Alle burde lese 12 bøker om homoar

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då eg var 17 år sat eg gøymd mellom bokhyllene på biblioteket og las. Boka handla ikkje om dei andre, dei fleste, dei «normale». Denne boka handla om meg.

Boka heitte Villskudd, og var ei historie om kjærleik, om å bli vaksen, om å teste grenser og om å vere seg sjølv. Hovudpersonen Yngve vart mitt første møte med ein romankarakter eg kunne kjenne meg att i.

Litteratur som ein spegel
Villskudd (1979) av Gudmund Vindland er blant dei viktigaste norske bøkene om homofile. Historia gir eit uredd og ærleg blikk inn i eit annleis liv, fortalt med både humor og alvor.

Historia om Yngve gjorde noko med meg, slik som den også gjorde noko med dei tusenvis av andre som las den. Vi oppdaga at vi kunne lese bøker for å bli betre kjende med oss sjølve!

12 bøker om homoar
I 2016 har eg lese 12 bøker om homofile menn – ei ny bok kvar månad. Planen var å lese fire biografiar, fire romanar og fire novellesamlingar. Eg starta fordi eg likar å lese, og eg fullførte fordi bøkene var gode.

Nokre var så gode at eg måtte ha lesepause i fleire veker etterpå. Andre var så gode at eg straks kasta meg i gang med neste bok. Erfaringa kan oppsummerast i fire konklusjonar:

• Konklusjon 1: Homo er ikkje alt

Som forventa ser eg ulike versjonar av meg sjølv i dei tolv bøkene. Eg ser meg sjølv i historier om studentar, historier om introverte og historier om å flytte frå bygd til by. Bøkene handlar også om storebrødre, om menn med skjegg, om ekteskap, og om draumar for framtida. Dei handlar om meg.

Bøkene handlar samtidig om svært ulike folk. Nokre av karakterane er lukkelege, andre er glade, nokre vert fort sinte og andre gjer stadig feil. Nokre er unge, nokre er gamle, nokre har gått bort medan andre vart verande att. Nokre driv med sport medan andre skriv bøker, ein er jurist og ein annan driv dank.

Ein vart fødd som kvinne, ein har av og til sex med kvinner. Ein løftar vekter medan kjærasten søv, to går hand i hand langs vegen, tre kameratar er på fest kvar helg, og fire gode vener lever livet i New York.

Ingen av karakterane er berre homo. Seksuell identitet er viktig, men det er ikkje alt.

• Konklusjon 2: Skam til felles

Likevel er mange av mennene i dei tolv bøkene opptekne av prosessen med å «komme ut av skapet». Det var vanskeleg før, har blitt enklare no, men kostar fortsatt mykje for mange.

Idrettsutøvarane Robbie Rogers (Coming out to Play) og Gareth Thomas (Proud: My Autobiography) skildrar til dømes kor mykje krefter dei måtte bruke på skjule seg sjølv i alt for mange år.

I sjølvbiografien om ungdomsåra til Paul Monette (Becoming A Man) fortel han korleis skuletida handla om å ikkje bli oppdaga, og gutane som kyssar kvarandre i David Levithan sin roman (Two Boys Kissing) gjer det som ei støttemarkering for ein som vart slått ned for legninga si.

Oliver Sacks (On The Move) fortel korleis han gav opp håpet om kjærleik, og i Garth Greenwell sin roman (What Belongs To You) leitar den vaksne hovudpersonen fortsatt etter nokon å elske.

Sjølv om dei er ulike, har dei alle vore gjennom ein versjon av å «komme ut av skapet». Å finne seg sjølv set spor. Også i litteraturen.

4FavoritebooksEikenes
Dei fire beste bøkene eg las i 2016: A little Life, On the Move, Two Boys Kissing og Speak my Language

• Konklusjon 3. Dei fire beste:

Blant bøkene var det ein del gode, nokre rare, og ein handfulle knallgode. Her er mine fire favorittar:

Hanya Yanagihara – A Little Life

Historia om kameratane Jude, JB, Willem og Malcom. Ei frykteleg vakker historie som eg kjem til å hugse i mange år. Eg grein. Les den!

Oliver Sacks – On The Move

Sjølvbiografien til mannen bak ei lang rekke bøker om hjernen, naturen, musikken og livet. Handlar om vektløfting, motorsykkel, musikk, dop, hjernen, forsking og det å vere nyfiken. Ei historie om å finne kjærleiken mot slutten av livet.

David Levithan – Two Boys Kissing

Samanveving av fire historier om unge par som kyssar – av glede, i protest eller for aller første gong. Kontrasten til forteljarstemma, eit «vi» eg tolka som «alle som døydde av AIDS på 80- og 90-talet», gir boka det vesle ekstra. Basert på ei sann historie om eit forsøk på verdsrekord i kyssing

Torsten Høier (red) – Speak My Language, And Other Stories

Eit stort og assortert utval noveller om, av og med homoar. Flotte, skumle, ekle og romantiske tekstar. Samlinga viser at sjølv om forfattarane har noko til felles er det ingen garanti for at historiene dei skriv er like kvarandre. Det same gjeld karakterane.

• Konklusjon 4: Les meir, lær meir

Å lese om seg sjølv gir innsikt. Bøker kan spegle kven du er og kven du kan bli. Gode historier viser mangfaldet, nyansane og variasjonane av kva det betyr å ha noko til felles.

Å lese om seg sjølv kan også gi utsikt. Historiene viser at verda er større enn mi eiga, og at utfordringane andre folk møter ikkje er dei same som mine. Det er mykje eg ikkje veit.

Kva skal du lese til neste år?

 

Start gjerne med å lese fleire homohistoriar på Framtida.no:

«Me klinte i garasjen, men det funka ikkje for oss»

«Eg ville ikkje vera ein av dei»

«Folk kan ikkje definerast utifrå kven dei forelskar seg i»

Faktaboks

Bøkene eg las i 2016. (Observante lesarar vil sjå at det er 15 bøker på denne lista, og ikkje 12. Eg har lest tre fleire enn eg måtte. Det var ein fin haust for å lese bøker.)

Knallgode:
Hanya Yanagihara – A Little Life
Oliver Sacks – On The Move
David Levithan – Two Boys Kissing
Torsten Høier (red) – Speak My Language, And Other Stories

Gode:
Gareth Thomas – Proud: My Autobiography
Edmund White – Chaos
Christos Tsiolkas – Merciless Gods
Paul Monette – Becoming A Man
Oliver Sacks – Gratitude

Middels:
Neil Patrick Harris  – Choose Your Own Autobiography
David Leavitt – The Lost Language Of Cranes
Garth Greenwell – What Belongs To You
Èdouard Louis – Voldens Historie
Andrew Holleran – Dancer From The Dance
Robbie Rogers – Coming Out To Play