Fem bøker om mental helse

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 29.07.2018 00:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fangirl – Rainbow Rowell

Cather og tvillingsøstera Wren skal byrje på College. Dei to har alltid budd på samme rom, og har til no gjort alt saman. Men no vil Wren at dei skal bu på forskjellige rom, og møte nye folk. Så Cather må dele rom med Reagan, som er tøff og sjølvstendig og seier det ho meiner. For Cather er det vanskeleg å stige ut av komfortsona utan Wren. Ho har sosial angst og det er mykje som er vanskeleg for henne. Som det å ete middag i matsalen, eller å prate med nye folk. Ho har fått plass i ein skriveklasse for vidarekomne, men professoren er ikkje nøgd med det ho leverer, og ønskjer at Cather skal skrive heilt eigne ting. MenCather vil berre skrive fanfiction om bokserien ho elskar. Det gjer ho på internett, der det er mange som les og elskar det ho skriv. Og så er det Levi, då. Som kanskje eller kanskje ikkje er kjærasten til Reagan, og som ikkje eingong les bøker.

Fangirl viser ei jente som alltid har hatt nokon å lene seg på, men som no må finne seg sjølv åleine. Cather har sosial angst, og ein far som er bipolar. Og når ho møter vanskelegheiter er det lettast å trekkje seg tilbake og gi opp. Cather representerer nok noko mange kan kjenne seg igjen i, spesielt i alderen då ein flyttar heimanfrå og det er mange endringar i livet.

Depression and Other Magic Tricks – Sabrina Benaim (Engelsk)

Dette er ei diktsamling av slam-poeten Sabrina Benaim. Diktet hennar “Explaining My Depression to My Mother” gjekk viralt for nokre år sidan, og har vorte sett over 7 millionar gonger på Youtube. I debuten skriv Benaim om både mental helse, familie og andre relaterbare ting. Ho nyttar både humor og sterke metaforar i dikta sine, og har ein kontroll over språket sitt som ein sjeldan ser. Desse dikta lever eigne liv på sida.

Diktsamlinga handlar ikkje berre om dei vanskelege tinga, men òg om dei små sigrane i kvardagen, samt dei større gledene. Dikta er fantastiske i skriftform, men dei er hovudsakleg skrivne for å framførast. Difor bør ein òg sjekke ut dei dikta som ligg på Youtube, for Benaim har ei herleg formidlaremne når ho står på scena.

Les òg: Dikta til Danez Smith får nytt liv i norsk antologi

Fordelene ved å være veggpryd– Stephen Chbosky (Engelsk)

Charlie byrjar på High School. Han er sjenert, introvert og sosialt klønete og må no prøve å finne vegen i heilt nye situasjonar blant nye menneske. Charlie har alltid heldt seg på sidelinja, men når han møter Patrick og stesøstera hans, Sam, blir han dratt vekk frå veggen og ut på dansegolvet. Patrick og Sam er begge avgangselevar, og introduserer Charlie for nye opplevingar. Han byrjar å eksperimentere med røyking og alkohol, og blir raskt forelska i Sam. Samstundes opplever han tilbakeblikk av Tante Helen, som døydde i ei bilulykke.

The Perks of Being a Wallflower er ein moderne klassikar frå 1999. Den vart filmatisert i 2012, med forfattaren sjølv som regissør. Boka har vore bannlyst ved fleire skular i USA grunna tematisering av rus, sex og mental helse. Boka vart omsett til norsk i 2013, men ser ut til å vere ute av print, og kan difor vere vanskeleg å få tak i. 

Les òg: Fem bøker du bør lese i sommar

Without Merit – Colleen Hoover (Engelsk)

Merit samlar på andre folk sine trofé, og motvillig på andre sine hemmelegheiter. Merit sin familie er langt frå normal. Først og fremst bur dei i ei kyrkje. Så er det mora, som har vore kreftsjuk, og som bur i kjellaren og ikkje vil forlate den. Og faren, som gifta seg med sjukepleiaren til mora, og fekk ein son med henne. I tillegg har Merit ein eldre bror og ei tvillingsøster som begge er perfekte. Merit passar ikkje saman med nokon av dei. Men så møter ho Sagan, som er eit lys i tunellen, heilt fram til ho oppdagar at han er utilgjengeleg.

Etterkvart som livet hennar blir mørkare og mørkare, blir ho lei av å halde på alle andre sine hemmelegheiter. Ho når bristepunktet og vil gi slepp på alt. 
Without Merit er ei forteljing om depresjon, ein dysfunksjonell familie og den veldig relaterbare følelsen av å ikkje alltid passe inn og å ikkje bli sett.

Skilpadder hele veien ned – John Green

Aza lever med fleire angstlidingar, blant dei tvangslidinga OCD. Samstundes prøver ho å gjere alt rett. Vere ei god datter, ein god ven og ein god student. Men det er vanskeleg når tankane motarbeidar alt. Besteveninna hennar, fanfiction-skribenten Daisy, vil at dei skal leite etter ein sakna milliardær for å få den utlova belønninga for informasjon om kvar han er. Sonen til milliardæren, Davis, er ein gamal ven av Aza, og ho og Daisy reiser for å finne han. Når dei gjer det inngår han og Aza eit forhold. Men Aza sine tankar kjem i vegen for alt, inkludert forholda mellom både henne og Davis og henne og Daisy.

John Green er mest kjend for braksuksessen Faen ta skjebnen, som kom ut i 2012. Skilpadder hele veien ned er den første boka han har skrive sidan, og han har uttalt at sjølv om historia er fiksjon, er den samstundes veldig personleg, då han sjølv har levd med angst.

Les òg: Fem kroppspositive ungdomsbøker