I klårtekst: Kva er antibiotikaresistens og kvifor er alle så redde for det?

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.02.2021 12:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Året er 1927, og du kan døy av kva som helst. Forventa levealder er magre 47 år, og mykje av grunnen er den veldige sjukdomsbuffeten ein kan vere så uheldig å forsyne seg av.

Får du koppar? Å nei. Kolera? Søren. Pest? Takk for meg.

Men i 1928 skjer det noko som skal gjere oddsa dine betrakteleg betre.

Då sat ein 47 år gammal farmakolog i eit mørkt laboratorium ved St. Marys Hospital i London. Alexander Fleming hadde akkurat kome tilbake frå sommarferie med familien, og skulle plukke opp att arbeidet – å undersøkje eigenskapane til stafylokokkar.

Då Fleming reiste på ferie hadde han forlete petriskåler med stafylokokkar på ein benk på kontoret, og noko hadde hendt medan han var vekke.

Alexander Fleming. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Eine petriskåla hadde ved eit uhell vorte forureina av ei muggsopp-spore, og medan Fleming ferierte hadde stafylokokkane delt seg. Men i skåla med muggsopp var det ei bakteriefri sone. Noko i soppen hade drepe bakteriane.

Alexander Fleming hadde oppdaga penicillin, ein type antibiotikum.

Det skulle verte redninga for millionar av menneske!

Men det viser seg etter kvart at antibiotikabruken også har ei bakside…

Kva er ein bakterie?

Lat oss først bryte dette ned: Bakteriar er eincella organismar utan cellekjerne. Bakteriar formeirer seg ved celledeling, og om dei er i eit gunstig miljø kan dei mangedoble seg fort.

Dei er mindre enn det blotte auge klarar oppfatte og finst overalt – i hopetal. Bakteriar finst i kroppen din, på huda di, på mobiltelefonen og på kjøkenbenken. Overalt.

Det er jo også ein indikasjon på at det finst ei rekkje ulike bakteriar, og dei skil seg frå kvarandre på haugevis av måtar. Dei fleste er harmlause, nokre er nyttige, medan andre er farlege.

Medan eín type bakteriar skapar oksygenet som gjer at vi kan puste og leve på jorda, så er ein annan sjukdomsframkallande og kan ta livet av oss.

Men det som kanskje er viktigast av alt, er at bakteriar er tilpasningsdyktige.

Kva er antibiotika?

Antibiotika er eit fellesnamn på medisinar som anten drep bakteriar eller gjer at dei sluttar å vekse. Den mest vanlege typen er penicillin, som Fleming oppdaga på sitt rotete kontor for nesten hundre år sidan.

Antibiotika kan ein anten finne naturleg – som i mugg – eller dei kan verte syntetisk framstilde på eit laboratorium.

Oppdaginga har ikkje berre kurert fleire millionar menneske for infeksjonar, men er også viktig ved til dømes organdonasjon eller for å verne kreftsjuke som har nedsett immunforsvar grunna behandlinga.

Mange sjukdommar kan framleis verte behandla av antibiotika, men legemiddelet har vorte mindre effektivt – fordi bakteriane det kjempar mot har endra seg.

Kvifor har antibiotika slutta å verke?

Bakteriar er som nemnd tilpasningsdyktige, og dei endrar seg raskt. Mange av mutasjonane er ubrukelege eller skadelege for bakterien, men av og til fører ein mutasjon til at bakterien får ein fordel. Den kan betre overleve.

Det er det som har hendt  og framleis hender – med antibiotikaresistente bakteriar.

Det finst fleire mekanismar antibiotikaresistente bakteriar kan bruke: bakterieporane kan verte tette slik at antibiotikumet ikkje kjem inn i bakterien; bakterien kan «kamuflere» proteinet antibiotikumet skal angripe; bakterien kan lage protein som øydelegg antibiotikumet; eller bakterien kan lage pumper og berre pumpe antibiotikumet ut.

Slike mekanismar gjer at antibiotikumet ikkje lenger kan stoppe bakterieveksten – og det har balla på seg.

