Lite utvalg i storleikar på klesbutikkar er med på å auke kroppspresset, og fleire er bekymra for effekten dette har på unge si mentale helse.

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klesbransjen må omfamne større storleikar: – Lei av «formlause telt i jordfargar»

– Som tjukk skal ein gøymast. Klesindustrien ønskjer ikkje å lage kle til oss. Skal vi gå rundt i svarte søppelsekkar da? Nakne? Nei! seier kroppsaktivist Carina Carlsen (32).

Ho er rådgivar på Likestillingssenteret, foredragsholdar, samfunnsdebatant og burleskartist. I tillegg står ho bak den kroppspositive instagramskontoen Fetmenfattet.

Samstundes er 32-åringen ei av dei som står på barrikadene, som kjempar i mot kroppspresset og ynskjer større mangfald i klesbutikkane.

Små storleikar oppe i Stortinget

– Klesindustrien er vondskapsfull. Både på grunn av korleis kleda blir produsert, men også presset dei legg på unge, seier Emma Krohn-Dale oppgitt.

Emma Krohn-Dale har trua på endringar i klesindustrien. Foto: Privat

18-åringen er likestilling og inkluderingsansvarleg i AUF Møre og Romsdal, og ei av mange som synest det er vanskeleg å finne klede som sit fint på kroppen, samstundes som dei er moteriktige.

Tidlegare har den unge politikaren klaga på dei små storleikane hjå BikBok, og korleis det påverkar sjølvkjensla til kundane.

Den gong nådde saka heilt til Stortingets spørretime, men Krohn-Dale føler det framleis ikkje har skjedd noko større endring.

Les meir: – Berre 0,04 prosent av kvinnene stemte overeins med hoftemålet til utstillingsdokkene.

Lei av «kjerringkle» og «formlause telt i jordfargar»

Krohn-Dale er lei av å kjøpe «kjerringkle», og skulle ønskje ho kunne gå på shopping saman med dei andre veninnene sine utan at ho måtte gå på ei eiga avdeling.

– Med ein gong ein går opp i storleik får kleda dårlige snitt og ofte mykje mønster, seier Krohn-Dale.

19-åringen fortel at ho aldri har hatt ei skikkelig dongribukse, fordi storleikane er for små.

Kroppsaktivist Carina Carlsen har også erfart kor utfordrande det kan vere å finne kle som passar. I alle fall om ein ikkje vil ha «formlause telt i jordfargar». BH-ar kjøper ho i England, ettersom dei rette storleikane ikkje er tilgjengeleg her. Kjeder som HM, Cubus og Lindex har ho gitt opp for lenge sidan. No handlar ho kleda sine blant anna på Manillusion og Boohoo, men også noko vintage.

– Min fashion rule har eg frå Beth Ditto: «If it sits it fits». Sjølv om eit klesplagg kanskje er meint å vere «oversized» og det er tettsittande på meg, gjer det ikkje noko så lenge det passar.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Jeg har knyttet mye av, om ikke all, min identitet opp mot at jeg er tjukk. Jeg har latt kroppen bli meg, og være alt jeg er. Det at jeg er tjukk har bestemt hva jeg skal kle meg i, hvilke mennesker jeg har oppsøkt, hvem jeg har ligget med, hva jeg skulle søke av jobb, hvordan jeg har behandlet meg selv, også videre. Alt har bunnet ut i, og blitt styrt av, at jeg er tjukk. Da jeg etter hvert sluttet å tenke at vekta mi definerte hvem jeg er som menneske, måtte jeg lære meg å bli kjent med meg selv på nytt. Hvem var jeg om jeg ikke var hun tjukke? Hun som ikke kunne være med på ting, fordi hun var tjukk? Hun som alltid hadde en vits på lager for å glatte over og passe inn i det bildet folk har av tjukke mennesker? Hun som hele tiden bekymret seg for hva andre måtte mene om henne, fordi hun var tjukk? Når jeg etter hvert fikk skrellet av det tykke laget som var det eneste jeg kjente med meg selv, sto jeg igjen og visste ikke hvem jeg var, og stilte hele tiden spørsmål til meg selv om jeg virkelig kunne gjøre disse tingene, gå i de klærne, flørte med de menneskene, søke den jobben. Og selvfølgelig både kunne og kan jeg det. Det har vært en lang reise, og jeg jobber fortsatt med å bli kjent med meg selv. Jeg er tjukk, men det definerer meg ikke lengre som person – selv om jeg skriver mye om det. Jeg velger å snakke og skrive om disse tingene, i håp om at det kan inspirere andre til å gi litt slipp på den trygge, men kanskje vonde identiteten man gir seg selv, basert på hva man tror andre forventer av en. Uavhengig av hva slags kropp du har. Du er din egen. Du er deg, og du er full av uendelig mange spennende og viktige tanker, meninger og synspunkter. Våg å bli kjent med deg selv som noe annet enn det folk ser og det du tror de tenker. Jeg heier! Foto: Jorunn Tharaldsen #kroppsaktivist #kroppspositivisme

