Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fem bøker om feminisme som bør liggja under alle juletre

Det amerikanske ordbokforlaget Merriam-Webster kåra feminisme til årets ord i 2017. Kvinnemarsjen mot Donald Trump, tv-seriar som The Handmaid’s Tale og #metoo-kampanjen er blant forklaringane på at rekordmange brukarar har slått opp «f-ordet» i ordboka i år.

Sjansane er gode for at du, eller nokon du kjenner, treng å finna ut meir om kva feminisme går ut på enn det du får vita av ein ordboksdefinisjon. Difor får du her fem bøker som er like fine å ønskja seg til jul som å gi i gåve til ein onkel eller veslesøster!

 

Universitetsforlaget, 2017.

1. Hva er feminisme? (Cathrine Holst)

Når oppstod eigentleg feminismen? Kor mange feministiske «bølgjer» har det vore gjennom historia, og kva slags retning kan feminismen gå i framtida? Sosiologiprofessor Cathrine Holst skrellar bort det akademiske stammespråket som ofte tåkar til feministiske fagbøker, og gir ei lett og levande innføring i sentrale debattane innan feministisk teori og politikk.

I den oppdaterte 2. utgåva som kom ut i haust drøftar Holst mellom anna den siste bølgja av feminismen, skapt av kvinner som har funne saman i nye rørsler gjennom sosiale medium: Ei bølgje som til dels bryt med individfokuset i 90-talsfeminismen. Slik gir boka eit bidrag til å forstå vår eiga samtid.

 

Gyldendal, 2014.

2. Født feminist – Hele Norge baker ikke (Marta Breen)

Kor mange cupcakes kan ein eigentleg venta at ei kvinne skal baka samstundes som ho har fulltidsjobb og må følgja borna på turn kvar tysdag?

I ei samling engasjerande essay skriv journalist Marta Breen om korleis husmorideal frå 1950-talet har fått ein renessanse, og spør om kvinner i hennar eigen generasjon er i ferd med å «sjølvrealisera seg tilbake til kjøkkenbenken». Breen brukar sin eigen oppvekst på 1970-talet med ein ekte raudstrømpefeminist til mor som bakteppe, og gir nytt liv til det gamle feministiske slagordet om at det personlege er politisk.

 

Gyldendal, 2017.

3. Vi burde alle være feminister (Chimamanda Ngozi Adichie)

Med enkle og tydelege eksempel frå kvardagen illustrerer den nigerianske forfattaren Chimamanda Adichie effektivt behovet for feminismen, og gjer det svært vanskeleg å ikkje bli overtydd av konklusjonen: «Ja, det er eit problem med kjønn slik det fungerer i dag, og me må fiksa det, me må gjera det betre.»

Det fine med Adichies vesle bok er at ho lykkast i å gjera feminismen til noko kvardagsleg og sjølvsagd, heller enn teoretisk og ideologisk. Feminismen er ei felles utfordring som me ikkje kan vika frå.

 

Profile Books, 2017.

4. Women and Power. A Manifesto (Mary Beard)

Kva er samanhengen mellom prinsesse Philomela, som fekk tunga si kappa av etter å ha blitt valdteken, og kvinner som blir bedne om å halda kjeft av menn på Twitter i 2017? Kvifor blei Donald Trump portrettert som ein krigar på t-skjorter og krus med det avkappa hovudet til Hillary Clinton i handa, utan at nokon reagerte?

Cambridge-professor Mary Beard trekkjer i denne vakre boka trådar mellom «sivilisasjonens vogge» og vår eiga samtid, og viser kor djupt rotfesta mange av kjønnsstereotypiane våre er i kulturen. Til liks med Adichies bok er denne bygd på offentlege førelesingar forfattaren har halde, men der Adichie finn sine døme frå eigen oppvekst og kvardag, finn Beard dei i klassisk litteratur og amerikansk og britisk politikk.

 

Simon & Schuster, 2017.

5. What happened (Hillary Rodham Clinton)

«Dette må seiast: Sexisme spelte ei rolle i presidentvalkampen i 2016,» skriv Clinton i denne ærlege boka om hennar veg til å nesten bli den første kvinna til å ha verdas mektigaste verv. Her skildrar ho korleis ho måtte kjempa for å ikkje skjella ut ei ung kvinne som sa til henne at ho angra på å ikkje ha stemt i valet, korleis ho som kvinne har opplevd å bli dobbeltstraffa i politikken, korleis Trump spelte på eit gamaldags machoideal i valkampen – og vann på det, og korleis erfaringane hennar som dotter, søster, kone og mor har forma henne som person.

Clintons bok gir interessante analysar og perspektiv på eit val som har forma samtida og framtida vår, og eit eit personleg blikk inn i livet til ei kvinne i auga av stormen.