Dette er dei mest lesne sakene på Framtida.no i 2019

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. Ei påminning til dei som vil stoppe oljeboringa tvert

«Kanskje er det ein av ungdomane som protesterar i gatene som kjem med løysinga til slutt, men sanninga er at det per i dag ikkje finst fullgode erstatningar,» skriv Kevin Andre Søvre Myklebust i dette innlegget på Framtida.no som gjekk viralt i vår.

2. – Ungdom vil bli tatt seriøst

Intervjuet vårt frå 2015 med ei gruppe steinerskuleelevar om litteratur fekk plutseleg kring 60.000 lesarar etter at éin av dei, Philip Manshaus, i august drepte stesøstera si og gjekk inn i ein moské i Bærum med skytevåpen. Den terrortiltalte Philip Manshaus fekk det mest søkte mannsnamnet på Google i Noreg i 2019.

3. Kvart år vert tusenvis av mindreårige jenter gifte i USA

Dei siste åra har mange statar heva minimumsaldersgrensene for ekteskap, men motstanden mot ei absolutt aldersgrense på 18 år er stor.

Lise Vermelid Kristoffersen har automatisert sparinga si og har snart pengar nok til å «pensjonere seg». No delar ho sparetips gjennom blogg, Instagram og podcast. Foto: Ingeborg Løvlie

4. Lise (32) har snart spart nok til å kunne pensjonere seg

– Om du sparar halvparten av det du tener kan du pensjonere deg om 17 år, seier Lise Vermelid Kristoffersen.

5. – Song er like viktig for helsa som kosthald og trening

Lege og musikar Audun Myskja har i årevis jobba med song og musikk i behandling, og meiner at song er like viktig for helsa som trening og riktig kosthald. Artikkelen frå 2018 spreidde seg viralt i vår.

shorts Kristoffer Spissøy

– Andre kler seg etter vêret. Eg kler meg etter korleis eg ønskjer at vêret skal vera, seier Kristoffer Spissøy. Foto: Svein Olav B. Langåker

6. Kristoffer (20) har gått i shorts i snart fem år

– Til alle som frys pleier eg å seia: invester i ein shorts, seier lærarstudenten Kristoffer Spissøy (20) frå Stord i dette intervjuet frå vinteren 2019.

7. Tusenvis av svenskar med felles nyttårsforsett for klimaet

Meir enn 20.000 svenskar har gått saman om eit felles nyttårsforsett – å ikkje fly. Ordet flyskam blei kåra til årets nyord i Sverige, og gjekk blei eksportert til ei rekkje andre land.

8. Mats Herman og Guro har plass til eit heilt liv på 18 kvadratmeter

I mai såg dei hundrevis av Youtube-videoar av snertne minihus. I desember stod deira eige klart. Reportasjen frå Gloppen kommune var ein del av artikkelserien vår om lokale klimaløysingar.

9. 12 kule ord du berre finn på nynorsk

Lista over orda som er unike for nynorsk-brukarar har blitt lese jamnt godt heilt sidan ho blei publisert februar 2018. Artikkelen er den åttande mest lesne gjennom alle tider på Framtida.no.

10. Rapport: Dagens kjøttindustri blir utkonkurrert innan 2040

Ein ny rapport spår at kjøttindustrien slik vi kjenner han er på veg vekk. Dyrka kjøtt og plantebaserte alternativ vil i staden utgjera brorparten av kjøttproduksjonen.

Svenske Greta Thunberg (15) snakka på vegner av klimakampanjen Climate Justice Now! under FNs klimatoppmøte i Katowice i Polen i 2018. Foto: Connect4Climate, Twitter

11. Greta (15) under klimatoppmøtet: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje

Fleire av sakene våre om klimaaktivist Greta Thunberg er lese av mange. Denne saka frå desember 2018 er likevel den mest lesne Greta-saka i 2019.

12. Albert (19): – Dei ropte at sånne som meg ikkje hadde noko der å gjera

Albert Astrup vart hetsa på Norway Cup på grunn av funksjonsnedsetjinga si. Hendinga er diverre ikkje unik.

«Hyggelig gjensyn med Lothepus på kontoret», skriv stortingsrepresentant Sylvi Listhaug på Instagram. Foto: sylvi_listhaug

13. «Lothepus» om Listhaug: – Ho er ei venninne av meg – og det er tøft

Leif Einar «Lothepus» Lothe tok opp vindmøller og felling av rein på Hardangervidda då han var på kaffislabberas hjå Sylvi Listhaug.

14. Siri frå Snøfall: – Å sjå seg sjølv på TV er litt kleint

Årets julekalender Snøfall blei vist på TV første gong i 2016. Skodespelarane har blitt ein del år eldre enn det dei er på TV-skjermen.

15. Syriske Omar (23) overlevde skrekkfengselet

23-åringen, som er busett i Sverige, håpar at hans historie kan gje folk ei forståing av kva det vil seie å vere utsett for tortur.

16. Får sterk kritikk: Regjeringa føreslår å fjerna song frå norskfaget

Først fjerna regjeringa songen frå den overordna delen av læreplanane. No føreslår regjeringa å fjerna songen frå norskfaget også. – Det blir kaldt i skulen utan songen, seier musikkprofessor Jon-Roar Bjørkvold. Saka blei sitert i dei fleste media i Noreg og skapte sterke reaksjonar. Seint i haust snudde regjeringa og tok song med i læreplanen i norsk for 1.-4.trinn.

17. Even brølar for klima kvar dag klokka 12.00: – Brøling er den nye normalen

Fredag 30. august håpte Even Rydningen at 100.000 skulle stemma i for å visa politikarane at dei har fullmakt til å handla for klimaet. 30.000 i Oslo og 58.000 blei med på klimabrølet. Ordet «klimabrøl» blei seinare kåra til årets nyord i Noreg.

18. Klesbransjen må omfamne større storleikar: – Lei av «kjerringkle» og «formlause telt i jordfargar»

Lite utvalg i storleikar på klesbutikkar er med på å auke kroppspresset, og fleire er bekymra for effekten dette har på unge si mentale helse.

Carina Carlsen er ei av dei som står på barrikadene, og fremmar kroppspositivisme. Foto: Emilie Hansen

19. Utan auge

Då Guro Helene gjekk på ungdomsskulen åt ho så mykje gulrøter ho klarte. Ho hadde høyrd at det skulle vere bra for nattsynet ho sleit sånn med. Fem år seinare fekk ho vite at ho var fødd med ein sjukdom som gjer ho gradvis blind.

20. Havet stig: Over 50.000 bygningar kan bli ramma. Her kan du sjå om stormfloda vil fløyma inn i huset eller naustet ditt!

Artikkelen er ein del av artikkelserien vår om lokal klimarisiko der me har skrive om ulike typar risiko som klimaendringane fører med seg for norske lokalsamfunn.

Dei utstoppa dyra ingen vil ha, songdemonstrasjonar, klimademonstrasjonar, unge ordførarkandidatar, sterke historier frå pårørande og språkleg nyvinning av Disney og HBO. Her er Framtida.no sine favorittar.