Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det heile byrja som ein protest. Kristoffer Spissøy er aktiv i speidaren, og nokre foreldre klaga på at ungdommane i speidargruppa ikkje gjekk føre som gode eksempel når det gjaldt å kle seg godt og varmt på tur. Nokre av ungdommane ville ikkje ha slik innblanding og byrja å gå i shorts i protest. Kristoffer Spissøy blei med på protesten, og byrja å gå i shorts ved slutten av 9. klasse.

No er han den einaste i speidargruppa som framleis går i shorts, sjølv om det er fleire minusgrader ute og han må vassa i snø.

– Målet er å kunne seia at eg har gått i shorts meir enn halve livet. Då må eg gå i shorts til eg er 31 år, seier Kristoffer til Framtida.no.

Les også: – Vi fjernar oss frå naturen sånn at vi blir sjuke

«Han med shortsen»

– Det begynte berre som gøy. Men no har shortsen blitt ein del av meg. Det er slik folk kjenner meg igjen; som han med shortsen. Eg kan gå gjennom Bergen sentrum med øyretelefonane på og bli stoppa på gata av gamle damer som lurer på om eg ikkje burde kle meir på meg. Det er mest gamle damer som stoppar meg. Dei er alltid redde for om eg frys.

Kristoffer Spissøy føler seg meir komfartabel når det er kaldt enn når det er veldig varmt. Foto: Svein Olav B. Langåker

Sjølv trur han ikkje det er nokon særleg samanheng mellom kulde og sjukdom. Han har gått ute i shorts i minus 11-12 grader utan å bli sjuk.

– Éin minusgrad er berre friskt. Eg kan frysa eg òg, altså, men det tar berre lenger tid.

Ein kompis slutta med shorts etter råd frå legen etter ein skade han fekk i foten.

shorts slalom

Kristoffer Spissøy i Furedalen Alpinanlegg saman med søstera Tina Spissøy og broren Lukas Myklevoll. Foto: Privat

– Det einaste negative eg sjølv har opplevd med shorts, var då eg ramla på sykkelen for eit par veker sidan, seier Kristoffer, og stryk over restane av eit skrubbsår på leggen.

I vennegjengen har han blitt ein målestokk for kor kaldt det er.

– Dei seier at om Kristoffer frys, då er det gale.

Les også reportasjen om Benjamin Aarø: Han er borgar av eit land som enno ikkje eksisterer.

Bekymra for klimaendringar

– Det har blitt mindre snø på Stord enn det var før, sjølv om det var meir i fjor og i år enn vanleg, seier Kristoffer. Han meiner dette kan skuldast klimaendringane.

Sidan han byrja med shorts om sommaren gjekk det greitt å venna seg til at det blei kaldare. No er han meir uroa for temperaturauke enn å frysa.

– Det er kjipt at verda blir varmare. Ingenting er så godt som å liggja i ei iskaldt soverom under ei varm dyne. Det går an å venna seg til det meste. Men eg hadde daua om eg hadde vore i Australia no.

I fleire byar på andre sida av jorda har gradestokken nærma seg 50 grader i skuggen.

Les også: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje

Nokre få unntak

Lærarstudenten ved Høgskulen på Vestlandet har nokre unntak for shortsregelen. Helsefarleg kulde er ein slik grunn.

– Meir enn 10 minusgrader kombinert med vind betyr bukse.

Han passar òg på å ikkje gå tynnkledd elles.

– Så lenge eg har på meg nok klede på overkroppen og ikkje har våte sko, så går det heilt fint.

Han tar òg på seg bukse i gravferd, bryllaup og andre samanhengar der shorts ikkje passar seg. Men no har han fått seg ein dress-shorts som han ventar på å få prøva ut ved den rette anledninga.

Seinast i haust fekk Kristoffer Spissøy eit nytt unntak for regelen. Han fekk seg jobb på Rema 1000.

– Der er det uniform, og då har eg bukse. Det går heilt greitt.

Blir ikkje forkjøla av kulde

Om nokon no skulle bli frista til å gå ute i shorts om vinteren, så føler Framtida.no eit visst ansvar. Me sjekkar derfor med lege og Framtida.no-spaltist Malin Bu Solgård om det verkeleg er sant at det ikkje er lettare å bli forkjøla når ein går ute i shorts om vinteren:

– Så vidt eg veit, så er det ingen studiar som viser auka risiko for luftvegssjukdommar på grunn av eksponering for kulde, seier ho, og prøver å halda seg alvorleg.

QUIZ: Er du ein klimaekspert?