Greta (15) under klimatoppmøtet: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje
Klimaaktivist Greta Thunberg er ikkje imponert over innsatsen under FNs klimatoppmøte og oppmodar til global klimastreik fredag 14. desember.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg har lært at du er aldri for liten til å gjera ein forskjell. Viss nokre få barn kan få overskrifter verda over ved å berre ikkje gå på skulen, tenk berre på kva me kunne gjort saman om me verkeleg ville, sa Greta Thunberg då ho talte til verdas leiarar under COP24 – FNs klimatoppmøte i Katowice i Polen.
Den svenske 15-åringen har skapt overskrifter verda over med sin skulestreik for å få svenske politikarar til å ta klimatrugselen på alvor.
Les innlegget: Kan vi håpe på eit ungdomsopprør?
Global klimastreik
Etter to veker på klimatoppmøtet er ikkje Greta Thunberg imponert over politikarane sin vilje til å forplikta seg til klimatiltak.
– Utsleppa våre aukar framleis, samstundes som vitskapen tydeleg har fortalt oss at me må han handle no for å halde planeten under 1,5 grader oppvarming, seier Thunberg i ein video på Twitter.
15-åringen oppmodar difor folk over heile verda til å møte opp framfor parlamentet sitt 14. desember og streika for klimaet.
Climate leaders don’t just talk.
They act.
Join us!!
Global climate strike 14 December.
Spread the word!! #FridaysForFuture #ClimateStrike #ClimateChallenge #ClimateLeader #cop24 #schoolstrike4climate pic.twitter.com/f5A2WogQxr— Greta Thunberg (@GretaThunberg) 12. desember 2018
Klimahelten Greta
Under klimatoppmøtet har den svenske skuleeleven møtt FNs generalsekretær António Guterres og vorte utropt til klimahelt. Thunberg er tydeleg i sin tale og oppmodar unge til å bli sinte og halde dei vaksne ansvarlege for kaoset dei har skapt:
Greta Thunberg surprised everyone at #COP24 when she explained why she started skipping school to strike at the Swedish Parliament. This young #climatechange activist speaks frankly – indeed, you’re never too small to make a difference! #climateaction https://t.co/dSBIxuSjdv pic.twitter.com/CsWvqFuoze
— UN Climate Change (@UNFCCC) 10. desember 2018
Under klimatoppmøtet fekk Thunberg eitt minutts taletid der ho snakka på vegner av den internasjonale klimakampanjen Climate Justice Now!
15-åringen meiner det er på tide å snakka tydeleg, same kor ubehageleg det måtte vera og la ingenting imellom i talen sin.
– De er ikkje modne nok til å seie det som det er, sjølv den byrda overlet de til oss born. Eg bryr meg ikkje om å vera populær, eg bryr meg om klimarettferd og den levande planeten. Vår sivilasjon vert ofra for at ei veldig lita gruppe folk skal kunne fortsetja å tene enorme pengesummar, sa ho frå talarstolen.
Les også: Skuleelevar i Australia streikar for klimaet
Snakkar når det er nødvendig
Den svenske 15-åringen har vorte omtalt i medier verda over og har halde eit TED-føredrag om engasjementet som starta som 8-åring.
I ein alder av 11 år gjekk ho inn i ein depresjon og vart diagnostisert med Aspergers syndrom, OCD og selektiv mutisme.
– Det betyr ganske enkelt at eg berre snakkar når eg synest det er nødvendig. No er eitt av dei tidspunkta, forklarte ho under TED-føredraget i Stockholm.
Greta vil endra systemet
Thunberg meiner politikarane held fram å snakka om grøn, evig økonomisk vekst fordi dei er redde for å bli upopulære.
– De snakkar berre om å gå framover med dei same dårlege ideane som fekk oss inn i denne uføra, sjølv når den einaste fornuftige tingen å gjera er å dra i nødbremsa, sa 15-åringen på klimatoppmøtet.
Den svenske klimaaktivisten meiner det er på tide å behandla klimakrisa som ei krise, la fossilt brennstoff liggja og kanskje endra heile systemet.
– Me har ikkje kome her for å be verdsleiarar om å bry seg. De har ignorert oss før og de vil ignorera oss igjen. Me har gått tom for unnskyldningar og tida renn ut. Me har kome her for å fortelja dykk at forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje. Den verkelege makta tilhøyrer folket, avslutta 15-åringen.