Et innlegg delt av Carina (@fetmenfattet)

Les meiningsinnlegget frå idrettsutøvar Birgit Skarstein: – Det er absurd for meg at konkurransen om sommarkroppen handlar om å vere deilig nok til å gå i bikini eller baris.

Dei psykiske utfordringane er størst

Den største utfordringa med mangel på storleikar er likevel ikkje det å finne klede: Det er den psykiske påkjenninga.

– Når ein går inn i ein butikk der ingenting passar sender det signal om at det er noko feil med deg. Denne tanken blir forsterka av blant anna sosiale media, fortel Carlsen.

Emma Krohn-Dale understreker at dette går spesielt ut over psyken til den unge delen av befolkninga.

I årets UngData om ungdom og psykisk helse kunne ein sjå eit tydeleg overlapp mellom dei som var misnøgd med eigen utsjånad, og dei med nedsett psykisk helse. Dette gjaldt spesielt blant jenter, men også for gutar. Vidare kom det fram i gruppeintervjua at det var meir tabu å prate om kroppspress enn skulepress.

I april la MDG-politikar Hulda Holtvedt fram eit representantforslag om politiske tiltak for å minske kroppspresset blant ungdom. Forslaget kritiserte mellom anna marknadsføring av slankemiddel og kosmetisk kirurgi, og føreslo eit forbod mot mannekengdukker med medisinsk uforsvarlege kroppsproporsjonar.

Les meir: – Mange forventar at eigne kroppar skal følgje ein mal, og at dei er mislykka viss dei ikkje klarer å passe inn i denne malen

Treng fleire gutar og jenter med større kroppar

Carina Carlsen brukar instagram til å ufarleggjere kropp. Foto henta frå: Fetmenfattet

Emma Krohn-Dale og Carina Carlsen meiner det er på høg tid klesbransjen omfamnar og syner fram det kroppslege mangfaldet som eksisterer.

Det å føle seg representert har mykje å seie, spesielt å kunne sjå litt av seg sjølv i det som blir framstilt som eit «ideal» eller «vakkert».

Krohn-Dale ønskjer meir mangfald i bransjen: større storleikar og at catwalken har rom for fleire gutar og jenter med større kroppar.

– Alle er forskjellige, noko som er så fint og vakkert! Eg forstår ikkje kvifor industrien ikkje brukar dette mangfoldet til sin fordel, seier ho.

Kroppsaktivisten Carina Carlsen meiner det trengst haldningsendringar over heile fjøla for at ting skal bli betre: Om samfunnet ser på det å vere feit som noko feil, vil ikkje industrien inn i dette.

Les meir: Vi har godt av å bli eksponerte meir for vanlege kroppar 

– Kva er eigentleg pluss-size? Dette varierer jo frå butikk til butikk. Ordet i seg sjølv vitnar om at det er noko negativt. «Overvekt-avdeling» kunne det like så godt heite. Foto: Emilie Hansen