7 podcastar som gjev deg frysningar i sommarvarmen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bear Brook

Om du framleis ikkje har fått med deg Bear Brook, så har du mykje spenning i vente.

Denne podkasten frå amerikanske National Podcast Radio (NPR) har alt ein god «true crime»-historie treng. Saka handlar om fire uidentifiserte kroppar som vart funne i nokre tønner i skogen i Bear Brook State Park i Allenstown New Hampshire.

Det skulle ta mange år før offera vart identifisert og saka som vert rulla opp handlar både om falske identitetar, destruktive og valdelege forhold og ikkje minst korleis moderne DNA-testing kan verte brukt til å løyse kriminalsaker.

Criminal

Criminal kallar seg ganske enkelt «ein podcast om kriminalitet». Det som er så fantastisk med denne er at programleiar Phoebe Judge og Lauren Spohrer har eit utruleg breitt perspektiv på kriminalitet.

Du får ikkje berre «true crime», men spanande innblikk i amerikansk samfun og historie. I The Numbers fortel Fannie Davies om korleis mor hennar organiserte eit illegalt lotteri frå heimen deira i Detroit på 1950-talet. Genialt organisert.

Eller The Mail, som handlar om å veksa opp med ein stalker. Super skummelt!

Anbefalte episodar: The Mail, The Number, The Fox, Baby Snatcher, Willie Bosket, Animal Instincts

In the dark – sesong 1

Første sesong handlar om bortføringa av 11 år gamle Jacob Wetterling, som forsvann i 1989. Saka er blant grunnane til at USA i dag har sedelegheitsregister som kan offentleggjerast.

Lenge var saka uoppklart, men kort tid før podkasten vart lansert i 2016 kom nyheita om at Danny Heinrich tilsto ugjerningane. Korleis kunne politiet unngå å sjå ein mann som var rett under nasa på dei?

Podkasten stiller spørsmål ved det amerikanske fenomenet «stranger danger» og er velfortalt med mykje spanande kjeldemateriale.

In the dark – sesong 2

Denne sesongen gjev deg verkeleg mareritt. Her handlar det om afroamerikanske Curtis Flowers som har vorte dømt seks gonger for å ha skote fire menneske i ein møbelforretning i Winona, Mississippi.

Flowers har sitte på «death row» i over 20 år og hevdar si uskuld. Reportarane finn alvorlege feil både i etterforskinga og juryutveljinga og etter mykje arbeid utviklar saka seg.

Første del av sesongen vart avslutta før jul i fjor, men no kjem nye episoder i del to for å følgje saka vidare.

S-town

Podkasten som starta som eit lite mysterium, og enda opp som eit stort persongalleri.

S-town er laga av produsentane bak Serial og This American Life, og skapte enorme bølgjer i podkastverda då den vart utgjeven. Den vart lasta ned heile 10 millionar gongar i løpet av berre fire døgn, og det er lett å forstå kvifor.

Det heile starta i 2012 då ein mann sende ein e-post til This American Life om eit drap som han meinte fann stad på heimplassen Woodstock i Alabama. Etter ein del korrespondanse fram og tilbake, så enda reporter Brian Reed opp med å reise til Woodstock. Reed oppdaga ikkje noko mord, men det han fann er mykje meir spennande.

Det er ei historie om løyndomar, livet og kanskje ein skjult skatt.

Det perfekte offer

Våre naboar i sør kan òg å produsera drivande gode podcast-seriar. I 2016 sendte Politiken Kvinden med den tunge kuffert, der reporteren følgde i fotspora til ein norsk svindlar.

Men Det perfekte offer er betydeleg meir skremmande. Her følgjer P1-reporteren Emil Eusebius Olhoff-Jakobsen i spora til ein sjukepleiar, som har forgripe seg på fleire kvinner medan dei var innlagd på lukka avdeling.

Det mest skremmande er korleis mannen har fått nye jobbar, trass i skuldingane.

Tidlegare i år kom det ein ny sesong av serien.

Serial – sesong 2

Me reknar med at det ikkje er noko poeng i å inkludera sesong èin av Serial, sidan historia om drapsdømte Adnan Syed prektisk talt er det som starta bølgja av «true crime»-podcastar.

Reporter Sarah Koenig er eit føredøme både med si historieforteljing og i det at ho ikkje dreg raske konkulsjonar og alltid stiller spørsmål.

Andre sesong er kanskje mindre krim, men framleis like spanande. Han tek utgangspunkt i saka mot den amerikanske soldaten Bowe Bergdahl, som etter fem år i fangenskap hjå Taliban vart satt fri og tiltalt for desertering.

Sesong tre tek endå ei ny vending når teamet følgjer enkeltsaker i ein rettssal i Cleveland, for å gje eit meir realistisk bilete av kva for kriminalitet som faktisk føregår i USA.

God lytting!