Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 21.03.2019 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Syrarane er sterke nok til å byggja opp landet sitt. Eg er ikkje lei meg for at dei har øydelagt alt, det kan me enkelt byggja opp att. Eg er redd for at dei har øydelagt menneskjer, seier Omar Alshogre.

23-åringen kom som flyktning frå Syria til Sverige etter å ha overlevd tre år med fangenskap og tortur. Under dokumentarfilmfestivalen HUMAN vitja han Oslo saman med filmprosjektet The Human Aspect, for å visa filmen der han fortel om dei største prøvelsane i sitt liv.

Les også: Stor undersøking av nordmenn: Ja til flyktningar, nei til arbeidsinnvandring

Slaktarhuset Saydnaya

Her fortel han om dei grufulle åra der han vart flytta mellom ulike syriske torturfengsel før han vart flytta til det berykta Saydnaya-fengselet i Syria, som ofte vert referert til som slaktarhuset.

Ifølgje ein Amnesty-rapport frå 2017 vart opptil 13.000 menneske avretta i fengselet i perioden 2011-2015. Rapporten fortel om grufulle torturmetodar og fangar som vert henta ut til massehengingar midt på natta.

Omar er ein av dei som er intervjua i denne rapporten.

Basert på vitneskildringar har Amnesty laga ein 3D-modell av Saydnaya-fengselet, som er heilt lukka for verda utanom:

Saydnaya-fengselet i Syria vert skildra som helvete av Omar Alshogre, som er ein av dei som slapp levande ifrå det og kan fortelja. Skjermdump: Amnesty

I det digitale menneskelege historiebiblioteket The Human Aspect kan ein høyra Omar Alshogre og menneske frå heile verda fortelja sine historier. Skjermdump.

– Folk treng kunnskap

The Human Aspect er eit digitalt bibliotek med videoar av livserfaringar frå ulike menneske frå heile verda.

For Omar er det verdifullt å fortelja si historie for publikum. Han håpar det kan bidra til å gje lyttarane eit nytt perspektiv på eigne liv og gjera dei meir interesserte i krigen i Syria, slik at dei sjølv oppsøkjer informasjon.

– Når dei veit sanninga, så hjelper dei. Men om ein ikkje forstår, vil ein ikkje hjelpa. Folk treng kunnskap, seier Omar etter å ha deltatt på filmvisning og påfølgjande panelsamtale med representantar frå mellom anna Amnesty og Flyktninghjelpen.

For Omar er det òg viktig å visa fram at flyktningar kan vera ein ressurs, så lenge dei får moglegheita.

– Berre det at folk seier velkommen, er nok. Det fins framleis ei grense mellom flyktningar og lokale menneske. Flyktning betyr ikkje at ein er fattig, det betyr berre at ein treng vern, understrekar Omar.

Les innlegget: «Demokrati for ein kvar pris – Er det sikkert at det som er bra for oss er bra for absolutt alle?»

23 år gamle Omar Alshogre har i dag ein god jobb i Stockholm, men drøymer om å ta høgare utdanning og fortsetja å fortelja si historie.

Fridomskampen

18. mars 2011 er Omar Alshogre 15 år gamal. Saman med far sin og kring 30-40.000 andre deltek han i ein av dei største demonstrasjonane i Syria i samband med den arabiske våren 2011.

– Ein person ropar noko og me ropar etter. Eg hadde inga aning om kva fridom betydde, men eg hadde ei aning om kor kult det var å vera der, fortel Alshogre entusiastisk i filmprosjektet The Human Aspect.

Allereie under sin første demonstrasjon vart 15 år gamle Omar arrestert i to dagar og torturert til å tilstå drap på militære.

16. november 2012 vart Omar arrestert på ny. Saman med tre søskenborn vart 17-åringen henta i heimen der han budde. Før torturen starta måtte han høyra på medfangar som vart mishandla. Å venta på straffa er tusen gongar verre enn straffa sjølv, forklarar 23-åringen.

I eit halvtanna times langt intervju med The Human Aspect fortel Omar Alshogre om sine opplevingar. På nettsidene deira kan du sjå både dette og andre sterke intervju. Skjermdump

Endelaus tortur

Han vart festa i bildekk og slått med kablar, hengt etter armane i taket og utsett for elektrosjokk, medan vaktene spurde kor mange han har drept. Han fortel korleis vaktene tvinga han til å sjå på medan dei fjerna neglene med tang.

