Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 20.06.2020 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år vert 12 millionar jenter gifta bort før dei fyller 18 år, ifølgje tal frå Plan International. Men ikkje alle desse barneekteskapa vert inngått i utviklingsland.

Kvart år vert tusenvis av mindreårige gifte i USA.

12 år gamle bruder

Myndigheitsalderen i USA er 18 år, men berre to amerikanske statar har totalforbod mot at mindreårige giftar seg.

I Mississippi kan ein gut gifta seg når han er 17 år, medan jenta berre må vere fylt 15 år. Staten har ikkje noko nedre aldersgrense for når barn kan gifta seg med samtykke frå foreldra. Heller ikkje California har ei slik nedre aldersgrense, sjølv om ein må vere 18 år for å bestemma sjølv om ein skal gifta seg.

Ein reknar med at kring 168.000 amerikanske barn under 18 år vart gifta bort mellom år 2000 og 2010. Tala frå organisasjonen Unchained at last er henta inn frå 38 delstatar.

Brorparten av ekteskapa (77 prosent) var mellom mindreårige jenter og eldre menn.

Dei fleste som vert gifte som mindreårige er 16- og 17-åringar, men i statane Louisiana og South-Carolina har barn så unge som 12 år vorte gifta bort.

Her kan du sjå ei oversikt over aldersgrensene i dei ulike statane.

Strengare reglar i Afghanistan

Sjølv om jenter er desidert mest utsette vert òg mindreårige gutar gifte i USA. Ifølgje FN er det på verdsbasis 115 millionar gutar som er vorte gifte før dei er 18 år gamle.

FN har som mål å få ein slutt på all barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap innan 2030. Dette er ein del av berekraftsmål 5 om likestilling.

I samband med at Delaware i fjor vart første stat til å setje ei absolutt grense på 18 år for å inngå ekteskap, skreiv Heather Barr i Human Rights Watch at det er «betre vern i Afghanistan enn i enkelte amerikanske statar».

Ho viser til at land som Afghanistan, Honduras og Malawi har strengare reglar enn nokre av dei amerikanske statane.

I 2014 fekk Plan Intenational Norge mykje merksemd for kampanjen «Stopp bryllupet». I kampanjen hadde den fiktive 12-åringen Thea ein bryllaupsblogg i forkant av eit arrangert ekteskap med Geir (37). Foto: Plan International Norge

Sherry (11) gifta seg med overgriparen

Fram til 2018 kunne norske 16- og 17-åringar gifta seg dersom dei fekk løyve frå foreldre/føresette og fylkesmannen. Denne lova vart endra i fjor etter press frå mellom anna Plan International Norge.

Etter kampanjar frå pressgrupper har òg fleire amerikanske delstatar dei siste åra sett på lovgjevinga si på nytt.

I fjor stemte Florida for eit absolutt forbod mot ekteskap under 17 år.

17-åringar som skal gifta seg må ha løyve frå foreldra og delta på eit ekteskapskurs i forkant. I tillegg får ikkje ein 17-åring gifte seg med ein person som er meir enn to år eldre, ifølgje Reuters.

Tidlegare kunne 16-åringar i Florida gifta seg med samtykke frå foreldre. I tillegg kunne dommarar tillate ekteskap for yngre personar dersom dei var gravide.

I USA har ein sett fleire tilfelle av at mindreårige jenter har vorte tvinga til å gifte seg med valdtektsmannen sin, anten for at han skal unngå straff eller fordi ein ikkje skal få barn utanfor ekteskap.

Ofte handlar det om ein eldre kjærast som risikerer ein valdtektsdom for å ha hatt sex med ein mindreårig, dersom dei ikkje er gift.

Sherry Johnson var ein av pådrivarane for lovendringa i Florida. Elleve år gamal vart ho gift med ein kyrkjetilsett som hadde valdteke ho gjentekne gongar sidan ho var åtte år og gjort ho gravid som niåring.

I januar 2018 vedtok Florida strengare lover kring barneekteskap. Aktivist Sherry Johnson, som vart tvinga til å gifte seg med overgriparen då ho var 11 år gamal, var delvis nøgd med sigeren. Foto: AP Photo/Brendan Farrington, File

Chelsea Clinton mot barneekteskap

Fraidy Reiss, ei jødisk kvinne frå Brooklyn i New York, som vart utsett for arrangert ekteskap i ein alder av 19 år kalla lovendringa i Florida «eit steg i riktig retning, men det er absolutt ikkje ein siger».

I 2011 grunnla Reiss organisasjonen Unchained at last for å støtte kvinner som vil ut av tvangsekteskap.

