Podkastane som gjev deg store spørsmål (og nokre overraskande svar)

Nokre podkastar gjev deg svar på spørsmål du ikkje visste du hadde. Kanskje er ein av desse noko for deg?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdibørsen

Dette faste P2-programmet har du mest sannsynleg pensa innom på eit tidspunkt. Verdibørsen stiller spørsmåla du ikkje visste at du lurte på (Hadde Judas fri vilje?), og tar opp spørsmål som er dagsaktuelle (Kan ein løyse klimakrisa med demokratisk styreform?).

Anbefalte episodar: Sannhet, Vårt liv med skjermen, Nøkternhet og Bør vi kreve retten til latskap, fremfor retten til arbeid?

Reply All

Programleiarane i Reply All tek føre seg alt om internettkultur, memes og kvardagen på nett.

Der er nokre faste innslag, som segmentet «Yes, Yes, No» der programleiarane Alex og PJ forklarar internettfenomen, men elles er det stor variasjon mellom episodene.

Nokre går grundig til verks og kjem til botnen av ei sak, medan andre er meir eksperimentelle.

Har du nokosinne lurt på kven som sit i andre enden under ein telefonsvindel? Ein av journalistane i Reply All ville nøste opp i svindelsamtalane som tikka inn på telefonen, og i episode 102 og 103 kan du følgje ferda heilt til India, på leit etter dei som ringer.

I episode 130 The Snapchat Thief har Lizzie teke kontakt med Reply All på jakt etter litt «Super Tech Support», fordi nokon har teke over Snapchat-kontoen hennar, og ho har motteke trugslar på melding. Kven har hacka kontoen, kvifor og korleis kan ho stoppe dei?

Revisionist history

I denne podkasten kastar journalist og forfattar Malcolm Gladwell eit nytt blikk på aksepterte sanningar og misforståtte hendingar frå historia.

Episodane tek føre seg alt frå korleis grammatikk kan får enorme følgjer for korleis ei lov vert tolka, til kor mykje ein kan lite på sitt eige minne, og kvifor Toyota i 2009-2010 tilbakekalla ei rekkje bilar.

Særleg god er episode-triologien frå sesong 1 som tek føre seg det amerikanske utdanningssystemet. Den startar med episoden Carlos Doesn’t Remember og endar med My Little Hundred Million.

Samt dei to første episodane frå fjerde sesong, der Gladwell utfordrar assistenten sin Camille til å ta opptaksprøva til juss-studiet. Kven har ein fordel: Gladwell som er ein akademisk skilpadde (han arbeider seint, men grundig) eller Camille som er ein hare, ho maktar ta avgjersler raskt?

Philosophize this!

Skal ein sjølvstyrande bil ta livet av to av passasjerane sine eller to fotgjengarar? Er det rett å ete dyr når ein vel så godt kan livnæra seg med plantekost? Ein arbeidslaus filosof ville kanskje sagt at dei filosofiske spørsmåla hopar seg opp som aldri før.

Podcast-vert Stephen West losar deg gjennom filosofihistoria, og kjem ganske sikkert til å utfordra ei rekke ting du såg på som gitte sanningar. West koker ned tunge originaltekstar til enkle idear du kan relatera deg til.

Anbefalte episodar: #072 – Insecurity, #090-093 – Nietzsche, #108-114 – Frankfurt-skulen, #121-123 – Foucault.

Radiolab

Kva er verdas smartaste dyr? Er nokre idear for farlege til å diskutera?

Radiolab tek alltid opp nye spanande tema og gjev deg nye perspektiv på dei. Dei faste programleiarane Jad Abumrad og Robert Krulwich har ein lettbeint tone som inviterer lyttaren inn i diskusjonane.

Ikkje minst er dei flinke på å invitere andre flinke folk inn for å bidra.

Nokre av episodane som verkeleg sit er dei tre episodane som heiter «In the No». Episodane tek utgangspunkt i då reporter Kaitlin Prest undersøkte samtykke gjennom ekstremt personleg og hardtslåande radio. Du vil aldri høyre Elvis Presley songen «Don’t» på same måte igjen.

Anbefalte episodar: In the No Part 1 (…og 2 og 3)