Tusenvis av svenskar med felles nyttårsforsett for klimaet

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det heile er ein del av kampanjen «Vi håller oss på jorden». Målet var å få 100.000 svenskar til å halde seg på jorda i år, men per 11. januar er det 21.502 som har trykt enten «skal» eller «interessert» på Facebook-arrangementet.

– Folk høyrde kanskje om det litt for seint, men dei siste dagane på slutten av året tikka det inn tusen nye per dag. No satsar me fullt på 2020!, seier initiativtakar Maja Rosén (37) til Framtida.no.

Les også: Første tur med elektrisk fly

Redd for å vere gledesdrepar

– Eg vil ikkje vere ein gledesdrepar, sjølv om eg er uroleg for klimaet, seier Rosén.

Ho har ikkje floge dei siste ti åra, og førre flytur var til Lofoten i 2008. Ho har lenge vore redd for kva klimaendringane vil gjere med kloden, men ho har ikkje heilt tort å snakke høgt om det.

– Før tenkte eg ein del på klima, men så prøvde eg samtidig å fortrenge det litt. Men på den flyturen til Lofoten innsåg eg at det ikkje var noko ein kunne lukke auga for lenger.

Sidan då har ho prøvd å leve så klimavenleg som mogleg. Og frykta for å snakke høgt om klima? Den har forsvunne, mildt sagt.

No brukar ho fritida si på å stå på gata og overtyde andre svenskar om at tog og buss er det rette.

– Eg trur ikkje me klarar å løyse klimakrisa med mindre me får ei allmenn oppvakning snart. Men eg føler at det er ei endring på veg. Dei aller fleste er positive til å snakke om det, og mange blir overraska over ting me fortel.

Les også: Avinor åtvarar regjeringa mot vekst i flytrafikk

På heimesidene til Vi håller oss på jorden, har dei allereie starta arbeidet med å få 100.000 svenskar med neste år. Foto: Skjermdump frå vihallerosspajorden.se

Håpar å få med hundretusenvis av europearar

Mangel på kunnskap er noko som går igjen, fortel Maja. Derfor er ho og resten av «Vi håller oss på jorden»-gjengen i gang med å lage eit informasjonshefte, på svensk og engelsk. Målet er å samle fakta som kan «vekke» dei som veit at klimaendringane skjer, men likevel lever vidare på same måte som før.

– Me vil lage ein faktaguide med argument folk kan bruke slik at ein slepp å vere redd for å få kritikk når ein tek opp klima i ein samtale, seier ho.

Også i 2020 er målet å få 100.000 svenskar med på eit flyfritt år. Inspirert av Rosén, sit det engelskmenn, danskar og franskmenn ute i Europa og prøvar på det same i sitt land.

– Men i Norge har me ikkje starta noko enno. Så om nokon er interessert, må dei veldig gjerne ta kontakt gjennom nettsida vår, avsluttar ho.

Skal du fly i 2019?

Skal du fly i 2019?

Sjølvsagt! Kvifor ikkje? 402
Nei, kloden først <3 188
Tja, vil prøve70
Trur ikkje eg klarar utan121
Svar totalt: 781

Nokre fakta om fly

  • Fly er den mest miljøskadelege transportforma som finst
  • Berre 3 prosent av verdas befolkning flyr utanfor landegrensene sine kvart år
  • Innanriks flyging stod for 2,4 prosent av dei norske utsleppa i 2017. Utanlandsflyging vert ikkje rekna med i dei nasjonale klimarekneskapa
  • Utsleppa frå ein flytur på 300 km tilsvarar utsleppa frå 3650 km med tog
  • Kjelder: Naturvernforbundet, Miljødirektoratet, CICERO