I juni i fjor vart hennar heimstat, New Jersey, den andre i USA som vedtok eit totalforbod mot barneekteskap. Med på laget har ho mellom andre Chelsea Clinton, dottera til tidlegare president Bill Clinton og presidentkandidat i 2016, Hillary Clinton.

I ein kommentar på nettstaden Refinery 29 argumenterer Clinton og Reiss med at det er dobbelt så stort sannsyn for at barnebruder i USA droppar ut av high school, det er òg mindre sannsynleg at dei fullfører college og dei er mykje meir utsette for fattigdom.

Jentene er òg meir utsett for hjarteinfarkt, psykisk sjukdom og partnervald, skriv Clinton og Reiss.

Må ha hemmeleg adresse

Sjølv om USA har tilslutta seg FN sitt berekraftsmål, er det mykje motstand mot ei absolutt aldersgrense på 18 år for å gifte seg.

I BBC-dokumentaren «America’s Child Brides» fortel Reiss frå Unchained at last at dei mottek trugslar på grunn av arbeidet dei gjer. Som eit resultat av dette har kontoret hemmeleg adresse.

Fraidy Reiss har sjølv vorte overraska over motstanden mot å setje ei absolutt aldersgrense.

Fryktar høgare aborttal

I 2017 var staten New Hampshire på veg mot ei absolutt aldersgrense for ekteskap, men republikanaren David Bates stoppa forslaget.

– Ved å forby alle under 18 år å gifta seg ville du for alltid sikra at alle barn som vert fødde av ein mindreårig vert fødde utanom ekteskapet. Det er ikkje god offentleg politikk og vil truleg få fleire unge til å velja abort, sa Bates til BBC tidlegare i år.

Han viser òg til at staten i løpet av dei siste fem åra i snitt berre har hatt 4,6 ekteskap der mindreårige har vore involverte.

Staten har likevel auka minimumsalderen frå 13 til 16 år og gjort krava for å inngå ekteskap blant mindreårige strengare.

Andre motargument er religiøs fridom og at 17-åringar kan verve seg i militæret. Militærargumentet går lenger. Dersom far er i militæret og gift, vil både mor og barn vere dekt av helseforsikringa, noko dei ikkje er om dei ikkje er gifte.

Bryllaupstrafikk

Sidan 2016 har 13 statar heva minimumsgrensa for ekteskap til 16 år og innført krav om samtykke frå foreldre og ein dommar.

Men dersom ein person er for ung til å gifte seg i heimstaten kan foreldra berre frakta barnet over ei delstatsgrense.

I 2016 vart ein far frå delstaten Idaho dømt ti fire månaders fengsel for å ha frakta si 15 år gamle gravide dotter til delstaten Missouri der ho måtte gifta seg med ein 24 år gamal ven av familien som hadde skjenka ho og hatt sex med ho i bilen sin. Dommen vart mellom anna omtalt av nyheitsbyrået Associated Press.

Sidan det var nok med underskrifta frå ein forelder hadde staten Missouri den tvilsame æra av å vera ein destinasjon for barnebryllaup.

The Kansas City Star hadde ein serie om barnebryllaup i 2018, der dei fortalde korleis mindreårige jenter vert tvinga til å gifte seg med eldre menn som ofte er kjærastane deira for at dei skal unngå valdtektsanklager.

I fjor vedtok staten nye lover som heva minimumsalderen for ekteskap med samtykke frå foreldre til 16 år. Den nye lova innber òg at personar over 21 år ikkje kan gifta seg med ein person på 16 år, ifølgje Kansas City Star.

Eit kjønna valdsproblem

Aktivisten Fraidy Reiss er tydeleg på at barneekteskap er eit menneskerettsbrot. Fordi fleirparten av kvinnene som vert gift som mindreårige er 16-17 år er ho ikkje nøgd før aldersgrensa på 18 år er absolutt.

Ho fortel til BBC at kvinnene som tek kontakt med dei kjem frå alle store religionar, men òg frå sekulære heimar. Dei kjem frå alle sosioøkonomiske nivå og det er både familiar som har vore i USA i generasjonar og immigrantar frå alle verdshjørne.

– Fellestrekka er éin: Det er nesten alltid ei jente eller kvinne som vert utsett for dette. To: Gjerningspersonane er nesten alltid foreldra, seier Reiss, som kallar det eit kjønna valdsproblem.

Ei av tre jenter i Tanzania blir gifte før dei atten år. Joyce (25) var ei av dei. Foto: Plan International / Rob Beechey