Til hausten kan religionsstudentar studere «SKAM»

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Endå eit SKAM-fag på UiO

Frå hausten av kan studentar ved Universitetet i Oslo (UiO) ta studiepoeng i det nye emnet «Religion i SKAM».

– Isak i kyrkja viser kristendommens plass i det norske samfunnet i dag. Trusperspektivet er ikkje lenger like viktig. Den einaste gongen Isak går i kyrkja, er det for ein julekonsert og ikkje ei gudsteneste, seier professor i religionshistorie Dag Øistein Endsjø i ei sak på heimesidene til UiO.

Endsjø og dei andre forelesarane vil saman med studentane analysere korleis SKAM-karakterane steller seg til og blir forma av religiøse idear. Dette er spesielt tydeleg i den fjerde og siste sesongen av fjernsynsserien, står det på heimesidene til Universitetet.

– Hovudpersonen Sana er muslim og brukar hijab. Mora er uroa for at Sana skal drikke og ha sex. Det dreier seg her om vidareføring av religion frå ein generasjon til den neste, seier Endsjø.

Sjølv om islam er spesielt tydeleg i denne sesongen av SKAM, meiner Endsjø at kristendommen i alle sesongane spelar ei sentral rolle for korleis karakterane i serien tenkjer og handlar.

– Vi trur vi lever i ei sekularisert verd, men det er så mange av verdiane våre som heng saman med kristne førestillingar. Det dreier seg blant anna om synet på sex, kjønn, rus, identitet, familie, kjærleik, å vere trufast, brorskap og monogami, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Universitetet set «SKAM» på pensum


Sana (Iman Meskini), Vilde (Ulrikke Falch) og Eva (Lisa Teige) frå ein tidleg episode i sesong 3. FOTO: SKAM / NRK P3

Les meir om Noora og William, eller Isak og Even HER

Fekk du med deg at Isak og Even vart kåra til årets TV-par i USA?


Isak (Tarjei Sandvik Moe) og Even (Henrik Holm) frå sesong 3. FOTO: SKAM / NRK P3