Albert (19): – Dei ropte at sånne som meg ikkje hadde noko der å gjera

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På gata hender det at folk peikar og ler, tek bilete, kommenterer. Ein gong kasta nokon peparkaker etter meg, seier Albert Astrup (19) og ristar på hovudet.

Han fortel at han ofte har opplevd trakassering på grunn av funksjonsnedsetjinga si. 

– Kva gjer desse hendingane med deg?

– Eg blir lei meg, frustrert og sint. Eg sit ofte og lurar på kva som får folk til å gjera slikt. Mobbing er vondt uansett, men kanskje særleg ille når ein blir mobba for ei funksjonshemming. Ein skade ein ikkje kan nokon ting for. Det er endå verre, seier 19-åringen som sjølv har har cerebral parese og er lam i ein arm.

Han fortel at han også har også opplevd mykje stygge kommentarar på nettet. 

–  Men der er det alltid fleire som tek til motmæle og står opp for meg, i motsetning til når det skjer i verkelegheita.

Trakassert på gata

Etter å ha opplevd trakassering frå ein jentegjeng på årets Norway Cup delte Astrup historia si på Facebook og Twitter.

På Facebook åleine er videoen sett nesten 100 000 gongar og delt nesten 900 gongar.

I kommentarfelta er det støttemeldingar på støttemeldingar. Fleire fortel også om eigne opplevingar med trakassering grunna nedsett funksjonsevne.

Sjå innlegget Albert delte her:

Då me møtte Astrup i Oslo sentrum fortalde han at han hadde gledd seg til årets Norway Cup. Han speler ikkje fotball sjølv, men er glad i stemninga og alt ein kan finna på under den store fotballcupen. 

Torsdag tok han turen til Ekebergsletta, men dagen enda nokså annleis enn han hadde tenkt. Han hadde på ei handskinne for å støtta handleddet i den lamme armen. 

Han fortel at ein jentegjeng som såg ut som dei var tidleg i 20-åra, såg skinna, peika og kom bort.

– Dei ropte: «Kva faen er gale med handa di?» og at sånne som meg ikkje hadde noko der å gjera. At eg måtte koma meg heim. Dei lo av meg og gjekk vidare, fortel Astrup.

Sjølv prøvde han å gjera så lite ut av seg som mogleg.

– Eg tenker ofte på min eigen tryggleik og lot vera å sei noko. Og seier ein stygge ting tilbake, er ein ikkje noko betre sjølv.

Norway Cup: – Uverdig og trist

Også i fjor hadde han fleire ubehagelege opplevingar på cupen.

– Eg vart dytta hardt i skuldra av ein gut og fòr ned i fortauet. Seinare hadde eg kjøpt ein brus og sette den mellom knea, for å kunne opna den med ei hand. Eit fotballag gjekk forbi og såg det, og dei byrja peika og le av meg, fortel han.

Pål Trælvik er generalsekretær for Norway Cup og er skuffa over forteljingane frå Astrup.

Pål Trælvik er generalsekretær for Norway Cup og er skuffa over forteljingane frå Astrup.

– Dette er uverdig og trist. Eg blir både lei meg og sint på same tid. I eit land der me over år har arbeidd for inkludering og forståing, og så møter ein dette.

Han fortel at dei ynskjer at alle skal føle seg velkomne til sletta og Norway Cup.

– Me har gjennomført ei fantastisk turnering og me har mykje å vera stolte av. At ein jentegjeng tillet seg å gjere dette er uverdig, dumt og faktisk forbudt, seier han.

Han fortel at dei har fått inn nokre henvendingar om mobbing, trakassering og vald i år også.

– Det har vore opptil 80.000 besøkande på ein dag på sletta, og det kjem også besøkande me kunne vore foruten. Me har observatørar ute, men me greier ikkje fanga opp alt. I tillegg er det patruljerande politi på staden som følgjer med. I år hadde med 1709 frivillige med på arrangementet og ingen av desse observerte hendinga, seier han.

Ikkje uvanleg

– Diverre er ikkje historia til Albert uvanleg, fortel Sunniva Ørstavik, generalsekretær  i Norges handikapforbund. 

Ho fortel at dei stadig får henvendingar om trakassering, hatytringar og hatkriminalitet mot folk med nedsett funksjonsevne. 

Ei undersøking frå Nordlandsforskning (2016) viste at eín av tre med nedsett funksjonsevne har blitt utsatt for hatytringar.

I 2017 gjorde Cerebral Parese-foreininga ei undersøking blant foreldre som viste at ein tredel av borna med diagnosen hadde opplevd mobbing. 14 prosent svara at det skjedde oftare enn to-tre gongar i månaden, medan 5 prosent svara at det skjedde fleire gongar i veka.

Albert Astrup trur også at Norway Cup og andre større samlingar aukar risikoen for hendingar som dette.

– Det virkar som om folk gjer det for å tøffa seg for kvarandre. Hadde det berre vore éin person som møtte meg, trur eg ikkje det hadde skjedd. Men når det er ein gjeng skal dei liksom imponere heile sletta. 

Let seg ikkje stoppa

Trass i fleire negative opplevingar i offentlegheita og mobbing på skulen, er ikkje Albert Astrup redd for å gå ut.

Han brukar sosiale medium for å dela og snakka om det han meiner er viktige tema, som mellom anna einsemd, mobbing og likestilling.

– Eg deler av eigne erfaringar for å visa at ein ikkje er åleine om einsemd eller andre vanskelege ting. Om ein opplever noko er det alltid andre som har opplevd det same. Ein er ikkje så åleine som ein kanskje trur. 

Les også om Maria som har mista håret på grunn av sjukdommen alopecia: – Folk har ropt etter meg på gata

Til dagleg studerer Maria Saxegaard andre året på Kunsthøgskulen i Oslo, der ho fordjupar seg i visuell biletkunst. Heime ventar hunden Albus.

Til dagleg studerer Maria Saxegaard andre året på Kunsthøgskulen i Oslo, der ho fordjupar seg i visuell biletkunst. Heime ventar hunden Albus. Foto: Andrea Nøttveit