Podkastane for deg som er på jakt etter historier

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Invisibilia

Invisibilia handlar om alle dei usynlege kreftene som styrer menneskeleg åtferd. Gjennom ulike menneske med forskjellige historier skin podkasten lys på forskjellige teoriar frå psykologien og kvifor vi handlar som vi gjer.

Her er det mange episoder å ta av. The fifth vital sign handlar om smerte. I episoden møter ein ei tenåringsjente som ein dag vakna opp med smerter i hofta. Smerten vert stadig verre, men legane veit ikkje korleis dei skal hjelpe og til slutt tyr ho til ei ganske ekstrem behandling.

Episoden Emotions handlar om kjensler – kva tyder dei og er dei konstruerte? Den tek utgangspunkt i ei bilulukke der eit barn døydde, men den uskadde sjåføren i den andre bilen saksøker foreldrene til det omkomne barnet for den emosjonelle påkjenninga.

Særleg spennande er også den nyaste episoden The end of empathy. Invisibilia har som mål å finne det empatiske i alle historiene sine og hjå folka dei snakkar med. Det vert difor fascinerande når ein journalist som vil arbeide hjå dei utfordrar denne grunntanken. Fortener eigentleg alle syn empati og forståing?

36 Questions

For deg som vil høyre både podkast og musikk på ein gong: Kvifor ikkje høyre ein podkast-musikal?

Dette er historia til eit ungt ektepar som står ved eit vegskille. Dei møttest då dei svara på 36 spørsmål som gjer at du vert forelska, og forelska vart dei, men kjenner dei kvarandre eigentleg? Kva gjer du om du fryktar ekteskapet ditt er basert på ein løgn? (I dette tilfelle, prøvar dei same spørsmåla ein gong til.)

This American Life

Det er ikkje utan grunn at This American Life er blant dei mest populære podkastane i verda. Kvar episode er kring ein time lang og har eit tema som knyter historiane saman (dersom det er meir enn éi historie).

Episoden Switched at birth fortel om to babyar som vart bytt om på eit sjukehus, og enda opp med å reise heim med feil foreldre. Mor til det eine barnet fann det ut, men heldt stilt om det i 40 år.

129 cars følgjerer ei rekkje bilselgarar i ein månad, medan dei freister å nå det ønska månadlege salstalet, koste kva det koste vil.

One last thing before I go høyrer ein historia om ein telefonkiosk i Japan som pårørande til dei omkomne i tsunamien og jordskjelva i 2011 brukar til å få utløp for alt dei ikkje fekk sagt i tide. (OBS: Høg sjanse for å grine.)

Dersom du ikkje har høyrt noko frå før av, då har du mykje å ta fatt på. Det er nemleg kome nesten 700 episodar.

Koht vil leve

I januar i år vart det kjent at den fargerike komikaren Christine Koht har fått ei alvorleg kreftdiagnose.

I denne podkasten tek ho lyttarane med på oppturar og nedturar – og ein kjem heilt nært innpå. Det er ein personleg, sår og utruleg fin podkast om kjærleik, vennskap, stå-på-vilje og optimisme når livet buttar.

https://open.spotify.com/episode/5JqmI6qGkSIGGvXvxeP0ko

Heavyweight

Tenker du ofte på noko som hende for årevis sidan? Ting du aldri fekk sagt, eller ting du aldri skulle sagt? Angrar du på korleis det vart?

Heavyweight gjev programleiar Jonathan Goldstein ulike folk ein ny sjanse. Han skapar mogelegheita til å seie unnskuld, til å finne ut kva som gjekk gale, og til forsoning eller for å gå vidare.

I ei episode møter ein Rob, som sidan han var liten har krangla med familien sin om kor vidt han faktisk braut armen då han var liten eller ikkje. Han meiner bestemt han gjorde det, men ingen i familien kan hugse det.

I ei anna Soraya. Då ho gjekk på college fekk ho mogelegheita til å hjelpe favoritt-professoren med forarbeidet til ei bok, men Soraya vart djupt deprimert og droppa både forarbeidet og skulen. No vil ho gjere det godt igjen.

Og i ei møter vi Sven. For mange år sidan var Sven medlem av ein jury som dømde ein mann til døden. Han har angra sidan dess.