Song ut for song i skulen framfor Stortinget

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Song i skulen er viktig fordi det er for alle. Ein syng med den stemmen ein har. Det skapar band mellom folk, fortel Mari (19), som har møtt opp foran Stortinget for å demonstrera saman med tre vener.

Forsamlinga bryt ut i allsong med Per Spelmann før intervjuet kan halda fram.

Magnus, Mari, Lisa og Magnus var klare motstandarar av planane om fjerning av song i skulen. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

– Det er ingen terskel for å synga, seier Magnus (23), i det songen går mot slutten.

Dei fire er samde om at demonstrasjonen viser kor viktig songen er.

– Song er inkluderande, og passar for alle, uansett kven ein er og kor ein kjem frå. Og ikkje minst er det gøy, seier Lisa (25), som også sit i styret til Ungkor.

LES OGSÅ: Musikkjendisar og fleire organisasjonar støttar opprop mot å svekke song i skulen

Regjeringa føreslår å fjerna songen

For to år sidan fjerna regjeringa songen frå den overordna delen av læreplanane, trass sterke åtvaringar. I ei undersøking som Framtida.no gjennomførte, kom det fram at berre halvparten av barneskuleelevane i Noreg syng kvar dag.

«Sang inn i lærerutdanningen» var bodskapet under demonstrasjonen mot fjerning av song i skulen. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

20. mai kunne Framtida.no fortelja at regjeringa føreslår å fjerna songen frå norskfaget også.

Det skulle nå bli opp til lærarane om det skal syngast eller ikkje kvar dag.

12. juni samla det seg fleire hundre menneske framfor Stortinget for å protestera mot forslaget til nye læreplanar. 33 nasjonale organisasjonar står bak allsongen.

Dei krev at alle barn skal få synga kvar dag i skulen, at songen skal styrkast i dei nye læreplanane, og vil sikra at alle lærarar skal vera trygge på leia song.

– Må ha ein heilt sentral plass i skulen

«Uten sang blir vi fattige» stod det på eit av bannera under demonstrasjonen mot fjerning av song i skulen. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

– Songen må ein heilt sentral plass i skulen. Eg håpar at debatten som byrja med læreplanane, kan styrka songen og dei praktiske og estetiske faga sin plass i skulen.

Det sa utdanningspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, Torstein Tvedt Solberg då han blei utfordra frå scenen framfor Stortinget.

– Eg meiner at songen må ha ein stor plass i utdanninga, uttalte KrFU-leiar Martine Tønnessen.

Er det greitt å kutta song frå læreplanen i norsk for barnetrinnet?

Er det greitt å kutta song frå læreplanen i norsk for barnetrinnet?

Ja62
Nei1557
Veit ikkje16
Svar totalt: 1635

KOMMENTAR: Samfunnsbygginga står i fare utan song i skulen

Slik såg det ut då folk samla seg foran Stortinget for å demonstrera mot fjerning av song i skulen. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Sjå video frå songaksjonen her:

FAKTA: Song i læreplanen i norsk

  • Dette seier dagens læreplan i norsk om song:
  • 1.-2.trinn:
  • uttrykkje eigne tekstopplevingar gjennom ord, teikning, song og andre estetiske uttrykk
  • samtale om innhald og form i eldre og nyare songar, regler og dikt
  • 3.-4.trinn:
  • samtale om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid på nynorsk, bokmål og i omsetjing frå samisk og andre språk
  • 5.-7.trinn:
  • bruke song, musikk og bilete i framføringar og presentasjonar
  • Sjå heile dagens læreplan her!
  • I utkastet til ny læreplan i norsk er ikkje song nemnd med eitt ord.
  • For 1.-2. trinn står det noko som kan minna om song: «leke med rim og rytme og lytte ut språklyder og stavelser i ord»
  • Sjå utkastet til ny læreplan i norsk her!