Slik kan du få tida til å gå i karantene

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er gode sjansar for at du har litt ekstra fritid framover, anten det er fordi skulen er stengd, du sit i karantene eller at alle arrangement og planar du hadde er avlyste.

Her kjem Framtida.no sine beste tips til korleis du kan fylle timane:

Podkast

Det finst nesten endelaust med podkastar, og då kan det vere vanskeleg å vete kvar ein skal byrje å lytte. Frykt ei, Framtida.no har anbefalt sine favorittar frå ulike kategoriar! Her er noko både for dei som vil morast og dei som vil kjenne pulsen rase og gåsehuda krype opp armane.

Om podkastar ikkje er di greie, så kan du alltids lytte til ei av desse 12 gode sakprosabøkene!

Bøker

Bli inspirert av bøkene norske forfattarar sjølv les! I spalta «I bokhylla» får du vete kva bøker som fekk tårene til å trille eller latteren til å runge, kva bok som ligg på nattbordet og ventar akkurat no og kva bokkarakter forfattarane kjenner seg mest att i.

(På nattbordet til Maria Navarro Skaranger, som har skrive filmaktuelle Alle utlendinger har lukka gardiner, ligg til dømes Kjetil S. Østli si bok Politi & Røver!)

Sjølv om ein ikkje kan pakke kofferten og reise til utlandet, så kan ein framleis oppdage ei ny verd: Erlend Skjetne har anbefalt ti bøker frå alle verdshjørne!

boktips frå kjendisar som Kjetil Jansrud, Emilie Nicholas og Carl Martin Eggesbø her. Eller kanskje du heller vil ha boktips frå Sophie Elise? Det har vi òg!

Framleis på leit etter tips? Slå deg laus:

Ta òg ein dukkert i bokmelding-arkivet!

⁉️ Quiz

Du har lett nokre timar underhaldning om du tek fatt på Framtida.no sitt quizkvelv!

Der finst noko for dei fleste. Likar du best generelle quizar, om geografi, historie eller litteratur?

Eller vil du helst teste språkøyret ditt? Du kan du boltre deg i desse quizane:

Her kan du finne fleire titals quizar!

? Musikk

Kvifor ikkje bruke tida til å oppdage nye artistar og låtar?

I «Musikkdagboka» får du tips frå norske musikarar! Har du til dømes høyrt om Ibeyi, The Internet eller Jhene Aiko? Dei er alle på topplista til Akuvi!

Elles kan du alltids snoke på kva vi i Framtida.no-redaksjonen lytta mest til på Spotify i 2019, eller blade deg gjennom musikktips-arkivet frå Urørt-vinnar Jon Olav!