Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søren òg, no er det visst slutt. Me klarte ikkje heilt å tru det då me først såg traileren til sesong 4 – me var for opptekne med å finna ut kva song det var som blei spelt baklengs i klippet til å ta inn over oss at det stod «siste sesong» i store bokstavar.

Me får aldri nok! Foto: NRK

Men NRK og regissør Julie Andem meinte alvor. Med mindre dei plutseleg snur (det er ingen skam!!), får me ikkje bli med når Sana, Eva, Vilde, Noora og Chris tar steget opp i tredje klasse på Hartvig Nissens etter sommarferien.

Det er mange som kjem til å sakna «Skam», og kanskje aller mest oss journalistar, som har fått nye saker å skriva om kvar veke takka vera denne uforskamma populære serien. For å markera avslutninga har me dykka ned i det omfangsrike arkivet av «Skam»-saker me har bygd opp sidan i fjor vår (ja, sesong 1 gjekk litt under radaren) og henta fram nokre av våre høgdepunkt frå dette eventyret.

 

1. Skodespelarane

Utan dei unge skodespelarane som har gjort karakterane ekte, levande, tredimensjonale og attkjennelege hadde ikkje «Skam» blitt det det var og er. Dei har også vist seg å vera oppegåande, engasjerte folk.

Ulrikke Falch fortalde ho om eteforstyrring, «Skam» og jobben som barista i Trondheim då ho gjesta podcasten «Den gode samtalen». Foto: Elise Løvereide

– Kven avgjer at fridom er å ta av seg klede, spurde Iman Meskini (Sana) under ein debatt i september i fjor.

– Eg har liksom peaka i popularitet, sa skodespelar Ulrikke Falch (Vilde) etter avslutninga av sesong 3 – i ei av dei mest leste sakene på Framtida.no det siste året. Falch har også fått merksemd for arbeidet sitt mot kroppspress.

Arthur Hakalahti Eilertsen (Kasper) fortalte i vårt intervju med han at han blei stoppa på gata av folk som kjente han att – frå rolla i «Skam», ikkje frå «Kongens nei».

I denne saka fortel Skam-skaparane Julie Andem og Mari Magnus om korleis dei fann skodespelarane, mellom anna ved å dra ut til alle vidaregåande skular i Oslo og Akershus.

 

2. Openheita

Den aller første Skam-saka me publiserte på Framtida.no handla om eit av dei mange viktige spørsmåla serien har tatt opp: Er det ei større greie for gutar å gå ned på jenter enn motsett?

«Men, Eva, du sa det ikke var noen norske gutter som….». Vilde er ikkje sikker på kva ho skal tru når det kjem fram at ein av gutane i serien har gått ned på ei jente. Skjermdump frå NRK.no.

Oralsex og seksuell likestilling er noko mange unge er opptatt av, men som er vanskeleg å snakka om på ein ærleg, open og fordomsfri måte. Det same gjeld mange andre tema som har vore sentrale for handlinga i «Skam», frå homofili og religion til overgrep og psykisk sjukdom. At serien bryt tabu og snakkar om alt, er utan tvil noko av det som har engasjert så mange.

Etter den berømte Noora og Nico-episoden i sesong 2 blei serien hylla av Kripos og Landsforeningen for seksuelle overgrep. Då den første traileren til sesong 3 avslørte at Isak blei den nye hovudpersonen, skreiv Madeleine Hamn at han kunne bli ein stor inspirasjon for usikker ungdom; det blei han, og unge homofile byrja å kalla seg «ein Isak som søkjer ein Even» på nettforum.

 

3. Meiningseksplosjonen

«Det er nesten litt flautt», skreiv Kristofer Olai Ravn Stavseng, leiar i Oslo KrFU, i sitt lesarinnlegg om Skam 28. april 2016. Han var full av begeistring for Skam, men håpte at Noora skulle vakna opp og gi «eit tydeleg signal til norske jenter».

Eit godt førebilete for norske jenter? Foto: NRK

Kort tid etterpå var ingen norske samfunnsdebattantar eller aviskommentatorar flaue for å sjå på Skam og uttala seg skamlaust om serien for å visa (eller gi inntrykk av) at dei var i takt med tida. Skam kunne relaterast til absolutt alt, viste det seg. Også Are Kalvø heiv seg på toget – og skreiv at nok var nok:

«Når sånne som meg skriv altfor mykje om at alle andre skriv og snakkar altfor mykje om Skam, då kjenner eg at eg rett og slett ikkje får lyst til å sjå på Skam meir.»

