Desse sakene hugsar me best frå 2019

Framtida
Publisert
Oppdatert 09.12.2020 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge pårårande om sorg

Andrea Rygg Nøttveit: Den saka som har gjort desidert størst inntrykk på meg i 2019 er reportasjen om sorg, der eg intervjua tre unge personar som har mista nokon altfor tidleg. Saka var faktisk så engasjerande at eg måtte ta litt fri frå sommarferien.

Det starta med at eg sjølv lurte på korleis personar som har mista nokon opplever at sorga utviklar seg over tid og korleis dei vert møtte. Tanken var at eg sikkert ikkje er den einaste som har lurt på om eg skal seia noko sjølv om det er gått fleire år, eller om det berre vert å «rippa opp i det».

– Det pregar deg som person, men kanskje litt sosialt òg. For det er nesten litt sånn tabu å nemna, fortalte 19 år gamle Tomine Bauge.

– Folk trekk seg veldig, veldig ofte, seier Tomine Bauge (19), om reaksjonane ho får på at far hennar er død. Foto: Andrea Nøttveit

Ho mista far sin i ei motorsykkelulukke og opplevde ofte at folk trakk seg når dei fekk høyra om det som hadde skjedd, eller at dei føler dei må unnskylda for det.

Felles for alle dei tre eg snakka med var at dei gjerne skulle ha snakka meir om dei som dei har mista i kvardagen, men at det kan vera vanskeleg å ta opp sjølv og at det alltid vert trist.

– Viss du ikkje snakkar om det, så byggjer det seg berre opp til noko verre. Det vert ein vond sirkel som er vanskeleg å koma seg ut av, fortalde 19 år gamle Eirik Hernes.

Ifølgje sorgekspert Atle Dyregrov kan lite livserfaring og ynsket om å ikkje skilje seg ut gjere sorgprosessen meir utfordrande for unge.

Samtalen dei etterlyste var ikkje mediesamtalen, men rett og slett det at folk ikkje er så redde for å spørja. Med å våga å fortelja si eiga historie trur og håpar eg at dei kan gjera det litt lettare for andre ungdommar. Eg er difor utruleg takksam for dei som fortalde og reflekterte over noko så personleg og viktig.

Frost på nordsamisk

Heile Framtida.no jubla over nyheita om at Frost 2 kjem ut på nordsamisk parallelt med den norske versjonen, noko også Noregs Mållag har etterlyst.

Det samiske miljøet gledde seg stort og sametingspresident Aili Keskitalo håpar at det kan føra til fleire samiske animasjonsfilmar.

Disney haldt korta tett til brystet, det var difor stor spenning knytt til kven som hadde dei nordsamiske stemmene, noko instruktør Sara Margrethe Oskal nekta å avsløre.

Men så tikka ei pressemelding inn og det viste seg at to av rollene gjekk til Elin Kristina Oskal (23) og Vegard Pope Bjørsmo (18). Begge to fortalte om ein spanande castingprosess og mykje hemmelegheitskremmeri:

Før ho var 19 år var det ingen som visste at Elin Krisina Oskal (23) kunne syngja. No har ho stemma til Anna i den nordsamiske versjonen av Frost 2. Foto: Disney/Privat

Fleire titals tusen på Klimabrølet

Ingvild Eide Leirfall: Eg må berre innrømma at før eg hamna i Framtida-redaksjonen i august, hadde eg nokså vellukka greidd å lukka augo og øyre litt for klimakrisa. Eg kalla det til dømes framleis for klimaendringar, sjølv om eg på skulestreikane på vårparten byrja å innsjå realitetane skikkeleg.

I januar oppretta Even Rydningen arrangementet «Klimabrølet», før ein einaste skulestreik enno hadde vore. Han virka nesten gal der han stod utanfor Stortinget dag etter dag og brølte til politikarane.

Berre nokre veker ut i mitt liv som Framtida-journalist var det verkeleg snudd på hovudet. På Arendalsuka fekk eg høyra om IPPC-rapportar, klimaangst og flyskam. I Oslo var eg på Pax-konferanse og høyrde frå verdsleiarar og forskarar. Og rapport etter rapport om klimatilstandane kom tikkande inn.

Bilete frå Klimabrølet 30. august 2019 i Oslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Og då dagen for Klimabrølet kom i august, følte også eg på eit behov for å brøla litt for klima.

Å stå utanfor Eidsvoll plass saman med titalls tusen andre, er i seg sjølv ei sjeldan og sterk oppleving. Å så høyra brølet ljoma frå langt, langt borte og skjønne at dette er stort, er heilt unikt. Dette er historisk, tenkte eg der eg stod og kjempa mot tårene. Rørt av samhaldet og krafta av så mange menneske samla.

Seinare har eg også fått møta fleire i Extinction Rebellion som verkeleg ofrar seg for saka. Anten det kjem til sveltestreik eller sivil ulydigheit som fører til arrestasjon.

Og på tampen av året rakk eg å skriva om at verda foreløpig ligg an til å produsera langt, langt over det 1,5-gradersmålet tåler.