Når bakteriefloraen vert utsett for antibiotika, vil dei «vanlege» bakteriane døy medan antibiotikumet prellar av dei resistente bakteriane. Då vert det plutseleg meir rom og ressursar att for dei resistente bakteriane, og dei trivst. Då kan desse vidareføre det muterte genet som gjev dei ein fordel.

Di meir antibiotika bakteriar vert utsette for – di større sjanse for at antibiotikaresistens utviklar seg. 

Kvifor utviklar antibiotikaresistens seg?

Det er særleg tre viktige grunnar til at denne antibiotikaresistensen har utvikla seg.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

?Vi brukar for mykje antibiotika

Då antibiotikum først vart oppdaga, så verka det som ei frelsing. «No skal ikkje ein liten bakterieinfeksjon i fingeren drepe folk lenger! Hurra!» tenkte sikkert nokon.

Då er det heller ikkje rart at bruken av antibiotika har skote i vêret.

Problemet med dette er at bakteriar vert stadig meir eksponerte for antibiotika – og då aukar sjansen for at dei kan verte resistente.

Mongolia og Tyrkia er blant dei landa i verda som brukar mest antibiotika med høvesvis 64,41 og 38,18 daglege dosar per 1000 innbyggjar i 2015, ifølgje ein rapport frå WHO i 2018. Noreg, til samanlikning, hadde 16,97 daglege dosar per 1000 innbyggjar same året.

Forbruket av antibiotika i Noreg var aukande frå 2005 til 2012, men frå 2012 til 2018 har forbruket sokke med 24 prosent. Målet i handlingsplanen mot antibiotikaresistens om 30 prosent nedgang, ser likevel ut til å gleppe.

I nokre land er også restriksjonane på antibiotika mykje svakare enn i Noreg, og det vert selt utan resept eller som «førebyggjande tiltak».

Det er likevel ikkje slik at vi først no er klar over at det kan vere farleg å bruke for mykje antibiotika.

Allereie i 1945, kort tid etter han hadde motteke Nobelprisen i medisin, åtvara Fleming om at ein ikkje skal ta lett på å bruke penicillin, fordi det i framtida kan føre til at nokon døyr av ein infeksjon frå ein antibiotikaresistent bakterie.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

?Landbruket brukar for mykje antibiotika

Det er ikkje berre våre eigne kroppar vi pumpar fulle av antibiotika – også i landbruket vert det nytta antibiotika.

Det gjer dei av tre grunnar: for å behandle sjuke dyr, for å sikre at sjukdomar ikkje spreier seg til friske dyr, men også for å få dyr til å vekse seg større fortare.

I nokre land er mengda antibiotika brukt på dyr, fire gongar så stor som den som vert brukt på menneske.

Problemet er her, som med overforbruket hjå menneske, at bakteriane vert utsette for antibiotika i større volum, og det aukar sjansen for at dei utviklar resistens.

Antibiotikaresistente bakteriar i dyr kan spreie seg til menneske gjennom direkte kontakt, gjennom næringskjeden eller gjennom miljøet – dersom gjødsel forureinar drikkevatn, til dømes.

Du har kanskje høyrt om antibiotikaresistent salmonella? Det er ikkje noko særleg.

Noreg utmerkar seg positivt når det kjem til antibiotikaforbruk i landbruket – vi brukar lite samanlikna med andre land. I Europa er Kypros verstingen.

 

 

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

?Legemiddelindustrien investerer ikkje i antibiotika

Så er det legemiddelindustrien. 

Frå 30-talet og utover 70-talet produserte legemiddelindustrien mange nye antibiotika. Dette var lukrative saker, og legemiddelindustrien tente gode pengar på det.

Men frå 80-talet stoppa legemiddelindustrien å investere i antibiotika-forsking. Ein ville ikkje bruke pengar på medisin som skulle brukast i ei kort tidsperiode og med restriksjonar for å unngå resistens.

Då var det meir lukrativt å satse på medisinar som skal vere i bruk over lengre tid, enn ny forsking.