Skam-skaparane var på si side berre glade for at folk snakka om Noora og William.

 

4. Innverknaden

Etter avslutninga av sesong 2 blei det klart at Skam hadde ført med seg ein stor vekst i søkjartala til Hartvig Nissens skole på Frogner. Det er berre ein av dei mange avtrykka «Skam» har sett i samfunnet utanfor skjermen.

William og N(o)ora gjekk til topps på namnestatistikken. Foto: NRK.

Det var til dømes neppe tilfeldig at Nora og William gjekk til topps på namnestatistikken for nyfødde barn i 2016. Det var heller ikkje tilfeldig at Ungdomstelefonen rapporterte om ein 30 prosent auke i talet på unge som tok kontakt for å snakka om homofili og legning etter at Isak stod fram som homofil i sesong 3.

Sjølvsagt har Skam gitt Oslo ein boost som turistmål, og fleire aktørar tilbyr no guida turar gjennom bylandskapet der serien blei spelt inn. Me var på «SKAM Safari» i vår og tok ein masse fine bilete.

For å toppa det heile dukka Noora opp i ei av oppgåvene på norskeksamen i vidaregåande skule i vår, ved sidan av flyktningkrisa.

 

5. Utanlandsfansen

Ingenting er så kjekt enn når nordmenn blir lagde merke til i utlandet, og i løpet av 2016 blei «Skam» ei eksportvare omtrent på line med Kygo og olja.

Her las folk om Skam på Framtida.no  4.november 2016.

Det merka også Framtida.no, då ei av dei mange Skam-sakene våre plutseleg fekk lesarar frå alle ikkje-antarktiske kontinent (sjå kartet). Årsaka var at ein internasjonal fan-konto på Twitter hadde delt saka vår om at fleire unge tar kontakt med ungdomstelefonen. «Skam» er eit globalt fenomen, skreiv me etterpå, og overdreiv ikkje akkurat.

På slutten av året blei det også klart at «Skam» var selt til USA. Innspelinga av den amerikanske versjonen av serien, «Shame», skal byrja over sommaren.

 

6. Prisregnet

Ikkje uventa har folk med fine dressar og kjolar delt ut fleire prisar til «Skam» enn me klarer å halda styr på – og ikkje berre dei vanlege TV-prisane som Gullruten.

Skam-jentene på Gullruten-utdelinga i Bergen, der serien fekk tre prisar. Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix

Serien fekk til dømes Nordens Språkpris 2016 for å fått unge i heile Norden til å læra seg norsk, og då Stortinget i vår skulle dela ut Peer Gynt-prisen til «ein person eller institusjon» som har markert seg positivt og gjort Noreg kjent i utlandet, var «Skam» og regissør Julie Andem den sjølvsagt vinnaren.

Me gløymer sjølvsagt heller ikkje at Isak og Even blei røysta fram som Årets TV-par i USA.

 

7. Forskarinteressa

Muslimske Sana har gjort religion til eit sentralt tema i Skam. Foto: NRK

Sjølv ikkje forskarane på universitetet har klart å unngå å få med seg «Skam».

– «Skam» er moderne folkeopplysning, sa medieforskar Steffen Krüger ved Universitetet i Oslo då forskingsjournalisten vår intervjua han. Krüger er ein av fleire som har gjort «Skam» til forskingstema; kollegaer av han ved Universitetet i Bergen fekk tidlegare i år 300.000 kroner til å analysera «Skam»-debatten.

Interessa frå forskarane har også gjort at «Skam» frå hausten av kjem på pensum. Til hausten kan både mediestudentar og religionsstudentar studera «Skam» ved Universitetet i Oslo.

 

Bonusmateriale!

Isak og Sana diskuterer homofil og evolusjon i Skam. Skjermdump frå NRK.

Har Sana lese Framtida.no?

Det spørsmålet stilte me oss i redaksjonen i fjor haust. Etter eit klipp der Sana og Isak diskuterte i ein naturfagstime, laga me ei sak der forskarar svarte på spørsmålet Sana hadde stilt: Korleis kan homofil legning kan forklarast ut frå evolusjonsteorien?

I eit seinare klipp sa Sana til Isak at ho hadde lese ein artikkel på nettet om akkurat dette temaet – og blitt overtydd. Me vel sjølvsagt å tru at det var vår artikkel ho refererte til.

Akk ja, me kjem til å sakna Skam – men minnene lever evig <3