Etter å ha tilstått ti drap, like mange som han hadde negler, var han heilt utkøyrd og ville ikkje leva meir.

– Eg fekk meir vondt enn eit vanleg menneske kan førestilla seg den dagen. Ikkje berre fysisk, men fysisk og psykisk. Å sjå korleis den personen naut å torturera meg var mykje vanskelegare enn alt anna, seier Omar i videoen.

På cella si ligg han bakbunde med bind for augo og fryktar kva dei kjem til å ta neste dag.

Omar fortel korleis han vart tvinga til å sjå på at søskenbarna vart torturerte, medan han sjølv vart pressa til å fortelja ting for at dei skulle sleppa unna.

Les også: Krigen i Syria fører til sjølvskading og sjølvmordsforsøk blant born

Vegen til helvete

Omar og søskenbarna vert frakta vidare til stadig nye torturfengsel og etter to år i ulike fengsel går turen til Saydnaya, som Omar skildrar som «eit helvete».

Omar forklarar at kvar fange har 40X40 centimeter og er tvungne til å stå oppreist. Kvar dag får fangane fire timar søvn, fire timar tortur, ein time mat og toalett, medan ein time forsvinn mellom. Dei resterande fjorten timane vekslar fangane mellom å stå og sitja fire timar kvar.

Omar og dei andre fangane drøymer om å eta seg mette. Kosten består av eitt halvt brød, litt potet og vatn.

– Fire timar tortur var det beste me hadde kvar dag. Om me ikkje fekk det, hadde alle døydd. Det var den einaste moglegheita me hadde til å bevega kroppane våre, seier Omar.

Dei ulovlege orda

Han mista alle søskenborna i fengselet. Rundt han sit legar, ingeniørar, psykologar, advokatar og lærarar. Dei får berre kviskra. Han kallar det eit universitet av kviskring der fangane deler kunnskap og livserfaring.

Men to ting får dei ikkje snakka om: Fridom og familie.

Fleire gonger har han tenkt at han vil dø, men ein dag bestemmer Omar seg for at han vil overleva. Han byrjar å trene på den avgrensa plassen han har i fengselet. Trass i at han berre er 40 kilo og underernært bruker han energi på å trena.

Omar jublar over dei moglegheitene han fann ut at han hadde på sine 40 centimeter. Etter nokre månader vert resten av fangane med.

– Eg vil leva. Eg kjem til å overleva. Eg får eit større smil. Eg byrjar å bli glad. Eg forsøker. Eg gjer noko!

Les også: Ny rapport: Grove angrep på akademisk fridom

Namnet Omar

Ein tysdag ettermiddag etter kring tre år seier vakta: «Omar».

Omar veit at namnet berre vert sagt når du skal avrettast. For første gong får han eit eige rom. Det er fem gonger fem meter, men Omar sit på 40 centimeter. Han er ikkje van med å ha meir enn sin eigen plass og kjenner på at det er urettvist at han skal ta så mykje plass.

Kvar time spør vakta han kva for måte han vil bli drept på. Kvar gong må Omar svara ein ny metode. Det går 48 timar og Omar må gje 68 ulike svar.

Til sist kjem dagen då Omar endeleg får klede på seg, noko han hugsar som ei god kjensle. Vaktene legg Omar på bakken utanfor fengselet. Og Omar gler seg til å endeleg få løn i paradis, for tre år med belter og tortur.

Dei tek seg god tid og Omar høyrer soldatar gjere klare geværa.

– Det er lettare å dø, men det er vanskeleg å dø. Det er godt å få løn, men det går så langsamt. Ein vil at det skal gå fort, seier Omar i The Human Aspect.

Politisk rådgjevar i Amnesty, Gerald Kador Folkvord, er imponert over Omar Alshogre si historie. Etter filmvisning deltok dei to i panelsamtale med Flyktninghjelpen og Oslo Freedom Forum.

Livet etter døden

Men Omar døyr ikkje den dagen.

Omar høyrer skot og ein jamn summetone.

