Even brølar for klima kvar dag klokka 12.00: – Brøling er den nye normalen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar dag klokka 12 drar Even til Stortinget for å brøla

– Vi er travle menneske! Vi treng hjelp til å leva miljøvenleg! Vær så snill, politikarar! Treff tøffe val, som gjer det mogleg for oss å avgrensa global oppheiting til eit minimuuuuuuum!

Det er fjerde dagen Framtida.no møter opp framfor Stortinget klokka 12.00 for å få med seg dagens klimabrøl.

Denne dagen rakk han akkurat å sykla inn på Eidsvollsplass medan rådhusklokkene ringte. Han formar handa til ein ropert og lyden ber som vanleg godt opp mot dei folkevalde på Stortinget. Rundt sit eit knippe turistar i sjokk og vantru.

Vanlegvis har han med seg dagleg leiar i Klimabrølet Jon-Kristian Rydningen til dokumentasjon, men denne torsdagen både syklar og filmar Even Rydningen sjølv. Han kjem rett frå bæsjebleier og kav på passkontoret – travar vidare ned mot kontoret, som dei har fått låna av eigedomsfirmaet Entra.

Rydningen skjønar godt at daglege gjeremål kan hindra folk i å ta tak i klimaproblemet.

– Men me må setja av tid til dei store tinga òg, gitt, slår 35-åringen fast.

Klimabrølar Even Rydningen er van til å bli møtt med både «sjokk og vantru», smil, latter og risting på hovudet. Fredag 21. juni var han invitert av Extinction Rebellion til å brøla med aksjonsgruppa.

Dumpster diving og sparepengar

35-åringen, som til vanleg jobbar som sakshandsamar i UDI, har teke permisjon i fem månadar for å brøle for klima dagleg.

Både han og dagleg leiar Jon-Kristian Rydningen (30) jobbar fulltid med saka. Jon-Kristian er fetteren til Even, som òg har fått med seg søster si på laget.

Klimabrølar Even meiner stormannsgalskap er noko av grunnen til at nettopp han setta i gang brølet. Det glitrar i augo når han ser føre seg 100.000 menneske brøla i kor for «Noregshistorias viktigaste sak».

For initiativtakarane har det allereie kosta å setja i gong prosjektet. Med fleire månadar utan inntekt går sparepengane med til dei vanlege utgiftene og Even har i tillegg dumpster diva litt for å spe på mat.

– Men det er utruleg kult å jobba med denne saka og vete at me har forsøkt å gjera noko, understrekar Rydningen.

Klimaåret 2019

På nyåret dukka Facebook-arrangementet klimabrølet opp frå intet.

Fredag 30. august er ambisjonen at 100.000 menneske frå dei han gjerne kallar «den tause majoriteten» skal heva stemma si i eit unisont brøl for å vekkja politikarane til handling.

Etter den tredje skulestreiken for klima skal klimabrølet runga klokka 15.00.

Då Klimabrølet vart starta opp på nyåret visste dei framleis ikkje at 2019 skulle bli «klimaåret». Men det har det altså blitt med verdsomspennande skulestreikar og aksjonar frå Extinction Rebellion.

Rydningen er oppteken av å ikkje berre engasjera «dei typiske klimatrynene» frå MDG-veljarar og Natur og Ungdom, men òg nye folk.

Målet er å tydeleggjera for politikarane at interessa og kravet blant folk om «mykje tøffare klimahandling» er breitt forankra hjå alle.

– Dersom politikarane skal stå til val og vinna val, så er dette framtida. Då må dei reflektera denne populariteten, denne haldninga hjå folk, denne aukte bevisstheita og kunnskapen, meiner Rydningen.

Initiativtakarane bak Klimabrølet jobbar frivillig og Even Rydningen har teke fem månadar permisjon frå jobben for å kjempa for saka.

Eit stort og hårete mål

Lenge såg Rydningen på 100.000 klimabrølar som eit stort og hårete mål, men jo nærare det kjem jo meir får han trua på at det faktisk er mogleg å få til.

Klimabrølet har særleg fokus på å få med næringsliv og andre aktørar, som ikkje tradisjonelt vert assosiert med klimakampen.

Tilsaman har 60 bedrifter sagt dei vil brøla. Blant dei som har planlagt å brøla er fleire store fagforeiningar, biskopen i Oslo med sine 54 kyrkjer, Finn, Innovasjon Norge, Telia og Universitetet i Oslo.

Målet er å spreia ordet slik at flest mogleg går saman for å gje mot til politikarane.

– Dei må ta nokre upopulære, tøffe val på vegner av oss alle, slår Rydningen fast.

