Podkastane som gjev deg latterkrampe

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Einar og Jan Thomas blir venner

Denne podkasten har vorte nærmast eit fenomen. Kven hadde trudd at to personar, tilsynelatande så forskjellige, kan skape så underhaldande lytting? Og eit slikt nydeleg vennskap?

Heile podkasten handlar om at Jan Thomas og Einar Tørnquist skal verte vennar. I små drypp fortel dei anekdoter om seg sjølve, frå barndom til kvardagen, og saker frå nyheitsbilete dei har bite seg merke i.

Einar gler seg over det elleville nyheitsåret i fjor, medan Jan Thomas tek på seg hatten som «oralsexolog» og forklarar alt Dagbladet gjer feil når dei gjev tips om oralsex.

Det er best å byrje på episode éin. Då kan du verte kjend med dei to, på same tid som dei vert kjende med kvarandre. Åtvaring: I overkant mykje penisprat til tider.

Her gjeld det også å hive seg på lasset før det vert for seint – til hausten kjem TV-serien.

Gossipmongers

Oppskrifta på denne podkasten er såre enkel: Dei tre programleiarane får tilsendt rykter frå fjern og nær i Storbritannia, og les opp dei drygaste.

Det er nesten ikkje til å tru kor mange elleville rykter som har versert på den britiske landsbygda. Frå ein gut som visstnok levde som ein fugl til nokon som i skjul fødde ein baby opp i ein støvel og lot den vere der slik at den vart støvelforma.

https://open.spotify.com/episode/57bDc1il2YJYFvpmAxKLCB?fbclid=IwAR2jCw9Qm-UGrYXk9iZoZipExGbccWedBGRFhwLJpNnIjD6ycuz15bu11fc

My dad wrote a porno

Britiske Jamie Morton (25) gjorde det einaste logiske ein kan gjere når ein finn ut at far sin har eit alter ego som skriv erotisk litteratur: Han laga ein podkast der han les det opp for heile verda.

My dad wrote a porno les og evaluerer Morton og venene James og Alice Rocy Flintstone sitt meisterverk. I Belinda blinked-serien skriv Flintstone om Belina Blumenthal, som bruker sine fordelar for å klatre på karrierestigen i «steels, pots and pans»-industrien.

Dei utruleg dårlege sexscenene er så hysteriske at ein går på gata og ler høgt, medan ein håpar ingen lyd lekk ut.

O-fag

Dette er eit realt blast from the past. Før Ylvisbrørne reiste landet rundt på jakt etter Noregs herlegaste, herja på hitlistene med The Fox eller hadde sitt eige talkshow, så hadde dei O-fag.

Tru til namnet, er dette eit radioprogram med blanda drops. Dei har nokre faste segment, som morsekurs og Ibux-spalte, men det er også mykje som går over stokk og stein.

Ylvisbrørne utfordrar kvarandre til å ringe til utlandet, har spørretimar og tek imot titlar dei skal lage sangar av som klassikaren «Null stress i joggedress».

Særleg stas er det når dei slår på tråden til zoolog Petter Bøckman eller er i det paranormale hjørnet med Julian Berntzen.

https://open.spotify.com/episode/10qRoAVAheVTmHYMBD8P0i?si=1zR0gNGzToSC6c1V519JPw