Fem bøker for den reiseglade

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amy & Roger’s Epic Detour – Morgan Matson (Engelsk)

Etter at far til Amy døyr, vil mora flytte på tvers av landet, frå California til Connecticut. Mora flyttar i førevegen, for å starte ny jobb og få i stand huset, medan Amy fullfører dei siste vekene på skulen, og skal komme med bilen etterpå. Men Amy vil ikkje køyre, så ein tidlegare nabogut skal difor køyre bilen.

Amy si mor har laga ein klar plan for kva rute Amy og Roger skal ta, og kvar dei skal stoppe undervegs. Men av og til må ein bryte reglane. Amy er ikkje klar for å køyre direkte til den nye heimen sin, så ho og Roger set ut på eit eventyr av ei reise.

Noko av det herlege med denne boka, er at lesaren blir med på reisa. Forteljinga er fullkommen med spelelister, bilete, kvitteringar og beskrivingar av statane dei to reiser igjennom. På vegen opplever dei mykje spesielt, og møter mange interessante folk.

Les òg: Fem ungdomsbøker om mental helse

Anna og det franske kysset – Stephanie Perkins

Anna må reise til Paris for å gå på internatskule. Eigentleg skulle ho ha gått siste året sitt på sin vidaregåande skule i Atlanta. Men så sender faren henne vekk frå både skulen, venner og guten ho flørtar med. Anna kan ikkje fransk ein gong.

Men året i Frankrike blir kanskje ikkje så ille som Anna hadde frykta. Når ho kjem til den amerikanske skulen ho skal gå på, møter ho nye vener, sjarmerande gutar og ein spanande by.

I Anna og det franske kysset møter Anna framande folk og eit framandt land med framandt språk og kultur. Det byr på mange utfordringar, men òg mange nye opplevingar og mykje læring for hovudpersonen.

Vestlandet – Erlend O. Nødtvedt

Forfattaren Erlend og biletkunstnaren Yngve set ut på reise på vestlandet. I bagasjerommet til ein gamal Toyota, har dei med seg hovudskallen til Anders Lysne.

Lysne vart halshogd i 1803, etter å ha protestert mot at lærdalsbøndene vart tvungne til militærteneste på trass av at dei skulle ha fritak. Målet til dei to hovudpersonane er å bringe Lysne tilbake til Lærdal, der han høyrer heime.

På vegen møter dei både levande og daude kjenningar frå vestlandet. Dei møter òg antagonisten i boka, Austmannen, som vil drive sentralisering og øydeleggje alt det vestlandske, som svingete vegar og ferjesamband. Vestlandet hyllar desse vestlandske tinga, og både humoren, folka, bygdene og naturen er ein del av hyllesten.

Les òg: VestlandetEin biltur mot sentralmakta

En jeans og fire jenter – Ann Brashares

Lena, Tibby, Bridget og Carmen er vidt forskjellige jenter både i utsjånad og i personlegdom. På trass av dette, har dei fire vore besteveninner sidan dei vart fødde. Sommaren før tredje året på high school finn jentene ei bukse som på magisk vis passar perfekt til alle fire. Jentene skal tilbringe sommaren på forskjellige stader, og bestemmer seg for å sende buksa seg i mellom gjennom heile sommaren.

Buksa blir med til Hellas, der Lena fell for greske Kostos. Dei får reise til South Carolina, der Carmen forsøker å vinne faren si merksemd. Dei får vere med Tibby, medan ho jobbar i ein butikk i heimbyen, og vert kjent med tolv år gamle Bailey, som viser seg å vere sjuk. Og dei tek turen til California, der Bridget spelar fotball og vil forføre trenaren sin.

En jeans og fire jenter handlar om venskap, familie og kjærleik. Boka vart adaptert til film i 2005, med same tittel som boka har på engelsk: The Sisterhood of the Travelling Pants. Boka er den første i Jenter i jeans-serien.

På motorveiene – Runa Fjellanger

Anna og Ida er på bilferie i Europa. Då Anna var lita, tok foreldra henne med på den samme reisa, og overnatta i telt på campingplassar langs vegen.

Saman med Ida overnattar ho på motell. Men vegane er dei same. Undervegs utforskar dei to jentene forholdet sitt til kvarandre, både kjærleiken og makta. For ikkje å snakke om sjalusien, og det destruktive.

Stadnamn blir sjeldan nemnt i boka, så lesaren veit nesten aldri kvar Anna og Ida oppheld seg. I romanen vert Anna si fortid og notid fortalt om ein annan, og det vekslar i dei forskjellige delane mellom ein noko meir barnsleg og uskuldig forteljarmåte, og ein vaksnare forteljarmåte. Språket er poetisk i stilen, med meir komma enn punktum, noko som gir det ein rastlaus og utolmodig framtoning.

Les òg: Fem bøker for unge feministar