Siri frå Snøfall: – Å sjå seg sjølv på TV er litt kleint

Christian Wiik Gjerde
Publisert
Oppdatert 09.12.2019 17:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var ei stor oppleving med mykje folk på innspelinga. Alt var så mykje større enn det eg hadde vore med på tidlegare, seier Even Aakre (14).

Han spelte rolla som Håkon, den litt nerdete venen til hovudkarakteren til Selma.

1,8 millionar sjåarar

Selma er ei foreldrelaus jente som bur hjå tanta si medan ho ventar på ein fosterfamilie. Ho vert spelt av Siri Skjeggedal, som òg har vorte 14 år gamal.

– Eg hugsar veldig mykje frå heile serien. Men det er vanskeleg å trekkje fram berre éin ting, seier hovudrolla, som har sjarmert ein heil nasjon.

Snøfall er ein av dei mest sette julekalenderen NRK har laga, og i den siste episoden i 2016 såg heile 1,8 millionar menneske korleis historien slutta.

Populær hjå både barn og vaksne

Medan vaksne Vidar Magnussen, som spelte vonde Kong Winter, fekk hatmeldingar etter innsatsen, fekk borna meir positive tilbakemeldingar.

– Noko av det eg syntes var fint var at eg fekk så mange positive tilbakemeldingar frå vaksne. Det synest eg var kult, seier Even.

– Ja, serien nådde heile spennet frå ungt til gamalt, legg Kevin Haugan til.

Han spelte nissens hjelpar Pil, som Selma vert kjent med i eventyrverda Snøfall.

Snøfall-skodespelarane Siri Skjeggedal ( f.h.), Kevin Haugan, Trond Høvik (bak), Even Aakre og Charlotte Myrset, fotografert i 2016. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Skuffa klassekameratar

Innspelinga tok nokre år, og då Snøfall endeleg kom på TV-skjermen var det spente skodespelarar som kom på skulen morgonen 2. desember. Då skulle dei endeleg få tilbakemelding frå klassekompisar.

– Alle var så positive og nysgjerrige på handlinga i serien, noko eg ikkje fekk fortelje noko om. I tillegg susa det inn mange meldingar, fortel Kevin Haugan.

For Even var det litt annleis å møte opp på skulen.

– På skulen min møtte eg mange som var skuffa. Dei hadde høyrt at eg skulle vere med i julekalenderen, men så var eg ikkje med i første episode. Men etter 2. desember var eg med, og då fekk eg ein del merksemd, seier 14-åringen med eit smil.

Frå venstre: Even Aakre (Håkon), Kevin Haugan (Pil), Siri Skjeggedal (Selma) og Charlotte Myrset (Frida). Foto:
Christian Wiik Gjerde

– Eg ser så liten ut i serien

Dei har vorte ein del år eldre enn då dei spelte inn serien. Utanom Kevin, som var 13 då han byrja med innspelinga, var Siri, Charlotte og Even rundt ni år då filminga starta. No er dei 14, og går på ungdomsskulen, medan Kevin er 17 år.

– Eg synest eg ser så liten ut i serien, seier Charlotte Myrset som spelte Frida.

Siri Skjeggedal som spelte hovudrolla Selma, hadde aldri gjort noko liknande før.

– Å sjå seg sjølv på TV er litt kleint, men også veldig hyggeleg, seier ho.

– Men det er kult også, for vi kan mimre tilbake til den tida. Eg er stolt over det eg har gjort, avsluttar Kevin.

Slik er me vande med å sjå karakterane Frida (Charlotte Myrset t.v), Pil (Kevin Haugan) og Selma (Siri Skjeggedal) i Snøfall. Foto: NRK