I bokhylla: Maria Navarro Skaranger er flau over at Twilight gjorde inntrykk i ungdommen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar Maria Navarro Skaranger gjorde braksuksess då ho debuterte som forfattar i ein alder av 20 år. For Alle utlendinger har lukka gardiner fekk ho Tarjei Vesaas’ debutantpris og 6. mars er det verdspremiere på filmversjonen av boka.

Nyleg fekk 25-åringen også Bjørnsonstipendet, som går til eit ungt og lovande forfattarskap.

Akkurat no er forfattaren heime i mammaperm og brukar difor tida på andre ting enn lesing, men me fekk ein kikk inn i bokhylla hennar.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Politi og røver!

Kva bøker les du helst?

Les nok helst romanar, vil gjerne lese meir dikt. Kvifor gjer eg ikkje det eigentleg?

Kor les du?

Les heime, av og til på bussen.

Desse bøkene fekk Maria Navarro Skaranger til å grine, le, bli sint og tenkje.

Kva bok vart lesen til deg som liten?

Leste Lilledraugen, Inger Hagerup, Ringenes Herre, Gro Dahle, Paal Brekke. Mamma las høgt!

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Twilight? Ja, den gjorde inntrykk, det blir eg litt flau av. Ringenes herre har vore viktig for meg. Seint i tenåra las eg Thomas Espedal, det gjorde STORT inntrykk.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Ringenes herre!

Kva meiner du gjer ei bok god?

Vanskeleg spørsmål, akkurat no er det viktig for meg at språket i ei bok ikkje er «for polert» (gjennomarbeidd, stramt, flinkt).

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Eg kjenner meg igjen i hovedpersonen i Kjersti Skomsvolds Barnet.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Roberto Bolaño og Lucia Berlin!!

Amerikanske Lucia Berlin fekk stor suksess i 2015, elleve år etter sin død. Skaranger, som sjølv er halvt chilensk, er også glad i chilenske Roberto Bolaño (1953-2003) som er ein av dei viktigaste søramerikanske forfattarane. Foto: Buddy Berlin/The Estate of Roberto Bolaño

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Roberto Bolaño.

Kva av bøkene dine ville du sett filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Alle utlendinger har lukka gardiner, sjølvsagt, og den blir jo til film no! Karen Øye har hovudrolla, ingen andre kunne hatt den! Bok om sorg må og skal aldri komme på film.

Maria Navarro Skaranger

Alder: 25

Frå: Oslo

Yrke: Forfattar

Lesemengd: No les eg lite fordi eg har ein baby. Kanskje eg les 10 bøker i året?