Det er fleire tiår sidan sist ein heilt ny type antibiotikum kom på marknaden. 

Sidan 1990 har 78 prosent av store farmasiselskap kutta i antibiotikaforskinga si.

Nokre mindre farmasøytiske selskap har dukka opp for å drive med antibiotikaforsking, men dei slit med å få hjula til å gå rundt. Det amerikanske selskapet Achaogen, til dømes, måtte erklære seg konkurs berre eit år etter at eine antibiotikumet deira vart godkjent av det amerikanske Food and Drug Administration.

Det syner kor stor ei utfordring det er å framstille nye antibiotika utan at dei såkalla Big pharma er med på laget.

Men pengar løyser heller ikkje alt. 

Det vert for enkelt å rette peikefingeren mot legemiddelindustrien, og skulde dei for å ikkje ville utvikle nye antibiotika fordi dei ikkje tener seg styrtrike på det. 

Det er også vanskeleg å utvikle nye antibiotika, og det tek tid. 

Ei av utfordringane er å finne eit kjemikalie som drep bakteriar, utan å samstundes vere skadeleg for menneske

Forskarar kan bruke fleire år på å teste ulike kjemikaliar, kjemikaliekombinasjonar og måtar å svekke bakteriar. Når ein først finn ein lovande antibiotikakandidat, så må den verte testa på bakteriar, og i neste steg også kor vidt den kan verke skadeleg for menneske. Kliniske studiar tek årevis.

Det som verkar lovande i første ledd, kan verte kasta i neste. 

Kvifor er antibiotikaresistens skummelt?

Er det så farleg med antibiotikaresistens då? Ja.

Verdas helseorganisasjon (WHO) har slått fast at antibiotikaresistens er ein av dei største helsetrugslane verda står overfor. Grunnen til det er ganske enkel:

Fleire vil døy.

Antibiotikaresistens er spådd å ta livet av fleire folk enn kreft i 2050. Heile 10 millionar menneske kan døy kvart år.

Men konsekvensane let heller ikkje vente på seg i 30 år – allereie no finst det antibiotikaresistente bakteriar som vi slit med å handtere.

Sjølv om Noreg er eit av landa med lågast førekomst av antibiotikaresistens, så kan også nordmenn verte smitta av ein antibiotikaresistent bakterie, dersom ein er på ferie i utlandet og vert lagt inn på sjukehus med dårlegare hygiene og høgare førekomst av resistente bakteriar, enn det vi har i Noreg.

Ein rapport frå det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention viser at 2,8 millionar antibiotikaresistente infeksjonar førekjem i USA kvart år, og at meir enn 35,000 menneske mistar livet som følgje av dei.

På verdsbasis mistar 700 000 menneske livet kvart einaste år, på grunn av antibiotikaresistens.

Kva kan ein gjere?

Det er ikkje slik at alt håp er ute, men nokre avgjerande grep må ein ta.

?Vaksiner

Dette høyrest kanskje sjølvmotseiande ut, sidan flesteparten av vaksiner er retta mot virussjukdomar, som antibiotika ikkje har noko effekt på (trass i at nesten halvparten av europearar trur det).

Men det finst faktisk vaksiner mot bakteriar òg! Som barn fekk du truleg ei rekkje vaksiner, mot til dømes stivkrampe, kikhoste, difteri og bakteriell lungebetennelse. Eller kanskje du har vorte tilrådd å ta «russevaksinen» – den mot hjernehinnebetennelse? 

Alle desse er vaksiner mot bakterielle infeksjonar. 

Nokre av dei er det tilrådd at ein gjentek kvart tiande år, sidan immuniteten ikkje varer så lenge. Vaksinen mot kikhoste er ei av dei, og kvart einaste år får fleire tusen nordmenn kikhoste, som lyt verte behandla med antibiotika. 

Det er viktig at du passar på at vaksinene dine er påfylde, for då vil du mest sannsynleg ikkje verte sjuk og då slepp du ta antibiotika for å verte frisk. 

Vaksiner mot virus har òg ein effekt i kampen mot antibiotikaresistens, men på ein meir indirekte måte. 

