Dei yngste skal framleis syngje i skulen: – Ein halv siger

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jarle Flemvåg er leiar for Krafttak for sang. Foto: Krafttak for sang

Den nye læreplanen for norskfaget stadfestar at song framleis skal ha ein plass i den norske skulen – men berre hjå dei aller yngste.

– Ein halv siger, seier Jarle Flemvåg til avisa Vårt Land.

Han er leiar i organisasjonen Krafttak for sang og har tidlegare fortalt Framtida.no at han skulle ynskje musikk var nemnd i norskfaget i heile grunnskulen.

– Eit tillegg til andre «viktigare» fag

I den endelege læreplanen er det likevel berre i kompetansemåla til elevane frå 1. til 4. trinn at song står skrive svart på kvitt.

I kompetansemåla til 2. trinn står det at elevane skal kunne «uttrykke tekstopplevelser gjennom lek, sang, tegning, skriving og andre kreative aktiviteter», medan elevar på 4. trinn skal kunne «lese og lytte til fortellinger, eventyr, sangtekster, faktabøker og andre tekster» og «utforske og formidle tekster gjennom samtale, skriving, lek, bevegelse og andre kreative uttrykk».

Flemvåg får støtte frå leiar i kunstnarorganisasajonen Creo, Hans Ole Rian. Creo-leiaren seier denne manøveren viser at den grunnleggjande tenkinga rundt praktisk-estetiske fag er for dårleg i Kunnskapsdepartementet:

– Ein har tydelegvis ei oppfatning av at dette er ein slags pynt på kaka, noko som kjem i tillegg til dei andre, «viktigare» faga, seier Rian til Vårt Land.

Song-thriller

Det har vore stor spenning knytt til kva plass song får i læreplanane som trer i kraft hausten 2020.

For to år sidan vart song fjerna frå den overordna delen av læreplanen, og i mai kunne Framtida.no fortelje at regjeringa, i det første forslaget til nye læreplanar, føreslo å fjerne song også frå norskfaget.

Det skapte enorme reaksjonar frå lærarar, akademikarar, kulturtoppar og musikkjendisar.

– Dette er vettlaust, og tar ikkje omsyn til korleis barn lærer, sa pensjonert professor i musikkvitskap Jan-Roar Bjørkvold til Framtida.no.

I midten av juni demonstrerte difor 33 nasjonale organisasjonar framfor Stortinget for å behalde song i norsk skule.

Etter den massive kritikken snudde Utdanningsdirektoratet, og la fram eit nytt forslag der song framleis skulle vere ein del av norskfaget frå 1.-4.-trinn.

Gunnhild Skjold (23) frå Tromsø er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/NMU