Musikkdagboka: Akuvi sin treningsmusikk er hennar guilty pleasure

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På eit tidspunkt prøvde eg å lære gitar, og har nokre heilt enkle ferdigheiter der, men dette tek eg ikkje med opp på scena, skriv Beatrice Akuvi Hosen Kumordzie i ein e-post til Framtida.no.

25-åringen frå Asker fortel at ho som ei utfordring til seg sjølv då ho berre kunne to akkordar, skreiv låten Obligations med gitar.

Låten er ein del av debutalbumet Unfinished Business, som kom ut i desember. Men når Akuvi no skal kjempa om å representera Noreg i Eurovision er det med den norskspråklege låten Som du er.

Her er MGP-finalisten si musikkdagbok:

Favorittsjanger

Afrobeats! 🙂

Favorittband/artist

Band: The Internet

Duo: Ibeyi

Artist: Jhene Aiko

Favorittlåt?

Girl av the Internet. So Mi So av Wande Coal.

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

Eg har stort sett likt same type musikk heile vegen. Eg har alltid vore fan av upbeat, dansemusikk i sjangeren afrobeats, reggaton, til og med salsa. Eg høyrde, og høyrer framleis mykje på hiphop og rnb 🙂

Eg var STOR fan av Michael Jackson, og høyrde på absolutt alt av han – spesielt i ungdomstida. Billettar til turneen This is It var bestilt.

Første album eg kjøpte sjølv

Det må ha vore ei eller anna utgåve av Hits for kids, trur eg. Eller så var det Thriller.

Kva syng du i dusjen?

Eg syng ikkje i dusjen. Haha!

Verdas beste kjærleikslåt

Då spørs det om det er ein godlåt eller ein om kjærleikssorg?

God: John Legend – I love you love.

Sorg: Sabrina Claudio – Hurt People.

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

Girl av The Internet

Beste treningsmusikk

EDM/Techno. Under høgintensitetstrening så er min musikksmak ikkje til å kjenne att. Akkurat i det augeblikket eg pustar og pesar og heng over tredemølla, så elskar eg musikk eg vanlegvis ikkje kan fordra. Jo meir bråkete, masete og intenst, jo betre!

Til dømes Secyn Streeter – How Bad Do You Want It:

Guilty pleasure

Treningsmusikken min ER mi guilty pleasure.

Verdas mest oppskrytte band/musikar

Det er ikkje godt og seie. Det er jo absolutt noko for einkvar smak der ute, så kva enn som treffer nokon genuint er verdt the HYPE. Det betyr ikkje at vi alle kjem til å digge det.

Verdas mest undervurderte band/musikar

Matisyahu, Ibeyi, JP Cooper

Kva for artist ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?

Fela Kuti

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

Miguel – Adorn

Kva låt vil du ha i gravferda di?

Nico & Vinz – Not for nothing