Ei påminning til dei som vil stoppe oljeboringa tvert

Kevin Andre Søvre Myklebust, Prosjektleiar ved skipsverft
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Med fare for å framstå som «sint grinebitar» heilt i utakt med det grøne skiftet, må eg likevel få kome med eit lite hjartesukk.

Eg synest det er flott å sjå kor ungdomen engasjerar seg og går i gatene for klimaet og kloda vår. Vi har fått berre ei klode og ungdomen har rett i mykje: Vi forsøplar i meiningsløysa rundt oss og må verkeleg ta skeia i ei anna hand før planeten druknar. Denne bevegelsen er viktig og kanskje er det starten på noko større.

Her kjem likevel ei påminning til dei som meiner vi skal stoppe å borre etter olje med det same:

Vi kan begynne å sjå rundt oss, ta det næraste fyrst: Store delar av kjøleskapet ditt, frysaren din, vaskemaskina di, laminatet på golvet ditt, dei nye «rør i røra» i veggane dine, dei nye vedlikehaldsfrie vindauga dine, alle stikk-kontaktene dine, TV-en din, dataskjermen din, stereoanlegget ditt, mobilen din, dusjkabinettet ditt, kaffitraktaren din, vannkokaren din, baderomsplatene dine, fotballen som ligg i hagen din og solane på skoa dine er nokre få eksempel på produkt som er produsert av oljebasert polyetylen.

Denne bevegelsen er viktig og kanskje er det starten på noko større

For mange er det nok å sjå enda nærare: det nødvendige kirurgiske implantatet, dei nye linsene, høyreapparatet, den nye kneprotesa, den nye tanna eller den nye armprotesa.

Så går du ut av huset ditt, du treng ikkje gå så langt, til garasjen kanskje. Er du heilt sikker på at du klarer deg uten bildekka på elbilen din, vindaugsviskarane på elbilen din, mesteparten av interiøret i elbilen din, isolasjonen på kablane i elbilen din, og høyr ironien: Batteria i elbilen din som også i stor grad er produsert av oljebasert polyetylen?

Les også meiningsinnlegget: Det er kjekt at du engasjerer deg, Erna. Men gjer det på ekte – med ansvarleg klimapolitikk

Misforstå meg rett, eg heiar ikkje på plast eller andre oljebaserte produkt og det gjer vondt i sjela å sjå all forsøplinga vi etterlet oss i naturen. Det er også forunderleg å sjå kreativiteten til matvare- og produktindustrien som nesten leitar etter nye måtar å pakke inn produkta sine på, i plast naturlegvis.

Det går heldigvis framover, nokre erstatningar har kome og fleire er på veg. Det forskast på nanocellulose og andre spennande materiale som kan ta over «herredømet». Kanskje er det ein av ungdomane som protesterar i gatene som kjem med løysinga til slutt, men sanninga er at det per i dag ikkje finst fullgode erstatningar. Inntil vidare er vi altså heilt avhengige av desse «fordømte» oljebaserte polyetylenprodukta og kjem til å være det i mange, mange år.

Inntil vidare er vi altså heilt avhengige av desse «fordømte» oljebaserte polyetylenprodukta

Dette kjem av at polyetylen, beståande av svært lange og sterke hydrokarbon-kjeder, er fantastiske materiale som vi i dag nesten ikkje finn maken til i organisk kjemi. Det reagerer lett med andre stoff og kan derfor tilpassast det mest utrulege. Gjennomsiktig, farga, knallhardt, bøyeleg, gummi, uslitelig, sliteleg, eller potte tett slik at det bevarer maten frå produsent til forbrukar. Nesten berre fantasien sett grenser.

Nor-X frå Gursken fann til og med ei metode for å bryte ned igjen hydrokarbonkjedene, men vi er visst alt for glade i plast, så dette ville ikkje verda ha noko av.

Les også: CO2-svampar skal gjere klimagass til drivstoff

Poenget er at oljeindustrien ikkje berre handlar om drivstoff, smøreolje til motorane på Viking Sky og gass til kjøkkenbenkane i Europa, den handlar om så mykje meir.

Den handlar om kvardagen slik vi kjenner den og forventar at den skal være i 2019. For å sette det litt på spissen: Kuttar vi all produksjon av olje i dag trur eg vi er tilbake til «steinalderen» på kort tid. Vi kan nok leve ei stund på re-sirkulering og gjenbruk men ikkje særleg lenge.

Er alle egentleg klar over dette? Eg synes iallefall dette er underkommunisert i det offentlege ordskiftet.

Den handlar om kvardagen slik vi kjenner den og forventar at den skal være i 2019

Oljen tek ein gong slutt, vi må finne reinare og fornybare energikjelder og materialer, dette veit vi alle. Men vi kan ikkje stoppe denne produksjonen over natta, det må vi også vite og forstå. Vi må lære oss å leve med og ikkje i mot, re-sirkulere og ikkje kaste det i naturen, utvinne reinare og forbrenne reinare inntil fullgode erstatningar er på plass.

Ja, om ikkje vi faktisk vil tilbake til steinalderen då? Kan hende det hadde vore rett så behageleg i dette endelause jaget etter suksess og prestasjon.

Alle arbeidplassane og velferdsmilliardane oljeindustrien og underleverandørane har pumpa inn i staten Norge sidan vesle julaftan 1969 synest å vere irrelevant, så det brukar vi ikkje meir tid på. At norsk sokkel, dei norske rederia i seismikk og supplynæringa og landanlegga samla sett også leverer den reinaste produksjonen av olje og gass i verda spelar heller inga rolle, for no handlar det visst mest om å få lagt ned denne «fordømte driten» fortast mulig! Og det landet som produserar reinast? Ja, dei bør legge ned fyrst!

Les også meiningsinnlegget: Ungdommane som streikar (og alle andre) må faktisk leggje om livsstilen sin

Teksten var først publisert i eit Facebook-innlegg.