Ikkje alle litterære meisterverk hamnar på topplistene

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 25.10.2017 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fire gløymte bokskattar å lese i helga

1. «Save me the Waltz» av Zelda Fitzgerald (1932)

Zelda, kanskje mest kjend som den amerikanske forfattaren F. Scott Fitzgeralds psykisk sjuke kone, skreiv denne boka på berre éin månad. «Save me the Waltz» handlar om det miserable ekteskapet til Alabama og David, og rykte har det til at det er bygd på Zelda og ektemannen Francis Scotts forhold.

To år seinare blei F. Scott Fitzgeralds «Nattens ømhet» («Tender is the night») publisert, ei bok han skal ha brukt nesten 10 år på å skrive. Også denne er semi-biografisk og tar for seg same perioden av det myteomspunnede ekteskapet deira. «Nattens ømhet» er ein mykje meir anerkjend roman, og nokon meiner at den stal rampelyset frå Zeldas bok. I tillegg er det stilt spørsmål til om Zelda i det heile tatt var psykisk sjuk, eller om ho blei innlagd slik at ho ikkje skulle skrive fleire bøker. Det er nemleg ein teori om at Francis Scott var redd ho ville ta over statusen han hadde som ein av USA beste forfattarar.

Denne feiden gjer det ekstra interessant å lese den gløymte bokskatten «Save me the Waltz». I motsetning til «Nattens ømhet» er «Save me the Waltz» diverre ikkje omsett til norsk.

 

2. «Parissyndromet» av Heidi Furre (2014)

Japanske turistar som får sine illusjonar og førestillingar om Paris knust første gong dei besøker den romantiske byen blir diagnostisert med Paris-syndromet. Dei sit igjen med ei kjensle av bedrageri og vonbrot. Og det er det som skjer når hovudpersonen i Furres debutroman «Parissyndromet» flyttar til Paris.

Dette er ein lettlesen roman med stor gjenkjenningsfaktor og er skrive på nydeleg nynorsk som garantert vil sette tankehjula i hovudet ditt i gang.

 

3. «The Man who Ended History» av Ken Liu (2011)

To forskarar har funne ein måte å reise tilbake i tid på, men det tidspunktet ein vil reise tilbake til kan berre besøkast èin gong, og vitnet kan berre observere, ikkje påverke. I denne relativt lange novella følgjer me fleire personar som reiser tilbake til nordaustlege deler av Kina frå 1935 til 1945. Der står «Unit 731», ein slags forskningsstasjon som Japan styrte under 2. verdskrig. Japanerne gjorde grufulle forsøk på kinesiske fangar, ofte utført mens offeret enda var i live. Når personane i novella får moglegheit til å reise tilbake i tid blir heile verdshistoria endra. Men blir det endra til noko betre?

«The man who ended history» er på rundt 50 sider. Til trass for innslag av science-fiction følast det som om du sit med ein blanding av historiebok og avisartikkel i hendene.

PS! Eit kjapt Google-søk gjev deg novella i gratis PDF-format!

 

4. «Stoner» av John Williams (1965)

«Stoner» er kanskje den mest kjende ukjende boka. John Williams skreiv boka om professoren William Stoner i 1965, og selde i underkant av 2000 eksemplar. Boka blei fort gløymt og låg nedstøva fram til 2003 då forlaget Vintage republiserte ho saman med fleire amerikanske klassikarar. Boka erobra verda med sitt enkle og rike språk. Cappelen Damm omsette boka til norsk, VG trilla terningskast seks og The New Yorker kalla boka «den beste amerikanske romanen du aldri har høyrt om».

John Williams’ lågmælte forfattarskap består berre av tre bøker, men til gjengjeld står alle som litterære meisterverk.