«Klimabrøl» er årets ord 2019

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I januar 2019 dukka eit Facebook-arrangement opp. Ambisjonen var at 100.000 menneske skulle samlast i eit gigantisk brøl for klimaet.

I forkant av det store brølet stilte initiativtakar Even Rydningen opp for å brøla framfor Stortinget kvar dag klokka 12.00.

– Me lev i ein høgst unormal situasjon med ein føreståande, sannsynleg katastrofal klimakatastrofe. Det er situasjonen og då skal me normalisera det å brøla. Det er heilt ok at du føler deg forbanna, redd, håplaus, maktelaus. Då må du visa det, sa Rydningen til Framtida.no i sommar.

Jublande klimabrølar

Fredag 30. august samla over 30.000 menneske seg i Oslo i eit gigantisk klimabrøl, saman med 58.000 på landsbasis.

Kvar desember kårar Språkrådet, i samarbeid med Gisle Andersen ved NHH «årets ord». Orda skal vere aktuelle, mykje brukt, levedyktige og ha god språklig kvalitet.

I år er toppar nyordet klimabrøl lista og mannen bak klimabrølet jublar over kåringa.

– Veldig, veldig gøy. Fantastisk. Brøling høyres jo kanskje litt primitivt ut, men det er ikkje det. Det er viktig å seie frå, det er viktig at me samlar oss, seier Even Rydningen til NRK.no.

På Facebook-sidene sine takkar Klimabrølet alle som stilte opp for saka:

– Ordet summerer opp styrken

I kåringa blir det brukt mellom anna eit dataverktøy som fangar opp nye ord frå store riks- og regionaviser. Heile fire av orda på topp ti-lista stammar frå klimadebatten. (Sjå faktaboks for heile lista.)

Språkrådet meiner ordet klimabrøl viser den kraftfulle og alarmerande styrken i klimaengasjementet til dei unge.

Over heile landet har ungdommar samla seg til klimastreik, og i august samla tusenvis av menneske seg til markeringar i femten norske byar for å brøle for klimaet.


– Ordet summerer opp styrken som særleg ungdom har vist dette året. Andreleddet -brøl bruker vi elles i språket vårt for å uttrykke kraftig begeistring, gjennom ord som sigersbrøl, tribunebrøl og kollenbrøl, seier seniorrådgivar Dagfinn Rødningen i ei pressemelding frå Språkrådet.

– Ordet klimabrøl er interessant som nylaging, fordi det i denne samanhengen gir assosiasjonar til sinne og protest, seier han.

Even Nord Rydningen under Klimabrølet 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Distriktsopprør sterk konkurrent

Klimabrøl vart utfordra av eit anna nyord som signaliserer protest: bunadsgerilja. Bunadskledde demonstrantar har i år aksjonert for bevaring av sjukehustilbodet fleire stader i landet.

– Dette er ei kreativ samansetning, der forleddet bunads- gir assosiasjonar til det trauste og tradisjonelle, medan etterleddet -gerilja er knytt til noko spontant og uregjerleg. Slik oppstår det ei indre spenning i ordet, som på ein treffande måte illustrerer konflikten mellom by og land, seier professor Gisle Andersen ved NHH.

Orda som toppar lista, er: kjøttskam, scenenekt, kveikøl, overturisme, sovekapsel, helsesjukepleiar, havvind og skrønike.

Kva meiner du er årets ord 2019?

Kva meiner du er årets ord 2019?

Klimabrøl5
Bunadsgerilja3
Kjøttskam2
Scenenekt0
Kveikøl2
Overturisme0
Sovekapsel1
Helsesjukepleiar0
Havvind0
Skrønike 2
Svar totalt: 15

 

I fjor vart skjebnelandsmøte kåra til årets ord. Omgrepet falske nyheiter og ordet kvardagsintegrering er tidlegare kåra til årets ord.

Les også om korleis fleire mannlege studentar har søkt seg til det som tidlegare var helsesøsterutdanninga, etter at yrkestittelen vart helsesjukepleiar:

Helsesjukepleiarstudentane Ørjan Bergfalk og Carlos Landberg har berre positive erfaringar med å vere menn i helsevesenet. – Pasientar antar gjerne at du er veldig flink, utan at du har fortent det – altså heilt i starten.

Ti på topp:

1. Klimabrøl

2. Bunadsgerilja

3. Kjøttskam

4. Scenenekt

5. Kveikøl

6. Overturisme

7. Sovekapsel

8. Helsesjukepleiar

9. Havvind

10. Skrønike