Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Simon og homosapiens-agendaen av Becky Albertalli

16 år gamle Simon er homofil, framleis i skapet og forelska i nokon han ikkje veit kven er. Men når ein klassekamerat trugar med å publisere e-postane mellom Simon og Blue står plutseleg alt i fare. Ikkje berre hans eiga hemmelegheit, men òg venskapet med Blue.
Denne boka handlar meir enn noko anna om forelsking og venskap, og er relaterbar for alle uavhengig av seksualitet. Sjølv om det er ei «ut av skapet»-forteljing, er det ikkje hovudtemaet i boka, ei heller ein stor problematikk. Fokuset ligg i staden på den første store forelskinga. Boka er nyleg filmatisert som «Love, Simon», og stiller òg det interessante spørsmålet om kvifor ikkje alle må komme ut av skapet med identiteten sin.

If I Was Your Girl av Meredith Russo (Engelsk)

Amanda Hardy er ny på skulen. Som alle andre ønskjer ho å ha vener og å passe inn, men samstundes held ho andre på avstand. Amanda har nemleg ein hemmelegheit. På sin førre skule var namnet hennar Andrew. Når Amanda møter Grant, er ting annleis. Ho vil sleppe han nærare, og dele fortida si med han. Men ho veit ikkje korleis han kjem til å takle det, og er redd for at det skal øydelegge alt.
Denne boka er ei av få ungdomsbøker om transpersonar, og ei av enda færre som er skrive av nokon som sjølv er transperson. Kanskje er det difor denne boka har fått så god kritikk. Her er det ingen tvil om at forfattaren forstår seg på tematikken, og boka blir difor spesielt interessant for dei som vil lære meir om korleis det er å vere ung transperson.

Half Bad av Sally Green

Nathan er 17 år gamal og heks. Heksene i Europa er delte inn i to grupper: Dei kvite heksene, som er majoriteten, og dei svarte heksene, ei undertrykt gruppe som blir avskrevne som onde. Nathan er den einaste av sitt slag: halvt kvit og halvt svart heks. Han veks opp med kvite hekser, men blir mishandla fordi han er halvt svart.
Med det første kan tematikken med at kvit er bra og svart er ondt høyrast ut som ein klisjè. Men dette er nettopp det serien forsøker å bekjempe og ein finn raskt ut at godheit og ondskap eksisterer uansett kva fargekode heksene har.
Seksualitet er eigentleg ikkje eit eige tema i denne urban fantasy-serien, men LHBT-karakterar er sterkt representerte i bøkene. Samstundes har serien eit stort fokus på identitet og fordommar, noko som lett kan sjåast parallelt med både rase, seksualitet og andre tema kring identitet.

Som ild av Sara Lövestam

Anna og Lollo er på ferie på den samme øya i Stockholmsskjærgården, men dei to jentene er veldig forskjellige. Anna er der på si nedslitne hytte med sin slitne far, medan Lollo er der med sin fine familie, i eit flott feriehus med fine båtar. Men Anna og Lollo finn kvarandre for det om, og legg merke til kvarandre allereie på ferja over til øya. Så treff dei kvarandre på brygga, og Lollo blir med Anna på båttur. Derifrå blomstrar forelskinga.
Anna er open om sin seksualitet, medan Lollo oppdagar si interesse for jenter først denne sommaren. I denne boka finn du vanskeleg forelsking, det å finne og akseptere kven ein er, samt to jenter som finn kvarandre trass alle tinga som skiljer dei.

Les også: – Er det noko stress å vere skeiv i dag?

Let’s Talk About Love av Claire Kann (Engelsk)

19 år gamle Alice går på college og er ute av skapet. Men berre som bifil. At ho er aseksuell er noko ho for det meste held for seg sjølv. Ho mista den førre kjærasten sin på grunn av aseksualiteten sin, og har ikkje lyst å oppleve det samme fleire gonger. Alice ønskjer verkeleg å oppleve den store romansen, som dei gjer på film. Men ho er ikkje interessert i å ha sex, og alle andre verkar å tru at kjærleik og sex går hand i hand. Når ho så møter Takumi, som finn vegen inn i hjartet hennar, veit ho ikkje kva ho skal gjere. Kva om han reagerer som alle andre har gjort?
Aseksualitet er eit underrepresentert tema i underhaldning generelt, og denne boka er ei av få som omtalar det direkte.

Les også: – Heia kjærleiken! Heia bygdepride!
Les også: Bokgåve skal hjelpa Sunnfjord-elevar til å halda på nynorsk