Even Rydningen har ikkje sett seg eit «brølemål» i desibel, men håpar på 100.000 brølarar fredag 30. august, slik håpar han å gje politikarane mot til å ta dei grepa som krevst for å stogga klimakrisa.

Normalt brøl

Ein kan kanskje seie at han varmar opp til årets brøl.

Turen frå kontoret – eller aksjonsrommet som nokon likar å kalla det – til Stortinget, har han gått eller sykla mange gonger i år. I perioden april til slutten av juni vart det over 40 brøl og fleire skal det bli. Stort sett er han der alle kvardagar klokka tolv – sol eller regn.

35-åringen er ikkje i tvil: «Brøling er den nye normalen».

– Me lev i ein høgst unormal situasjon med ein føreståande, sannsynleg katastrofal klimakatastrofe. Det er situasjonen og då skal me normalisera det å brøla. Det er heilt ok at du føler deg forbanna, redd, håplaus, maktelaus. Då må du visa det.

«Klimaforbanna»

Sjølv ser ikkje Rydningen på seg som ein av dei som er hardast råka av den nye diagnosen «klimaangst», sjølv om han har kjent på det.

– Eg er meir sånn «klimaforbanna» eg. Først og fremst forbanna, fordi eg veit ikkje kor alvorleg eg skal føla på dette her. Nokre forskarar seier jo heilt klart at oi, me er på veg mot katastrofale klimaendringar. Ei total samfunnsendring og utryggheit og ustabilitet ti år fram i tid, seier Rydningen, som særleg tenkjer på sonen sin.

Når politikarane då held fram i «sin vanlege tralt» møter han på problemet: «Kva skal eg tru?» «Kva er forståinga me som nasjon skal ha?»

Han etterlyser ærlegheit og eit forsøk på å etablere ein felles situasjonsforståing.

– Det er jævlig kjipt. Forferdeleg at me ikkje får den ærlegheita og den klåre bodskapen.

Aksjonskontoret ligg berre eit steinkast frå Stortinget. Even Rydningen er der nesten alle kvardagar klokka 12.00 for å ropa til dei folkevalde.

Mangel på handling

– Brøling handlar jo om å seia veldig høgt og tydeleg i frå om at denne håplause mangelen på handling i ein alvorleg situasjon, fungerer «overhodet» ikkje lenger, seier Rydningen idet han travar forbi Grand kafé.

Han har trua på at eit dagleg brøl, det å vera standhaftig og gjere ting igjen og igjen kan fungera slik at ein kan flytta litt på ting og få med seg folk.

Han klarar ikkje heilt å vere sint på politikarane, for slik han ser det vil folk stort sett ha låg skatt, billig kjøtt og billige sydenturar.

– Ansvaret ligg openbert ikkje åleine hjå politikarane. Det ligg hjå kvar enkelt av oss, våre krav og kva me stemmer, understrekar Rydningen.

Han meiner likevel at politikarane har eit sjølvstendig ansvar for å handle utifrå den kunnskapen dei har.

– Dei veit, og det har dei visst lenge, at slik me held på no, det funkar ikkje i lengda.

Det politiske spørsmålet

På spørsmål om politikarane er rusta til å ta så langsiktige val som klimakrisa krev svarar brøleaktivisten «ja og nei». Han peikar på at vår politiske system er prega av kortsiktigheit.

– Det handlar mykje om å bli attvalt, popularitet og kortsiktige prioriteringar og klimakrisa er jo noko som overhovudet ikkje kan handsamast populistisk, eller med kortsiktige verkemiddel, så det er openbert ein svakheit i systemet, seier Rydningen, som likevel er sikker på at det går an å «jenke det til på eit vis».

Han trur på ein ny type historie der me samlar oss.

– Me gjer jo det i krisesituasjonar. Me gjorde jo det under krigen. Då stod jo nasjonen i stor grad samla. Og me kan samla oss òg i møte med denne krisa. Me kan gjera ei fin historie av det.

Store kostnadar

Den høgrøsta klimaaktivisten meiner det er viktig at me er ærlege på at det kjem til å kosta, me må ofra noko. Likevel er han ikkje i tvil om at det vil løna seg, òg økonomisk, å ta grep.

– Katastrofale klimaendringar kjem til å bli vanvitig dyrt. Me mistar naturen me er glad i, ukontrollerbare migrasjonsstraumar, sosial uro, og så vidare og så vidare, seier Rydningen alvorleg.

– Folk har veldig ulike brøl. Nokon høyrest ut som ein svolten kattunge, andre som ein kåt hjort, andre som ein vanleg kar med avgrensa sangerfaring, ler Rydningen, som bruker sosiale medium for å spreia bodskapen.