«Lothepus» om Listhaug: – Ho er ei venninne av meg – og det er tøft

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein vert jo forbanna når folk snakkar om ting dei ikkje har peiling på, seier Leif Einar «Lothepus» Lothe på telefon til Framtida.no.

Hardingen som vart kjent for norske sjåarar gjennom realityserien Fjorden Cowboys vart kåra til årets medienamn i 2017 då han deltok i Farmen kjendis.

Biografien om «Lothepus» klatra fort opp på bestseljarlistene, og journalist Runar Bjørkvik Mæland meinte difor at Lothepus er den nynorske superkjendisen verda treng.

«Lothepus» fekk dialektprisen 2018 og Facebook-sida til «Lothepus» er så langt Framtida.no kjenner til den mest likte nynorsksida på Facebook med sine over 136.000 likerklikk.

Førre veke skapte 49-åringen stort engasjement med eit innlegg om at han har vore på Stortinget for å snakka om vindmøller og reinsdyrfelling.

Sylvi: – Han er en kjempekar!

Til Framtida.no forklarar Leif Einar Lothe at han vart invitert på kaffislabberas til Sylvi Listhaug. Listhaug, som er innstilt til ny nestleiar i Framstegspartiet før landsmøtet denne helga, stadfestar dette ovanfor Framtida.no.

«Leif Einar var med på boklanseringsfesten min i november. Det var utrolig hyggelig! Han er en kjempekar! Vi har holdt kontakten og det var kjekt at han ville stikke innom Stortinget og slå av en prat,» skriv Listhaug i ein e-post til Framtida.no.

I dag kom nyheita om at Listhaug går inn att i regjeringa som ny eldre- og folkehelseminister.

Lothepus forklarar at han er litt einig med Listhaug, som han kallar ei «tøff dama».

– Ho er drittøff. Ho tålar å stå for ein støyt og seie sanninga. Ho pakkar det ikkje inn i dill og dall. I tillegg tålar ho å verte tilsnakka om ho har feil, seier Lothepus og legg til:

– Ho er herleg og oppriktig. Ho er ei venninne av meg – og det er tøft.

Les også intervju med Listhaug-forfattar Mathias Fischer: Meiner Listhaug er Sana i Skam

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Hyggelig gjensyn med Lothepus på kontoret ?

Et innlegg delt av Sylvi Listhaug (@sylvi_listhaug)

Skrantesjuke og vindmøller

Førre månad kunne NRK Telemark fortelje at Hardangervidda villreinlag føreslo å fella 7000 reinsdyr for å hindra spreiing av skrantesjuke. Forslaget har vekt sterke motreaksjonar frå folk og fagpersonar som meiner ein ikkje veit nok om konsekvensane.

Lothepus er blant dei som meiner det er tull å felle tusenvis av reinsdyr på Hardangervidda utan å vete nok om sjukdomstilstanden deira.

– Dei må bruka sunn fornuft og tenkja seg om, seier «Lothepus», som etterlyser meir forsking på reinen.

Les også innlegget: «Gratulerer, Sylvi, du er feminist!»

«Lothepus» for bølgekraft

Facebook-gruppa «Lothepus som statsminister 2017» har i dag over 12.000 følgjarar, men hardingen sjølv har aldri vore medlem av noko parti.

– Kanskje eg skal starta mitt eige parti, spøkar «Lothepus», som avkreftar at Sylvi Listhaug har freista å verve han.

I likheit med mange andre nordmenn er hardingen i desse dagar òg engasjert i vindmølledebatten, som har skote fart etter at NVE peika ut 13 landområde dei meiner er spesielt eigna for vindkraftutbygging.

– Eg meiner det er noko tull å ha det på land. Dei må laga bølgekraftverk, men om ein absolutt skal ha vindmøller så må dei ha dei til vatn, seier «Lothepus».

Listhaug synest på si side det er nyttig å få innspel på korleis «Lothepus» ser på sakene.

«Vindmøller er en heftig debatt lokalt mange steder. Det er forståelig at mange ikke ønsker dem inn i vakker vestlandsnatur,» avsluttar Listhaug.