«Notre-Dame» årets mest populære Google-søk

«Notre-Dame» , «Vy» og «Hva skal jeg stemme» er blant årets mest populære Google-søk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser statistikk frå Google.

– Den dramatiske brannen i Notre-Dame i mai utløyste eit enorm oppsving i søk etter det franske landemerket, skriv pressesjef Helle Skjervold i Google Noreg i ein e-post til NTB.

Oversikta baserer seg på kva søkeord som har auka mest frå 2018.

«Hva er en sjaman» er blant spørsmåla nordmenn har lurt mest på i 2019. På lista finn ein òg «Hva betyr Vy», «Hva skal jeg stemme» og «Hvem vant valget».

Terrorsikta og Wara-sambuar

Mannsnamnet som flest har søkt opp er terrortiltalte Philip Manshaus, medan kvinnenamnet som var mest søkt på var Laila Anita Bertheussen, sambuaren til tidlegare justisminister Tor Mikkel Wara.

Ikkje overraskande var òg Greta Thunberg høgt oppe på listene.

Sam Smith sa tidlegare i haust at dei ynskjer å bli omtalt som «They». No er ordet årets ord i Merriam-Webster si ordbok, den eldste ordboka i USA. Foto: Richard Shotwell/Invision/AP. Collage: Framtida.no