Fleire tusen brølte for klimaet

Klimabrølet har tatt mål av seg til å bli Noregs største markering for klimakampen, og fredag ettermiddag brølte fleire tusen menneske framfor Stortinget.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 12.09.2019 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter fleire testbrøl runga klimabrølet framfor Stortinget fredag ettermiddag klokka 16.42. Målet med klimaropet var å få fortgang i klimapolitikken.

Innsatsleiar Torgeir Brenden i Oslo-politiet anslår overfor NTB at det var mellom 6.000 og 8.000 menneske framfor Stortinget i samband med Klimabrølet. Oppdaterte tal frå arrangørane ligg på 30.000 i Oslo og 58.000 i Noreg.

Høyr folkemengda brøle i Oslo:

Brølte frå nord til sør

Ambisjonen til klimabrølet var å samle 100.000 menneske i Oslo og 50.000 totalt andre stader i landet. Brølet vart òg arrangert i Bergen, Kristiansand, Tromsø, Finse, Fredrikstad, Tønsberg, Skien, Alta og på Svalbard.

I Oslo starta arrangementet på Youngstorget før demonstrantane gjekk i tog til Eidsvolls plass. Der vart det halde klimaappellar og eitt minutts stille før forsamlinga bokstaveleg talt brølte mot Stortinget.

Innsatsleiar Brenden seier at arrangementet i Oslo førebels har gått roleg for seg utan nokre uønskte hendingar.

Oppdatering: I følge Klimabrølet sine eigne tal var det omlag 30.000 som var med i Oslo og 58.000 i heile landet.

F.v. Atakilti Mahansu Tahme (13), Truls Melby Garder (13), Norius Mika (12), Jacob Kjønsli (13) og Jakob Engebretsen Teigland (13). Foto: Ingvild Eide Leirfall