Fem kroppspositive ungdomsbøker

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 24.07.2018 10:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dumplin’ – Julie Murphy (Engelsk)

Willowdean trivast i sin eigen kropp. Om du spør henne, får du den ultimate bikinikroppen ganske enkelt. Du puttar ein bikini på kroppen din. Men når ho fell for den superkjekke Bo, byrjar ho å bli usikker på kroppen sin. For å få tilbake sjølvtilliten ho mista, vel ho å gjere noko ho aldri trudde ho skulle gjere. Ho entrar ein skjønnheitskonkurranse. Ho vil vise at ho fortener ein plass der, like mykje som tynne jenter gjer.
Dumplin’ er forfriskande i den forstand at den ikkje viser ei jente som er utilfreds med å vere større enn andre. Ho treff eit punkt der ho blir usikker på seg sjølv, men har ikkje mål om å endre kroppen sin, berre å finne tilbake til å elske den som den er.

Fordelen med ulykkelig kjærlighet – Becky Albertalli

Molly er overvektig, sjenert og har dårleg sjølvtillit. Den rake motsetningen av tvillingsøstera Cassie, som er lesbisk og kan få kven som helst. For Molly er det enklast å vere avstandsforelska. For det er jo ikkje som om nokon eigentleg kunne ha vore interessert i henne, vel? Men så får Cassie seg ny kjærast, og Molly føler seg aleine. Men kjærasten til Cassie har ein kjekk ven, og om Molly hadde blitt saman med han, ville ho både fått sitt første kyss, og søstera si tilbake. Men så er det kollegaen hennar, Reid, som er rar og nerdete, og som Molly aldri kunne ha falt for.
Denne boka er positiv på mange måtar. Den viser ein god bredde karakterar, både når det gjeld kropp, rase, seksualitet og personlegdom. Dette er den andre boka av forfattaren bak Simon og homosapiens-agendaen, med karakterar frå same univers.

Les også: Fem bøker du bør lese i sommar

Vinterjenter – Laurie Halse Andersson

Lia er sjukeleg tynn. Gutane på skulen gjer narr av henne. Jentene vil vite kva hemmelegheita hennar er. Ho og besteveninna Cassie var vinterjenter, frosne i fyrstikkroppar. Dei konkurrerte om kven som var tynnast. Men no er Cassie daud, og sit igjen med ein skuldkjensle over at ho ikkje kunne redde veninna. Faren er vekkreist, og stemora veit ingenting om noko som helst. Og Lia må behalde kontrollen. Det kan ho berre gjere ved å gå ned meir i vekt. Verte tynnare. Om ho vert tynn nok, kan det hende ho vert usynleg.
Vinterjenter har fått skryt for å ta jentene med eteforstyrringar på alvor. Den skuldar ikkje på andre, men syner fram sjukdommen på ekte vis.

Les også: Dikta til Danez Smith får eit nytt liv i norsk antologi

Everything That Makes You – Moriah McStay (Engelsk)

Kva om ulukka som endra Fiona sitt liv aldri hadde skjedd? Denne boka alternerer mellom kapittel som viser to parallelle historier om Fiona sitt liv. Då Fiona var lita, var ho i ei ulukke som gav henne eit grusomt arr i ansiktet. Ho skriv ned frustrasjonane og draumane sine, og skriv songtekstar. Men ho kunne aldri ha sunge dei for nokon. I alle fall ikkje Trent. Fi, på den andre sida, vaks opp utan nokon arr. Ho er lacrossespelar, og har ikkje mykje tid til overs for bestevennen Trent, som er forelska i henne. Men så går ting dårleg i lacrosse, og ting blir vanskelegare for Fi.
Everything That Makes You viser korleis noko kan forme ein person, både i deira eigne og andre sine auger. Fiona og Fi er like men samstundes forskjellige, og kven ho er formar samstundes alle rundt henne.

Det hjelper ikke å blunke – Lene Ask

Lilly veit at ho er stygg. Med eit arr i ansiktet og ein skeiv nase fins det ingen anna konklusjon. Men det gjer henne ikkje så mykje, for ho er flink i andre ting. Som å springe. Og då treng ho ikkje vere like pen som dei andre jentene. Men så blir ho forelska i bestevennen Are. Det er forsåvidt dei andre jentene òg. Det kjem ho seg ikkje vekk i frå uansett kor raskt ho kan springe.
Det hjelper ikke å blunke er ei bok om å vere annleis, og om å akseptere det. Men det er òg ei bok om den første forelskinga, og alle vanskane som følgjer med.

Les også: Fem bøker med skeive karakterar alle bør lese