Tom Sawyer, dei små menneska og utruskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fem klassikarar til mørke kveldar

I dag les Jon Fosse høgt frå si eiga gjendikting av Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka. «Kafka på nynorsk – minutt for minutt»vert strøymt live frå Grotten torsdag 6. oktober klokka 12.00. Følg med her!

Fosse-gjendiktinga er den første i forlaget SKALD sin nye serie av verdsklassikarar på nynorsk.

Me har spurt eit knippe nynorskforfattarar –og ein bokmålsforfattar – kva verdsklassikar alle burde lese. (Kanskje finn du di neste store leseoppleving blant tipsa?)

AtleBergeToveBreistein

Atle Berge: Gullivers reiser av Jonathan Swift (1726) 

– Eg skulle ønske fleire tok seg tid til å lese originalversjonen av Gullivers reiser, fordi det er så mykje vi går glipp av når historia blir formidla i det kastrerte barnebokspråket reisene ofte blir presentert i. Humoren til dømes, som då Gulliver slukkar ein husbrann i Lilleputtland med sin eigen kropp, og blir dømt for urinering på offentleg stad. Vi kan heller aldri få nok kritikk av svadaspråk og uforståeleg byråkrati, og det er det mykje av i dei festlege reisebreva til Gulliver.

Foto: Tove K. Breistein, Samlaget

AinaBassoToveBreistein

Aina Basso: Fru Marta Oulie av Sigrid Undset (1907) 

– No synest ikkje eg at alle nødvendigvis bør lese dei same bøkene, men ein klassikar eg sjølv set høgt er Sigrid Undsets vesle debutroman Fru Marta Oulie, som byrjar med setninga: «Jeg har været min mand utro.»

– Boka opplevast som overraskande moderne. Undset tek opp tematikk som utruskap, ekteskap, kjærleik og svik i romanen, som blei ei litterær begivenheit då han kom ut i 1907 og skaffa den unge Undset ein stormande entré inn i forfattarmiljøet.

Foto: Tove K. Breistein, Samlaget

RagnarHovlandHerborgPedersen

Ragnar Hovland: Tom Sawerog Huckleberry Finn av Mark Twain (1876 og 1884) 

– Eg kan ikkje seie éin. Det blir litt for strengt og for lite. Alle må ha lese Mark Twain – Tom Sawerog Huckleberry Finn. Og så vil eg og sei at alle må ha lese Stuart Mus, eller Stuart Little, som han heiter originalt. Og Alice in Wonderlander ei grunnleggjande bok alle må kjenne til.

Foto: Herborg Pedersen, Samlaget

 

 

AgnesRavatnAgneteBrun

Agnes Ravatn: Michel de Montaignes essays (1580) 

– Eg blir ikkje lei av Michel de Montaignes essays. Han er overraskande morosam, lærd, audmjuk, sjarmerande, og det er nesten ikkje til å fatte at han sat der og skreiv dette for eit halvt millennium sidan, for det kjennest så moderne. Han er òg ein tydeleg eksponent for ein type fruktbar skeptisisme som kjennest som eit herleg avbrekk frå dagens utmattande og skråsikre meiningsproduksjon i tradisjonelle og sosiale medier.

– Montaigne har ei open og nysgjerrig haldning til seg sjølv og til samfunnet rundt seg. Han hevdar ikkje å forvalte noka sanning. Han minner meir om Nils August Andresen enn om Rolness eller Fugelli, for å seie det slik. Men framfor alt fungerer Montaigne ypparleg som underhaldning. Fyr opp peisen, set telefonen i flymodus og les. Som med-lesestoff til dei tre mursteinane hans, tilrår eg britiske Sarah Bakewells «How to live», ein slags Montaigne-biografi, berre mykje kjekkare.

Foto: Agnete Brun, Samlaget

LinnStromsborgHeidiFurre

Linn Strømsborg: Hjertet er en ensom jeger av Carson McCuller (1940) 

– Eg les særs få klassikarar sjølv, men viss Carson McCullers Hjertet er en ensom jeger (1940) tel som klassikar, så burde alle lese den. Det er fordi den handlar om dei små menneska i samfunnet – dei utanfor. Ein blir eit klokare og meir hjartevarmt menneske av å ha lese den historien.

Foto: Heidi Furre, Flamme forlag

Les meir litteratur-nytt her!


Faktaboks

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om verdsklassikarar i nynorsk omsetjing. Les fleire artiklar i serien her!
Artikkelserien er støtta av Norsk Kulturfond.