Sophie Elise sine beste boktips

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg og sambuaren min les dei same bøkene og stryk under dei tinga me likar. Me stryk alltid under heilt ulike ting. Eg stryk under litterære verkemiddel og setningsoppbygging. Han strekar under ting han skal hugse, forklarar Sophie Elise Isachsen.

Framtida.no møter ho etter at ho har delteke på  lanseringa av sakprosabladet Prosa, som dette nummeret set fokus på bloggboka, for er bloggerboka vår tids memoar?

Harry Potter-generasjonen

– Eg vil ikkje seia det er ein roman, eg vil ikkje seia det er ein biografi. Eg vil seia det er ein roman-ish sjølvbiografi, seier Sophie Elise om sjangeren ho skriv.

Ho definerer seg som ein del av Harry Potter-generasjonen og fortel at lesing er ein hobby, som òg inspirerer ho i eige arbeid.

Under debatten løfta Sophie Elise fram Søskenkjærlighet av Katarina von Bredow fram som ei tidleg lesaroppleving, som har vore viktig for korleis ho har lese og skrive seinare.

– Det sette tona for kva eg likte å lese. Og det er framleis slik at eg berre likar å lese mørke, litt galgenhumorbøker.

24-åringen vert av sin eigen redaktør skildra som ein kresen lesar. Tidlegare i år la ho ut ein bloggpost og Youtube-video med sine beste boktips, som er sett over 25.000 gongar.

Når ho vert utfordra på å dra fram dei beste bøkene ho har lese ramsar ho opp:

  • Unnskyld – Ida Hegazi Høyer
  • Man’s search for meaning – Viktor Frankl
  • Muleum – Erlend Loe
  • Women – Charles Bukowski

Bloggaren dreg fram dialogen og skrivestilen som noko av det ho set pris på med Women, medan humoren er det ho set pris på med Muleum.

– Den var enkel, morosam, mørk. Eg likte at ein kunne snakka om sjølvmord og død på ein måte som er veldig enkel. At det kan vere både jævlig kjipt og morosamt.

– Ei bok er meir viktig

Bloggaren meiner bloggar er «lett underhaldning», som kan fungere som ein ven eller kjelde til inspirasjon.

– Ei bok er annleis. Ei bok er noko som verkeleg kan forma deg og vere med deg gjennom livet. Ei bok kan du ta opp att og lesa når du treng det, seier 24-åringen, og fortset:

– Med ein blogg veit du aldri heilt kva du får. Det kan vere litt reklame, det er ikkje alt som appellerer til deg, men ei bok er meir viktig.

Les også: – Mange dårlege blogg- og kjendisbøker

– Eg visste berre at eg ville skriva om meg, for det var det eg kunne, seier Sophie Elise Isachsen om debutboka «Forbilde».