av samfunnet kvinner blir, jo betre blir økonomien. I Noreg og Sverige er fattigdommen låg og BNP-en høg, men i utviklingsland er kvinner oftast heime medan mennene er ute og jobbar, seier Sheikh.

Statsminister neste

Til neste år håpar 15-åringen at statsministerens stol vert med på «Girls Takeover», sjølv om det allereie sit ei kvinne der. Vidare har 15-åringen allereie byrja å sjå føre seg jusstudier og drøymer om å verte leiar.

– Eg trur nok alle har ein draum om å bli leiar ein gong, men eg får sjå kva slags leiar det vert. Om det vert sjef for eit advokatfirma eller statsråd.


I 2014 fekk Plan International Norge mykje merksemd for kampanjen «Stopp bryllupet». I kampanjen hadde den fiktive 12-åringen Thea ein bryllaupsblogg i forkant av eit arrangert ekteskap med Geir (37). Foto: Plan International Norge