– Eg hadde ei god kjensle. Eg kom til eit nytt liv. Menneska som lever har ikkje døydd før, så ein veit ikkje korleis det kjennest å døy, fortel Omar.

Han opnar han augo og ser lys og fargar for første gong på tre år, men når han ser ned på sin eigen kropp skjønar han at han framleis er i det første livet. Han veg berre 35 kilo og er svært dårleg forfatning.

Redninga vert ein buss som stoppar og ber han klyva inn. Bussen køyrer til endestoppen i Damaskus.

Han blir møtt av nokon han kjenner og det viser seg at mor hans har klart å samla saman 15.000 dollar for å smugla sonen over til Tyrkia. Der er ho i tryggleik med to av veslebrørne hans.

Faren og storebrørne vart drepne i massakren i Baniyas i 2013.

Les intervju med Katrine Sele som har gitt ut bok med historier frå eit asylmottak.

Skamfullt å gå til psykolog

– Alle frå Syria har gått gjennom krig. Dei har sett bomber, eller nokon som døyr. Dei har gått gjennom noko som er ekstremt for nordmenn og svenskar, men dei får ikkje nok hjelp, seier Omar.

Han trur ikkje det først og fremst handlar om at staten ikkje vil hjelpa, men at metodane ikkje alltid treff.

– I vår kultur er det flaut å gå til psykolog, noko som gjer at me har den same kjensla her. Det fører til at folk ikkje vågar å seie noko, forklarar Omar.

Han meiner det er viktig at folk vert trygge i både språk og samfunn for å våga å opna seg.

– Det svenske språket er ei veldig bra løysing. Kan du språket er det lett å koma inn i samfunnet. Folk må ikkje fokusera på alt det dumme som vert snakka om dei, gløym alt dei seier og fokuser på: Korleis skal eg gjera det bra for meg og samfunnet?

Les også om syriske Hambar (24) som står på for å læra norsk: Flyktningtenesta håpar fleire bedrifter vil tilby praksisplass

Mareritta etterpå

Omar har ikkje store fysiske skader etter torturen han vart utsett for, men han har merker på kroppen og kan somme tider få vondt i kneet eller ryggen.

Men han har mareritt, som han har lært seg å leva med.

– Det er to typar mareritt. Det eine er at vakter spring etter meg og legg meg i bakken. Så ser eg at eg sjølv dreper mine vener i fengselet, og det er den vanskelege delen at eg gjer noko dumt. Det er fordi nokre gongar gav vener meg mat for at eg skulle overleva, så døydde dei, seier Omar til Framtida.no etter filmvisninga.

Les også: Fysioterapeutar skal få meir flyktningkunnskap

Initiativtakar til The Human Aspect, Jimmy Westerheim, har samla videointervju med menneske frå heile verda i eit digitalt bibliotek over livserfaringar.

«Posttraumatic growth»

Leiar og initiativtakar til The Human Aspect, Jimmy Westerheim, meiner at mykje av grunnen til at Omar har klart seg så godt i ettertid er at han har teke innover seg historia på både godt og vondt.

– Det er ikkje noko tvil om at Omar har PTST, men han er komen til det punktet der det er «posttraumatic growth» som er den psykologiske teorien om at viss du jobbar med det, aksepterer at det har skjedd og går igjennom det så vert det ein styrkande oppleving, dersom du brukar det.

Akkurat det siste trur Westerheim er eit nøkkelaspekt.

Han siterer ein psykolog som etter at han som hjelpearbeidar i Afghanistan opplevde å mista kollegaar i Kunduz-bombinga fortalte han at når du har opplevd eit traume så er det som om minnet er ein svart-kvitt film der det manglar mykje.

– Det er difor det plagar deg. Du hugsar ikkje heilt kva du gjorde. Var det min feil? Gjorde eg det riktige? Skjedde det eigentleg? Drøymer eg det? Men om du snakkar om det og tør, som Omar gjer, å fargeleggje heile historia og tør å vere ærleg med deg sjølv. Kor var det eg gjorde noko gale? Kor var det eg var litt helt? Kor var det eg gjorde noko som var grusomt og noko som var bra? Så tek du det derfrå og lærer av det og då vert det denne styrken, seier Westerheim.