Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det meste av kjøttet me et i 2040 kjem ikkje til å stamma frå døde dyr. Det er konklusjonen i ein nyleg publisert rapport frå konsulentselskapet AT Kearney.

Det var britiske The Guardian som først omtala saka.

Dyrkar muskelstamceller frå levande dyr

Verdas første burger av dyrka kjøtt var det Mark Post ved Maastricht-universitetet i Nederland som viste fram allereie i 2013. Foto: David Parry/PA

Konsulentselskapet spår at plantebaserte alternativ, slik som Beyond Meat og Impossible Foods, samt dyrka kjøtt, vil ta over stadig større delar av marknaden.

Dyrka kjøtt blir produsert ved at ein henter muskelstamceller ut av levande dyr, for deretter å dyrka fram muskelfibrar av desse. Til slutt blir fibrane kombinert til eit kjøttstykke.

Drivkrafta bak denne utviklinga er bekymring rundt effekten industrielt dyrehald har på klima og miljø, samt omsynet til dyrevelferd, slår rapporten fast.

Foto: UiO

Framtida.no har tidlegare snakka med UiO-forskar Karen Lykke Syse om korleis bacon-sengetøy og hipsterkultur kan stå i vegen for ei reduksjon i konvensjonelt kjøttkonsum.

Gradvis mindre konvensjonelt kjøtt

Rapporten peikar på at den konvensjonelle kjøttmarknaden vil vekse sakte dei neste åra, ettersom befolkningsauka skjer på stader med lågt kjøttkonsum, slik som India og Afrika.

Ekspertane meiner at plantebaserte alternativ til kjøtt vil vere svært viktig i overgangsfasen frå konvensjonelt kjøtt til dyrka kjøtt, men at dyrka kjøtt vil vinna fram på lang sikt. Dei reknar også med at prisen på begge delar synke kraftig fram mot 2030.

Medan innovasjonen innan plantebasert kjøtt vil stoppe opp på 2030-talet, vil dyrka kjøtt bli stadig likare konvensjonelt kjøtt i tekstur, i takt med teknologiske framsteg, spår AT Kearney.

I 2040 reknar dei med at dei nye industriane vil vere godt etablerte. Konvensjonell kjøttproduksjon vil frå dette tidspunktet gradvis bli redusert til nisjeprodukt med hovudvekt på god dyrevelferd, ifølgje selskapet.

Plantebasert braksuksess

Slik ser den plantebaserte hamburgeren til Beyond Meat ut. Denne blei nyleg lansert på den norske marknaden. Foto: Beyond Meat

I Norge kan ein sjå enkelte teikn til at utviklinga går den vegen AT Kearney spår. Beyond Meat, som produserer plantebasert kjøtt, har opplevd ei 570 prosent auke i aksjekursen sidan mai.

Selskapet sin burger har blitt ein «salgssuksess butikkene sjelden har sett maken til» etter at Rema 1000 og Kolonial.no tok produktet inn i hyllene i vår.

På Ås utanfor Oslo er forskarar nå i gong med utvikling av dyrka kjøtt, med støtte frå kjøttprodusenten Nortura, meldte Teknisk Ukeblad i vår (ekstra).

Ikkje berre kjøttindustri vil bli råka

I konsulentselskapet sine framskrivingar for 2040 reknar ein med at 35 prosent av marknaden vil vere dyrka kjøtt, 25 prosent vil vere plantebasert, og at 40 prosent framleis vil vere konvensjonelt produsert.

Etter det vil dyrka kjøtt gradvis ta over stadig større delar av marknaden.

Men utviklinga vil ikkje berre råka konvensjonell kjøttproduksjon. Også mjølk, egg, gelatin og fisk kan ein produsere meir ressurseffektivt med liknande teknologi som den for dyrka kjøtt, slik AT Kearney ser det.

Andre er kanskje meir opptatt av å spare tid enn miljøet: Denne nyvinninga som kan erstatta alle måltida dine har i det siste blitt svært populær.