Få boktips av Carl Martin Eggesbø og Emilie Nicolas

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med kampanjen #denboka vil Foreningen !les, Norske Barne- og ungdomsbokforfattarar og seks andre litteraturforeiningar spreia leseglede blant unge i alderen 15-25 år.

Og det er ikkje kven som helst dei har fått med seg som «bokambassadørar» i Bokåret 2019.

Her får du eit knippe kjendisar sine beste boktips:

Daniel Kvammen: The Pearl – John Steinbeck

– Eg blei liksom berre slått i bakken av korleis han skriv setningar og sånt, som for meg var veldig sånn vakkert, for å væra heilt ærleg, seier Daniel Kvammen.

Som 20-åring fekk den populære musikaren ei openberring då han leste The Pearl av John Steinbeck på backpacker-tur:

Silje Nordnes: Harry Potter and the Goblet of Fire – J.K Rowling

– Den boka som redda meg frå einsemd då eg trong det som aller, aller mest, seier NRK P3-profil Silje Nordnes i videoen.

Ho las boka på originalspråket første gong i 2001-2002 då ho var utvekslingsstudent i Ecuador:

Ragnhild Mowinckel: Mengele Zoo – Gert Nygårdshaug

– Fantastisk bra skrive og ein tematikk som kanskje er viktigare i dag enn før, seier alpinist Ragnhild Mowinckel om boka som nesten blåste ho av banen.

Ho anbefalar Megele Zoo som fekk ho til å kjenna på heile følelsesspekteret:

Carl Martin Eggesbø: Farvel til Eddy Bellegueule – Édouard Louis

– Eg synest det er altfor få bøker som vert skrive om gutar som likar gutar og jenter som liker jenter. Om ein veks opp som homofil og føler seg annleis, så treng ein å lesa historiar om seg sjølv, rett og slett, seier Carl Martin Eggesbø.

Skodespelaren, som er kjent for si rolle som Eskild i Skam, skulle ynskje han hadde lese boka allereie som 13-åring og har ein viktig bodskap:

– Det finst fleire som deg!

Line Elvsåshagen: Day of the Triffids – John Wyndham

– Eg skal love deg at du aldri har vore redd for planter før. No kjem du til å bli det.

NRK-profil Line Elvsåshagen er sjølverklært nerd og anbefalar ein sci-fi-klassikar frå 1951 som gir deg moglegheita til å rømma inn i ei anna verd der plantar freistar å ta over verda:

Kjetil Jansrud: Papillion – Henry Charrière

– Det er ei sann historie og det er ei bok du aldri kjem til å klara å leggja frå deg, lovar alpinist Kjetil Jansrud.

Boka har lært Jansrud eitt og anna både om leseglede og kor urettferdig livet kan vera:

Emilie Nicolas: Svøm med dem som drukner – Lars Mytting

– Det er ein «page turner». Den er ekstremt spennande og eg vart veldig imponert over at nokon kan laga ei så innvikla historie som er så spanande, rosar Emilie Nicolas.

Den kritikarroste artisten klarte ikkje å leggja frå seg boka for å sove og har lagt sin elsk på fleire av bøkene frå den kritikarroste forfattaren Lars Mytting:

No har du kanskje nokre bøker å ta fatt i, men har du lyst på endå fleire boktips? Sjå her!