Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 20.10.2022 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om eg saknar enkelte ord frå bokmålet, så har nynorsk likevel visse unike ord som er gøy å kunne bruke. Desse orda finn du ikkje på bokmål:

1. Framifrå

Første gong eg høyrte dette, var frå redaktøren min som sa at artikkelen eg hadde skrive var framifrå. Det var litt flaut å vedgå at eg ikkje heilt visste kva han meinte.

2. Løyndom og røyndom

Eg vedgår også at eg meir enn ein gong har blanda røyndom og løyndom, men begge orda er ganske kule.

3. Korkje

Dette ordet er berre så rart og kult på ein gong. Korkje betyr «verken» på nynorsk, og sjølv om verken er lov, er det fint å kunne velje.

4. Vonar/vonbroten

Eg bruker sjølv aldri vonar eller vonbroten, sidan det er så langt frå mi eiga dialekt. Men det er bra at dei som synest orda er naturlege for dei, har høve til å bruke det.

5. Grublisere

Grublisere er eit ord eg nettopp oppdaga, og eg måtte dobbeltsjekke ordet i ordboka for å tru at det var sant. Grublisere! Tenk så snålt.

Visse ord er heilt unike for nynorsk. Foto: Elise Løvereide

6. Bustyvel

For meg høyrest dette ordet meir ut som eit støvel, men det er altså eit namn på eit piggsvin. Eg har aldri høyrt nokon seie bustyvel, men det dukkar likevel ofte opp i nynorsk-quizar.

7. Semje

Dette ordet er så fint. Det same gjeld samd og usamd. Det er dessutan lov til å seie einig, og det er bra å kunne variere språket.

8. Naudsynt

Både nødvendig og nødvendigvis er lov, men du kan ikkje seie naudsynt på bokmål. Og sidan vi er vane med å byte ut ø med au på nynorsk, er naudsynt heilt prima.

9. Stundom

Det tok litt tid før eg forstod kva stundom tydde – det betyr altså «av og til.» Ingen ord på bokmål kan slå det!

10. Høve

I staden for «anledning» eller «mulighet» kan du spørre om ein person har høve til å gjere noko. Dette ordet bruker eg heile tida. Høve kan både bety at nokon har lyst og tid til å stille opp på noko, eller det kan vise til ei spesifikk hending. Til dømes «ved eitt høve var dei 10 kvinner til stades.»

11. Til dømes

Du kan seie «for eksempel» også, men «til dømes» høyrest liksom meir nynorsk ut, spør du meg. På bokmål har du ingen andre alternativ.

12. Mellombels

Mellombels kan ein faktisk seie på begge målformer, men eg har ikkje høyrt nokon bruke det på bokmål. Mellombels er eit fint ord som betyr «midlertidig» eller «foreløpig». Eitt døme er «han er i ei mellombels stilling.»

Med andre ord – det finst mange flotte ord på nynorsk. Bruk dei!