Får sterk kritikk: Regjeringa føreslår å fjerna song frå norskfaget
Først fjerna regjeringa songen frå den overordna delen av læreplanane. No føreslår regjeringa å fjerna songen frå norskfaget også. – Det blir kaldt i skulen utan songen, seier musikkprofessor Jon-Roar Bjørkvold.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa fjerna song frå den overordna delen av læreplanane hausten 2017. Dette trass i klare åtvaringar frå forskarar, Musikk i skolen, Norsk Musikkråd og opposisjonen.
I utkastet til nye læreplanar føreslår regjeringa å fjerna song også frå det nye norskfaget som skal gjelda frå hausten 2020. No kan det bli valfritt for norsklærarar i barneskulen om det skal syngast eller ikkje.
– Dette er vettlaust, og tar ikkje omsyn til korleis barn lærer. Barn lærer gjennom menneske, og gjennom song. Eg blir veldig lei meg når eg høyrer dette, seier pensjonert professor i musikkvitskap Jan-Roar Bjørkvold til Framtida.no.
Han fryktar ein kald skule utan song.

Kari Holdhus er førsteamanuensis ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: HVL
– Stikk i strid med tidlegare lovnader
Førsteamanuensis Kari Holdhus og kollegaene hennar ved Høgskulen på Vestlandet åtvara sterkt mot å fjerna song frå den overordna delen av læreplanen for to år sidan.
Forskarane meiner ei fjerning av songen vil vera til skade for barn og unge i skulen, og svekka samkjensle og fellesskap i Noreg.
– At dei no fjernar songen frå læreplanen i norsk, er stikk i strid med tidlegare lovnader om at det framleis skulle vera plass til songen i skulen. Det er også stikk i strid med tilrådingar frå OECD om å gi estetiske fag ein større plass i skulen. Det verkar som om regjeringa ikkje skjønar rekkevidda av å jobba med estetisk metode i skulen, seier Holdhus.
Ho saknar ein plan frå regjeringa om dei estetiske faga sin plass i skulen.
Les også: Lege: – Songen er like viktig for helsa som kosthald og trening
Fryktar songen vil forsvinna heilt
I ei undersøking som Framtida.no gjennomførte i 2017, kom det fram at berre halvparten av barneskuleelevane i Noreg syng kvar dag. I tillegg var det berre kring 60 prosent av elevane som kunne første verset av «Ja, vi elsker».

Marit Arnstad (Sp) seier det er uheldig at song er tatt ut av utkastet til læreplan i norsk. Foto: Trondheim Havn
– Viss songen blir fjerna heilt frå læreplanen i norsk, så fryktar eg at han forsvinn heilt frå norsk skule, seier Marit Arnstad (Sp), som sit i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.
Ho fryktar det vil bli heilt tilfeldig om norske elevar vil få læra seg «Ja, vi elsker» og andre nasjonale fellessongar.
– Det er mykje samfunnsfellesskap i å synga saman, påpeikar ho.
Arnstad håpar Stortinget før eller seinare skal få høve til å uttala seg om læreplanane.
– Viss det er radikalt store endringar, må Stortinget få det opp til behandling.
– Er det å fjerna songen frå norskfaget radikalt?
– Ja, det er eit klart radikalt forslag. Det er for seint å reisa ei sak til Stortinget før sommaren, men til hausten er det mogleg å gjera dette til eit tema for Stortinget, seier ho.
Les også: Grått og trist utan song

Bjørgulv Vinje Borgundvaag er musikkpedagog og tidlegare statssekretær for Høgre. Foto: KUD/Ilja C. Hendel
– Song bør inn i flest mogleg læreplanar
Bjørgulv Borgundvaag er innstilt som ny styreleiar for Norsk Musikkråd, og er tidlegare statssekretær i Kulturdepartementet for Høgre. Han meiner læreplanene må gi godt rom for song.
– Eg meiner song bør inn i flest muleg læreplanar, skriv han i ein epost til Framtida.no.
– Lærarar bør få gode verktøy for å synga i alle fag. Den raskaste måten å få meir song i skulen på er å bruka lågterskeltilbodet frå Krafttak for sang for å få meir song i skulekvardagen.
Les også: Nesten ingen syng på vidaregåande og i ungdomsskulen
Vil la lærarane bestemma om det skal syngast
Statssekretær Julie Midtgarden Remen (H) svarar på vegne av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H):

Statssekretær Julie Midtgarden Remen. Foto: Jan Richard Kjelstrup/ASD
– Kompetansemåla i alle fag skal vere tilstrekkeleg opne så dei tek vare på det lokale og pedagogiske handlingsrommet. Det er ikkje meininga at læreplanane skal vera pensumlister med detaljerte skildringar av innhaldet i undervisninga. Det er lærarane som har ansvaret for innhaldet og metodane dei bruker i undervisninga, og eg har tillit til at lærarane gjer dette ein god måte, skriv ho i ein epost til Framtida.no.
– Kva vil regjeringa gjera for å sikra at barn og unge får læra nasjonalsongar og andre songar som samlar oss som land?
– Det er naturleg at foreldre, barnehagen saman med skulen lærer barna nasjonalsongen, avsluttar Julie Midtgarden Remen.
No er forslaget til regjeringa ute til høyring. Fristen for å senda inn høyringssvar er 18. juni.
FAKTA: Song i læreplanen i norsk
- Dette seier dagens læreplan i norsk om song:
- 1.-2.trinn:
- uttrykkje eigne tekstopplevingar gjennom ord, teikning, song og andre estetiske uttrykk
- samtale om innhald og form i eldre og nyare songar, regler og dikt
- 3.-4.trinn:
- samtale om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid på nynorsk, bokmål og i omsetjing frå samisk og andre språk
- 5.-7.trinn:
- bruke song, musikk og bilete i framføringar og presentasjonar
- Sjå heile dagens læreplan her!
- I utkastet til ny læreplan i norsk er ikkje song nemnd med eitt ord.
- For 1.-2. trinn står det noko som kan minna om song: «leke med rim og rytme og lytte ut språklyder og stavelser i ord»
- Sjå utkastet til ny læreplan i norsk her!