Bli klok på lydbok, du òg.
mm

2018 var året då eg for alvor vart hekta på lydbøker, og i all hovudsak er det sakprosa – biografiar, debattbøker, reportasjar, essay, populærvitskap – som har fengsla meg.

Mange er hekta på podkast, og det er sikkert greitt, det òg, men eg vil slå eit slag for boka som medium: ho gir eit rom for å utvikla resonnement og presentera nyansar og kompleksitetar på ein måte som er vanskeleg å få til i ein podkast. Så her er tolv lydbøker til å bli klok av: fem norske, fem engelske og to svenske. (Mange synest svensk er lettare å forstå munnleg enn skriftleg, så kvifor ikkje øva nabospråkforståinga med ei lydbok?)

Bøkene på lista finst anten på Storytel eller Fabel. Dei engelske bøkene finst òg på Audible, men for ikkje å bidra ytterlegare til Amazons marknadsdominans har eg ikkje teke med titlar som berre finst der. Dei kan truleg òg kjøpast frå andre som tilbyr lydbøker – og eg reknar dessutan med at alle dei er like gode i papirformat, for dei som føretrekk det.

Bokomslag med bilete av eit krølla papirark.
Pengiun, 2018.

First You Write a Sentence, Joe Moran

Setningar, seier Moran, er det som skil oss frå dyra og bind oss saman som menneske. Han har skrive ei uvanleg poetisk og filosofisk språkbok, som bør lesast anten du vil læra å skriva betre setningar eller berre setja større pris på dei gode setningane som allereie finst. Fordi Moran legg stor vekt på rytmen og musikaliteten i gode setningar, passar boka dessutan perfekt som lydbok.

Hello World: Being Human in the Age of Algorithms, Hannah Fry

Me møter algoritmar dagleg: Dei styrer kva me ser i Facebook-straumen og kva filmtipsa me får på Netflix, og ordet er blitt ein gjengangar i diskusjonar om media, digitalisering og kunstig intelligens. Men kva er eigentleg ein algoritme? Kva kan dei gjera, kva kan dei ikkje gjera, og korleis kan me læra oss å leva med dei? Med døme frå kunstverda, justissektoren, helsevesenet gjev Fry ei pedagogisk og balansert innføring i desse avgjerande spørsmåla for samtida og framtida vår.

Why Buddhism is True, Robert Wright

At buddhismen er sann, er for Robert Wright ikkje først og fremst ei religiøs innsikt, men ei vitskapleg erkjenning. Med grunnlag i moderne forsking innan evolusjonspsykologi og nevrovitskap viser han korleis sentrale tesar i den buddhistiske visdomslæra er relevante og aktuelle i dag. Ikkje minst gjeld dette tesen om at «sjølvet», slik me vanlegvis tenkjer på det, er ein illusjon. Ved hjelp av meditasjon kan me kvitta oss med denne og andre illusjonar, meiner Wright, og underbyggjer dette med sine eigne erfaringar med buddhistisk praksis.

Bokomslag til The Coddling of the American Mind
Penguin, 2018

The Coddling of the American Mind, Jonathan Haidt & Greg Lukianoff

Ei stor gruppe NTNU-studentar signerte i haust eit brev til fakultetsleiinga i protest mot at ein forskar hadde uttala seg «feil» til ytre høgre-nettsida Resett. Dette er eit lite døme på at boka til Haidt og Lukianoff, om korleis amerikanske studentar i aukande grad krev vern mot ytringar og synspunkt dei finn støytande eller ubehagelege, òg er aktuell i ein norsk kontekst. Boka har dessutan ei vidare interesse som samtidsanalyse, i det forfattarane søkjer forklaringar i medieutviklinga, psykologien og andre trendar i samfunnet som har forma dagens ungdomsgenerasjon.

Haidt er ein glimrande sakprosaforfattar og innlesar; sjekk òg hans tidlegare bok The Righteous Mind.

The Elephant in the Brain, Robin Hanson & Kevin Simler

Elefanten i rommet er noko alle veit om, men som ingen tør å peika på. Elefanten i hjernen er hos Hanson og Simler dei uedle motiva som me meir eller mindre medvite held skjulte for oss sjølve og andre. Med hjelp av funn frå evolusjonspsykologi og åtferdsøkonomi viser forfattarane at mennesket er ein meir egoistisk skapnad enn me likar å førestilla oss, og at elefanten i hjernen kan forklara alt frå kvifor me søkjer meir helsehjelp enn me treng til kvifor me er meir veldedige når me veit at nokon ser oss.

Grensen, Erika Fatland

Kva har Nord-Korea, Kina, Mongolia, Kasakhstan, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Polen, Kviterussland, Estland, Litauen, Latvia, Finland og Noreg til felles? Jo: Alle landa grensar til Russland, og Erika Fatland har reist gjennom dei alle. I denne boka fortel ho om korleis landa på ulike måtar er prega av naboskapen med verdas største land, og vekslar med stødig hand mellom historiske analysar og levande reiseskildring. Forfattaren sjølv les lydboka.

Bokomslag til Morfar, Hitler og jeg
Aschehoug, 2014

Morfar, Hitler og meg, Ida Jackson

Tilfeldigvis oppdagar forfattaren at morfaren hennar var nazist under krigen. Ikkje berre eit kva som helst passivt NS-medlem, heller: han verva seg til Waffen-SS og kjempa på austfronten før han kom heim til Noreg og vart redaktør for eit ekstremt nazitidsskrift. Når Jackson dykkar ned i historia som familien alltid har teia om, stig det fram eit bilete som står i grell kontrast til den kjærlege morfaren ho vaks opp med. Dette gjev opphav til djupe refleksjonar om arv, identitet og lagnad, og til ei sjangerblandande bok som opnar nye perspektiv på både fortid og notid.

Snakkes til uka: Feltnotater fra en digital datingverden, Ellen Sofie Lauritzen

Kva gjer det endelause tilbodet av romantiske moglegheiter på appar som Tinder og Happn med oss og med relasjonane våre? Forfattar og Morgenbladet-journalist Lauritzen skriv med høg attkjenningsfaktor og essayistisk tvisyn om swiping, matching, dating, benching og ghosting – kort sagt om kjærleiken i nettdatingas tid.

A.O. Vinje: Ein tankens hermann, Olav Vesaas

Apropos essayistisk tvisyn: Her er den definitive biografien om sjølve opphavsmannen til uttrykket. Aasmund Olavson Vinje, diktaren og journalisten som ville ha fylt 200 år i 2018, var ein av dei første til å ta Ivar Aasens landsmål i bruk. Han starta si eiga avis, skapte bølgjer i samtidsdebatten og som etterlèt seg ein litterær skatt som det framleis skin av.

Vesaas sjølv les den fascinerande historia med lun, bestefaraktig røyst, og det at han innimellom blar høglydt i manuskriptet, er berre sjarmerande.

Bokomslag til Stikk i strid av Frank Rossavik
Lydbokforlaget, 2007

Stikk i strid: Ein biografi om Einar Førde, Frank Rossavik

Einar Førde stod i sentrum av norsk politikk og samfunnsliv frå sekstitalet fram til han døydde i 2004. Historia om han er samstundes ei historie om det moderne Noreg: om korleis ein lærarson frå industribygda Høyanger kjem seg opp og fram i makteliten i Oslo og bidreg til å fornya både Arbeidarpartiet og NRK. Førde vert ofte omtalt som ein sjefsideolog i sosialdemokratiet, men den prislønte biografien av Rossavik syner at han framfor alt var prega av eit udogmatisk tvisyn. Slik sett var han ein Vinje for vår tid.

Som ein bonus er lydboka utvida med klipp frå talar og intervju med Førde sjølv, som illustrerer både vitet og viddet hans.

Larmrapporten: Att skilja vetenskap från trams, Emma Frans

«Larmrapport» er eit svensk ord for alarmistiske nyheitssaker som er laga for å skremma lesaren, og som ofte viser seg å innehalda overdrivne eller falske opplysingar. Forskar og vitskapsformidlar Emma Frans vil læra oss å forstå kor lett me kan la oss lura, og til å sjå med kritisk blikk på påstandane som fyk over tv-skjermen og Facebook-straumen. Med skarpe formuleringar og morosame, pedagogiske eksempel forklarar ho korleis forskarar jobbar og korleis me kan bli betre til å skilja vitskap frå vås.

Världen av i går, Stefan Zweig

Bokomslag til Världen av i går av Stefan Zweig
Ersatz, 2011

Rosina i pølsa på denne lista er ein sjølvbiografi frå 1942, som samstundes er ei personleg historie om dei mest dramatiske tiåra Europa har sett. Zweig vaks opp i ein jødisk familie i det bornerte, borgarlege Wien mot slutten av 1800-talet, og fekk oppleva korleis optimismen og pessimismen, internasjonalismen og nasjonalismen bølgja fram og tilbake på kontinentet gjennom livet hans. Då andre verdskrigen braut ut, vart Zweig tvinga på flukt, og dagen etter å ha fullført dette meisterverket, tok han sitt eige liv. Parallellane mellom verda av i går og i dag ofte både slåande og skræmande.

Boka finst òg på norsk, men så vidt eg veit ikkje som lydbok.

Oppdatert: sundag 12. mai 2019 10.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE