Fem bøker for unge feministar

Bøkene på denne lista er ikkje nødvendigvis feministiske i seg sjølve, men omhandlar viktige tema, eller syner komplekse karakterar, som alle bør la seg inspirere og lære av.

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 01.08.2018 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hun ba om det – Louise O’Neill

18 år gamle Emma bur i ein liten irsk by. Ein stad der alle veit kven alle er. Emma er både populær, fin og sjølvsikker, og er ein fast del av veninnegjengen. Morgonen etter ein fest blir ho funnen medvitslaus i oppkøyrsla av foreldra. Emma hugsar ingenting frå kvelden før, og no vil ingen snakke med henne. Men alle pratar om henne. Og så ligg det plutseleg bilete av henne på internett, merka med #HoreEmma. Bileta er overalt. Alle har sett dei. Rektor på skulen vil anmelde saka. Presse frå heile verda snakkar om det, og alle tek sider. Spesielt i den vesle byen. Gutane som delte bileta spelar nemleg på det lokale fotballaget, byen si stoltheit. Og Emma ba jo om det, gjorde ho ikkje?

Hun ba om det er ei sårbar og viktig bok. Om trakassering, valdtekt og offentleg utskjemming. Boka tek for seg både skam og skuld, og effekten ei hending som dette har på ei ung kvinne og dei rundt henne.

Slik har jeg det nå – Meg Rosoff

Amerikanske Daisy blir sendt til tanta si på landsbygda i England for å bli frisk frå anoreksi. Der blir ho kjent med dei fire søskenborna sine, som ho ikkje har møtt før. Ho kjem spesielt nær Edmond. Medan tanta er på forretningsreise, bryt tredje verdskrig ut, og Daisy og søskenborna må finne ein måte å overleve på. I starten går det bra på den isolerte garden. Men det blir færre og færre ressursar å overleve på. Så kjem soldatane og splittar søskenbornflokken, og jentene og gutane blir sendt til separate heimar. Daisy og hennar ni år gamle kusine Piper er åleine og må finne vegen heim til garden, i håp om at resten av familien vil finne dei der.

“Slik har jeg det nå” har kanskje ikkje eit feministisk utgangspunkt, men viser ei ung jente som brått må bli vaksen, og som under omstenda må gå til store lengder for å beskytte seg sjølv og dei ho er glad i.

Les òg: Fem kroppspositive ungdomsbøker

Tjenerinnens beretning – Margaret Atwood

I framtida har ei religiøs gruppe tatt over makta i nordlege delar av USA, etter at fertiliteten har sunke, og fødselstala har vorte skremmande låge. Landet heiter no Gilead, og kvinner som er fertilie blir nytta som slavar i prominente familiar for at dei skal kunne få born. Kvinnene blir kalla «tjenerinner», og får namna sine frå mannen i huset, både for å vise kven som eig dei, og for å slette deira eigen identitet. Ei av desse kvinnene er Offred, som er forteljaren i boka. Forteljinga syner forskjellige typer kvinner i det dystopiske samfunnet, både tjenerinner, koner, Marthaer (som gjer alt av husarbeid og matlaging hjå dei rike), i tillegg til dei som blir sett på som ukvinner. Dei er sterile eller har på eit eller anna vis synda, og må difor jobbe i arbeidsleirar. Uansett status har kvinnene til felles at dei ikkje har nokon eigne rettar. Alt dei har er knytta til mannen i huset.

Margaret Atwood er ei av dei mest kjende kvinnelege forfattarane i vår tid, og Tjenerinnens beretning er nok hennar mest kjente bok. Den har no blitt adaptert til ein populær TV-serie av Hulu, og kan sjåast på HBO Nordic her i Norge.

Ta quizen: Kor mykje kan du om The Handmaid’s Tale

A Court of Thorns and Roses – Sarah J. Maas

Denne serien, som ikkje er omsett til norsk enno, følgjer Feyre inn i landet til feene. Ho har vakse opp like ved muren som skil menneska sitt land frå feene sine land. Trass i at Feyre er yngst av tre søstre, er det ho som må ta vare på familien. Ho jaktar i skogen for å skaffe mat og pengar, men når ho ein dag skyt ein ulv som viser seg å vere ein fe i dyreform, må ho betale prisen. Det inneber at ho er nøydd til å bu hjå feen Tamlin. Han er herre over Vårriket, eit av fleire rike i feene sitt land. Etter kvart fell dei to for kvarandre, men det kviler ei forbanning over rika til feene, og fleire farer ventar. Feyre blir testa på hardast mogleg vis, og lærer mykje om seg sjølv undervegs.

A Court of Thorns and Roses startar som ei slags gjenfortelling av Skjønnheten og Udyret. Men det som er fantastisk med denne serien er utviklinga hovudpersonen har gjennom dei fire bøkene. Feyre er både sterk og sjølvstendig til å byrje med, men må overkomme mykje i løpet av serien, og ting utviklar seg på ein måte som ikkje nødvendigvis er den vanlegaste for liknande seriar.

Les òg: Fem bøker om mental helse

Moxie – Jennifer Mathieu

Viv Carter er lei av at fotballgutane kan gjere kva enn dei vil. Ho er lei av at skulen kan bestemme kva jentene kan ha på seg. Ho er lei over å få ekle kommentarar frå gutane i gangen på skulen. Og ho er skikkeleg lei av å vere stille om det. Til slutt når Viv grensa si, og endar med å lage eit lite blad som ho legg igjen på jentetoaletta på skulen. Ho kallar bladet Moxie, og fortel ingen at det er ho som står bak det. Etterkvart skapar Moxie meir og meir engasjement og fleire byrjar å bidra. Moxie er alle sitt, og ikkje berre Viv sitt lenger. Gjennom Moxie tek Viv og andre jenter på skulen opp kampen mot kvardagsseksismen og diskrimineringa dei opplever.

Moxie er utvilsamt ei feministisk bok, der unge jenter startar ein samtale om tinga dei opplever i kvardagen. Boka viser ei jente som finn stemma si, og som får andre til å lytte. Og ikkje minst viser den jenter som står saman for noko dei trur på.

Les òg: Desse bøkene bør du lese i sommar