«Dei etterlatte» dyra på UiB

Den desidert gøyaste saka eg har skrive i år. Brått ein dag dukka ein kjempestygg leopard opp i Instagram-feeden min. Eg tenkte ikkje så mykje meir over det, før han igjen dukka opp på Facebook saman med fleire andre, imponerande stygge dyr.

Sjøløva er over hundre år gamal. Foto: Torill Sommerfelt Ervik/UiB

No hadde Universitetet i Bergen laga video med dei utstoppa dyra som ikkje skulle få bli med i nyopninga av Naturhistorisk museum. Filmen og saka skapte så mykje merksemd at over 450 underskrifter vart signert for å la dyra få vera med i det nye naturhistoriske museet.

Og då museet opna dørene, var det ei eiga avdeling sett av dei til «De stygge dyrene».

Språkfest på HBO

Bente Kjøllesdal: Eg har studert språk (på universitetet) og fjernsyn (på fritida), så då HBO kom med gåvepakken Beforeigners vart eg endelaust fascinert. Kva var greia? Sa desse framvandrarne tilfeldige fraser med innleving eller snakka dei «ekte» språk?

Eg fekk svar på alle spørsmål eg hadde, og mange eg ikkje var glup nok til å tenke på, då eg intervjua manusforfattar (og språknerd!) Anne Bjørnstad og dei tre språkforskarane som hadde arbeidd med språka tidlegare i år.

Bakgrunnsfoto frå Blindern av Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic

Julian Kirkeby Lysvik har skapt språket mesolittisk, Alexander K. Lykke har rekonstruert norrønt frå eldgamle kjelder og André Nilsson Dannevig arbeidd med 1800-tals norsk.

Det er alltid spennande å prate med folk som er flinke på sitt felt og brenn for det dei driv på med, men språkentusiasmen til desse forskarane var til å bli paff av.

Eg seier som manusforfattar Bjørnstad:

– Det var akademia på sitt vakraste.

Landets yngste ordførarkandidat

I eit år der skulestreikar for klima, lokalval og ungdomsengasjementet når nye høgder, så var det interessant å prate med landets yngste ordførarkandidat, Nilofar Nori.

18-åringen frå Melbu i Nordland gjekk på vidaregåande samstundes som ho stod på førsteplass for Hadsel SV til lokalvalet i haust.

Nilofar Nori er landets yngste ordførarkandidat. Foto: Privat

Nori hadde innsett at mykje av politikken i Noreg handlar om minoritetar og utlendingar, men at ein knapt har representantar.

18-åringen fann ut at då fekk ho ta på seg ansvaret sjølv:

– Målet mitt er å få ei stemme som ein ungdom, som ein minoritet og som ei kvinne. Dette er tre underrepresenterte grupper, og eg er medlem i dei alle.

Magnus, Mari, Lisa og Magnus var klare motstandarar av planane om fjerning av song i skulen. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Skulesongen skapte reaksjonar

Svein Olav B. Langåker: Ei av sakene som eg hugsar best frå året som har gått er forslaget om å fjerna song frå læreplanen i norsk. Eg skreiv om saka rett etter nasjonaldagen, og det skapte overskrifter i nesten alle landets aviser.

Forslaget fekk sterke reaksjonar, og hamna på topplista over artiklar med størst engasjement i Noreg i mai.

Før sommarferien gjekk 33 nasjonale organisasjonar saman om eit opprop for å styrka, ikkje svekka, songen i skulen – og i demonstrasjonstog utanfor Stortinget.

I løpet av hausten snudde både Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet og tok song inn igjen på læreplanen i norsk for 1.-4.trinn. Det er ei svekking av songen sin plass samanlikna med dagens læreplanar, og møter framleis kritikk. Jarle Flemvåg i Krafttak for sang kallar det ein «halv siger».

Frida Viktoria Tveitnes Moe og Astrid Jordåen finn mange perler. – For ikkje lenge sidan var me på bruktbutikken på Heiane. Då brukte me fleire timar, seier 16-åringane.

Dusjrekord og andre grøne forsøk

Det eg har brukt mest tid på i år er klimajournalistikkprosjektet vårt. Med støtte frå Fritt Ord har Framtida.no skrive om klimarisiko, lokale klimaløysingar og sett klima på dagsorden i lokalvalet.

Framtida.no har spurt listetoppar over heile landet om klimatiltak i deira kommunar. Og kommuneadministrasjonane har svara på spørsmål om korleis det står til i deira kommunar. Undersøkingane våre viser at det er store forskjellar mellom kommunane. Nokre ligg i verdstoppen med mål om å bli klimanøytrale innan ti år, medan fleire kommunar har knapt klimamål i det heile.

Av alle historiene frå klimaprosjektet, er det nok samarbeidet med Stord vidaregåande skule som eg hugsar best. I lag med Framtida.no arrangerte me ei spørjeundersøking og fleire arrangement. Elevane her har testa ut berekraftig forbruk i praksis. Dei arrangerte bytedag på skulen og klarte å bli både vegetarianarar, redusera forbruket og matsvinnet kraftig – og setja ny rekord i dusjen på under eitt minutt.

Forsøket er eit døme på at verkeleg endring skjer når han skjer nedanfrå; frå grasrota.