For å ta eit dagsaktuelt døme: Verdas helseorganisasjon tilrår at ein tek influensavaksinen, både som vern mot influensa og som eit verkemiddel mot antibiotikaresistens. Dette fordi det er vanleg å få bakteriell lungebetennelse etter influensa, og behandlinga mot det er antibiotika. 

Så, dersom du tek influensavaksinen kan du unngå å verte sjuk (og om du likevel vert sjuk, kan sjukdomsforløpet verte mykje mildare), du unngår risikoen for ein påfølgjande bakterieinfeksjon og du unngår antibiotikabehandlinga. 

Vi treng heller ikkje nøye oss med dagens utval av vaksiner – det er framleis rom for å utvikle fleire! Verdas helseorganisasjon har sagt at det vitskapelege samfunnet lyt prioritere dei nye vaksinene som vil ha størst påverknad på antibiotikaresistensen, og investere i desse.

Vaksiner har også hatt gode følgjer i landbruket: Vaksiner i den norske fiskeoppdretten har til dømes ført til at bruken av antibiotika er redusert med 99,9 prosent målt i kilo totalt forbruk frå 1987 til 2019, trass i at produksjonen er mangedobla!

?️‍♂️Nye løysingar

Det er òg forsking på nye teknologiar som kan møte antibiotikaresistente bakteriar. Eit døme er såkalla bakteriofag-terapi.

Ein bakteriofag er eit lite virus som drep bakteriar utan å påverke menneske. Desse bakteriofagane vart oppdaga for hundre år sidan – før antibiotika – men dei vart fort lagde vekk etter antibiotikaa kom på marknaden.

Håpet er at desse bakteriofagane på sikt kan hjelpe oss med å nedkjempe bakterieinfeksjonar, ved at dei målretta drep skadelege bakteriar i kroppen.

Problemet er at bakteriofagar er kresne, og ein må difor vete akkurat kva virus ein kan bruke på ein gitt infeksjon. Det gjenstår difor ein del forsking på feltet før desse små snikskyttarane kan verte nytta i stor skala.

?‍?Utvikle nye antibiotika

Vi treng nye antibiotika.

Eit av dei store problema for antibiotikaforskinga har til no vore finansiering – det er lite pengar i gode antibiotika, for sjølv eit nyutvikla antibiotikum lyt verte brukt under kontrollerte former for å hindre framtidig resistens.

Men det finst måtar å gjere det meir lukrativt.

Eit av forslaga er å opprette eit internasjonalt institutt for antibiotikaforsking og -utvikling, ala samarbeidet i Human Genome Project.

I England testar det statlege helsevesenet National Health Service eit såkalla «antibiotikaabonnement».

I staden for å betale etter kor mykje antibiotika dei kjøper frå legemiddelselskapa, så skal dei betale etter kor nyttig antibiotikumet er.

Då kan det verte meir interessant for legemiddelselskapa å investere i antibiotikaforsking, for dei vil få betalt sjølv om ein ikkje skriv ut fleire millionar reseptar.

❌Kontrollere bruken av eksisterande antibiotika

Det er ikkje slik at dersom du sjølv brukar lite antibiotikum, så er du trygg. Dersom du vert infisert med ein antibiotikaresistent bakterie, så er det fullstendig likegyldig at du sjølv har plettfri anitbiotikavandel.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Vi lyt på verdsbasis bruke mindre antibiotika, og det vi brukar lyt vi bruke på rett måte.

Dette er det aller viktigaste enkeltgrepet for å hindre at antibiotikaresistens spreier seg.

Det gjeld både for menneske og i landbruket.

Det betyr at du dersom du først treng ein antibiotikakur, så skal du følgje råda frå legen og aldri dele antibiotika med andre.


Øvrige kjelder som er nytta som bakgrunn til saka, og som kan vere nyttige dersom du vil vete meir om antibiotikaresistens: Verdas helseorganisasjon, Folkehelseinstituttet, UiO, Antibiotika.noCDC, Store Norske Leksikon

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen