Frå Lars Vaular til Aretha Franklin – dette høyrde me på Spotify i 2019

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Globalt er Post Malone den mest spelte artisten på Spotify i år. På andreplass kjem Billie Eilish, framfor Ariana Grande, Ed Sheeran og Bad Bunny.

Det avslører Spotify i si årlege oppsummering.

Dei mest spelte låtene i 2019:
1. Senorita – Camila Cabello, Shawn Mendes
2. bad guy – Billie Eilish
3. Sunflower – Post Malone, Swae Lee
4. 7 Rings – Ariana Grande
5. Old Town Road – Remix – Lil Nas X, Billy Ray Cyrus

Dei mest spelte albuma i 2019:
1. When We All Fall Asleep, Where Do We Go? – Billie Eilish
2. Hollywood’s Bleeding – Post Malone
3. thank u, next – Ariana Grande
4. No. 6 Collaborations Project – Ed Sheeran
5. Shawn Mendes– Shawn Mendes

Når det nærmar seg jul kjem Spotify også med oversikta over kva akkurat DU har lytta mest til i året som gjekk. Ditt år oppsummert – og her kjem alle guilty pleasures for ein dag.

Dette var det Framtida-redaksjonen høyrde i hel i 2019:

Ingvild Eide Leirfall: Før me dykkar ned i dette: eg har delt Spotify-brukar med mannen min.

Då eg såg lista tenkte eg at dette er heilt krise. Det ser ut som me er tretten år. (me er 26 og 31)

Men me høyrte i alle fall på 4679 ulike songar, artistar frå 63 ulike land og oppdaga 701 nye artistar, ifølgje Spotify.

Så topplista er Lonely – Alan Walker. Walker var også artisten me lytta mest til. Og som eg oftast har trykka «next» på, ifølgje min eigen statistikk. Men Lonely, er ganske kul når du spolar deg litt fram og ISÁK kjem inn!

Nummer to og tre: Lay by me – Ruben og Mother – Ina Wroldsen

Nest mest spelte artist: Vår nest mest spelte artist er Lady Gaga: og det er hundre prosent på grunn av filmen A star is born. Der vart begge i husholdninga bitt av basillen og har dratt Shallow fjorten gongar for mykje på karaoke, og kan Always remember us this way framlengs og baklengs.

Tredje mest spelte artist: Philter. Mannen sin favoritt, men som også har bevegd seg over i mine spelelister. Deilig, chill, drøymande, norsk, filmaktig musikk.

Artist of the decade: Sjølvsagt og for alltid: Susanne Sundfør <3
Der er hushaldinga heilt samde.

Andrea Rygg Nøttveit: Eg elskar når Spotify-listene for året som har gått kjem, for då kan eg starte på ein ny runde med å høyre i hel songane eg sleit ut for fleire månadar sidan og som minner meg om sommar og sol!

I tilsaman 15.304 minutt høyrde eg på artistar frå 32 ulike land. Eg oppdaga 469 nye artistar og éi av desse satte verkeleg avtrykk i spelaren.

På toppen av lista over mest spelte låter i 2019 er Kroppsspråk – Lars Vaular. Då Vaular sleppte låten i vår var det soundtracket mitt uansett kor eg gjekk.

Nummer to og tre: Eg kasta meg over Beyoncé-plata Lion King: The Gift, som kom i forkant av den forferdelege nye live action-versjonen av Løvenes Konge. MY POWER er alt du vil ha av ein power-song og DON’T JEALOUS ME får meg til å tru at eg kjem straight outta Africa<3

Eg gledde meg heilt vilt til all den kule musikken i nye Lion King, men vart skuffa då den einaste musikalske nyvinninga var SPIRIT, som var den einaste låta eg trykka «next» på.

Mest spelte artist: Her trona nykommaren Lizzo øvst på trona. Eg har høyrt på ho i 13 timar og songen som har runga høgast og oftast er Juice.

Nest mest spelte artist: Beyoncé. Trass i at mange av favorittane ikkje ligg på Spotify tronar Queen B øvst på lista.

Tredje mest spelte artist: Her kjem det unge, lovande Lil Halima frå Bardu, som er ein noko så sjeldan som ein skikkeleg sjelfull R&B/soul-artist frå indre Troms.

Artist of the decade: Stein Torleif Bjella. For ein heidersmann <3

Bente Kjøllesdal: Eg har Spotify heilt for meg sjølv, så kan ikkje skulde på andre om der dukkar opp noko som er litt flautt (Hallo, Toto sin Roseanna).

Det er alltid like fascinerande når årslista kjem, men eg trur aldri heilt på at den er nøyaktig. Har eg verkeleg høyrt meir på Love really hurts without you av Billy Ocean enn Redbone av Childish Gambino? Verkeleg?! (Ja.)

Uansett, eg oppdaga 354 nye artistar frå 31 ulike land, og høyrde på Spotify i 12.844 minutt.

Låten eg spelte mest i 2019 var Janelle Monáe sin Americans. (Og Make me feel av same artist dukkar opp på fjerdeplass.)

Nummer to og tre var Waving through a window av Ben Platt frå musikalen Dear Evan Hansen (eg er ein sucker for musikalar, det finst ikkje betre dusjmusikk enn det!), og Aretha Franklin sin I say a little prayer.

Artisten eg spelte mest i 2019 var Bon Iver.

Nest mest spelte artist: Lin Manuel Miranda. Han som skreiv og spelte hovudrolla i musikalen Hamilton. (Michelle Obama og eg er heilt einige om at Hamilton er det beste stykke kunst vi har sett noko sinne.)

Tredje mest spelte artist: Leslie Odom Jr. Den andre hovudrolla i Hamilton. (Dette kjem utelukkande frå musikalalbumet.)

Artist of the decade: Hamilton (Original Broadway Cast Recording). Bon Iver var kanskje årets mest spelte artist i 2019, men frå 2016-2018 var det Hamilton gitt.

(Spotify syntest det var kjekt å vise meg kva min toppartist var i 2010. Det var Alexander With?!)

Svein Olav B. Langåker: Eg deler Spotify med ungane mine Johannes (15) og Malene (11). Spesielt Malene høyrer mykje på Spotify så snart ho er heime. Andreplassen på lista er eg så lei av, at eg ikkje blir Happier av Bastille ft. Marshmello. Den er dermed ikkje på mi offisielle liste.

Uansett, eg/me oppdaga 455 nye artistar frå 48 ulike land, og høyrde på Spotify i 36.621 minutt i 2019.

Låten eg spelte mest i 2019 var Zero av Imagine Dragons – ein fengande låt som både eg og Malene høyrer på og som har ein herleg musikkvideo.

Nummer tre er Bad Guy av Billie Eilish.

Som nummer trettifire og den einaste låta eg er sikker på at Malene ikkje har køyrt på repeat, er Workin’ Together av Ike & Tina Turner. Ein fin låt som eg har høyrt ein del på.

Den mest spelte artisten i heile familien er Billie Eilish. Ho har fleire plassar nedover lista over dei mest spelte songane.

Nest mest spelte artist: Imagine Dragons.

Tredje mest spelte artist: Bastille. Eg tar dei med, men det er inga sorg om dei forsvinn frå lista til neste år.

Artist of the decade: Florence + the Machine.