– Om du sparar halvparten av det du tener kan du pensjonere deg om 17 år, seier Lise Vermelid Kristoffersen.

Ho er ein kløppar på å spare pengar. Fridomen oppspart kapital gjev, er éin av grunnane til at ho legg vekk litt kvar månad.

– Eg kan gjere akkurat kva eg vil, og får eg plutseleg ein draum har eg råd til å følgje den, seier ho.

Då ho var 14 år gamal, fekk ho vite at huset familien budde i kosta éin million.

– Eg fekk jo berre hundre kroner i vekeløn, og tenkte at eg aldri kom til å ha råd til hus!

Konfirmasjonspengane gjekk rett i huspotten, og sidan den gong har ho vore bevisst på sin eigen pengebruk. No er ho 32 år, skriv bloggen Pengesnakk og har nyleg byrja å lage podkast med same namn.

Les også: Rekordhøg handel under Black Friday

Er aldri streng med eigen pengebruk

Tryggleik og moglegheiter. Det er grunnane til at Kristoffersen kvar månad legg vekk to tredjedelar av løna til sparing. Når ho i tillegg er småbarnsmor, høyrest det ut som noko som krev mykje planlegging og stramme budsjett, men det er ikkje tilfellet.

– Eg tenker veldig sjeldan på sparing, og har ikkje noko budsjett eg følger. Sparing har blitt automatikk for meg.

Å klare å spare så mykje handlar også litt om korleis ein er som person, fortel ho. Lise og mannen føretrekk å lage mat frå botnen av heime, framfor å ete ute. Skal dei treffe venner og andre småbarnsforeldre gjer dei det heller på biblioteket eller i skogen, ikkje på kafé. Ho har ingen faste abonnement og går sjeldan på konsertar og festivalar.

Les også om at inkassogjelda til unge aukar: – Unnar ingen å hamna i Luksusfellen

Sparing > shopping

– Er det ikkje kjipt å heile tida leve på eit knapt budsjett?

– Om eg synest det var kjipt, hadde eg aldri gjort det. Eg har bevisst prioritert sparing framfor shopping og forbruk, og trivst med det.

Følger ho spareplanen i åtte år til, har ho ein formue på litt under fire millionar, som igjen vil gje ei årleg avkasting på 150.000 kroner. Det er nok til å kunne slutte å jobbe når ho er 40. Ho er likevel ikkje så glad i uttrykket «pensjonere seg».

– Det betyr jo ikkje at eg skal parkere meg på ei strand resten av livet akkurat!

Mange som har gjort det same brukar tida på frivillig arbeid eller eigne prosjekt. Kjensla av å vere til nytte trur ho er eit menneskeleg behov, så ho ser ikkje for seg å slutte i jobben for godt. Poenget er at ho kan.

I dag jobbar ho med emballasjeutvikling i Tine og stortrivst med å vere med på å utvikle berekraftige produkt for framtida. Og kven veit, kanskje vert det endå kjekkare å jobbe når ein veit ein ikkje vere der?

Fiksing og gjenbruk er to av sparetipsa hennar.

Treng ikkje tredoble forbruket berre fordi ein er ferdig å studere

– Kva med studentar, som ikkje akkurat er dei som har mest til overs når månaden er slutt? 

– Svaret handlar om kva ein gjer etter at ein er ferdig å studere. Når ein går frå student til å vere i jobb, aukar plutseleg inntekta frå 8000 til 25.000 kroner i månaden. Då er det veldig lett å justere opp forbruket til å bli tre gongar så stort også. Om ein er bevisst i overgangen frå studiar til jobb har ein eit enormt sparepotensiale!

Samtidig erkjenner ho at studietida er den tida det er lettast å vere fattig på. Alle skjønner at du ikkje seier ja til å bli med på dyre ting, og det er greit å leve simpelt.

– Men hugs at dine pengar alltid er dine, uansett livssituasjon, så bruk dei på noko som er viktig for deg. Du treng ikkje bli med på alt berre fordi du kan.

SIFO sitt referansebudsjett anslår kor stort forbruk eit hushald har i løpet av ein månad. Budsjettet tek berre føre seg forbruk, ikkje bustad. For ei kvinne mellom 20 og 50 år, er dei månadlege utgiftene på knapt 9000 kroner. Budsjettet er ganske restriktivt, men fullt mogleg å følge, ifølje Kristoffersen.

Alt rotet som ligg rundt deg har ein gong vore pengar

På nyåret sette ho i gong eit nytt prosjekt for å spare både plass og pengar. I løpet av 2019 skal ho og mannen selje 100 ting. Føremålet er ikkje nødvendigvis å tene mykje pengar, men å få ei skikkeleg opprydding heime og å bli bevisst på at ein eig mykje meir enn ein eigentleg treng.

– Eg veit endå ikkje kva eg skal bruke pengane til, men kanskje eg skal spare i eit eige fond som eg kan bruke til noko morosamt?

– Av pengar har me fått inn 1 570 kroner denne veka, ikkje dårleg for ting me ikkje vil ha i livet vårt meir!, skriv Kristoffersen på bloggen sin. Foto: Pengesnakk.no

– Du må bli kjent med godkjensla sparing gjev

Sparing er for absolutt alle. Men for å klare å spare noko som helst, må ein først bli kjent med godkjensla sparing gjev, forklarar Kristoffersen.

Gullbilletten til å ha råd til leilighet som ung, å kunne «pensjonere seg» når ein er førti eller å ha økonomisk tryggheit for mange år framover, er å vere bevisst. Og det er lettare om ein har sett seg eit mål om noko ein har lyst på av større verdi i framtida. Å ha eit spesifikt mål gjer også at ein alltid har noko å vege kjøp mot.

– Om du veit at du sparar til ein festival i sommar, vert det lettare å seie nei til seg sjølv før ein gjer spontane, unødvendige kjøp. Då får du kjenne på kjensla av det lønte seg å legge vekk pengar over tid.

Ho legg også til tipset du har høyrd hundre gongar før, men sannsynlegvis framleis ikkje har teke til deg:

– Spar i BSU.

Les også: Børsen på pensum

Oppdatert: onsdag 20. februar 2019 08.38

Kommentarar

ANNONSE