Bill. mrk.: Isak søker Even

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er få seriar som har rollefigurar som skeive kan identifisere seg med. Seriane «Skam» og «Ut av skapet» har i år gitt oss fleire ikkje-heterofile rollemodellar, seier Hans Heen Sikkeland, leiar i Fri Oslo og Akershus.

Førre veke fekk vi sjå Isak og Even sitt første kyss. Onsdag denne veka fulgte paret opp med eit kyss i gutegarderoben. Slikt er ikkje kvardagskost for eigenproduserte seriar frå NRK, sjølv i 2016. 

Les også: «Skam» får fleire unge til å ta kontakt med Ungdomstelefonen

Hans Heen Sikkeland er lokallagsleiar i Fri. Pressefoto

Eit bevisst mål
Håkon Moslet, redaksjonssjef for TV i NRK P3, fortel at dei har ein plan med innhaldet i serien.

– Vi har eit bevisst mål om at «Skam» skal vere med på å gi unge folk verktøy til å takle ting dei synast er vanskeleg, anten det er å løyse opp i tabu, konfrontere frykt eller å gjere dei bevisste på mellommenneskelege relasjonar.

Han trur det betyr mykje for unge å identifisere seg med karakterane i serien.

– Eg trur det betyr veldig mykje for mange unge å sjå Isak og Even sitt første kyss. Dei er to vanlege gutar som vert forelska i kvarandre i omgivnader som dei fleste norske tenåringar vil kjenne sg att i. Eg er veldig glad for at vi kan vise fram gutars forelsking i andre gutar på denne måten, seier han.

Mange kjenner seg att
Leiaren i Fri Oslo og Akershus er glad for det som skjer i sesong 3 av «Skam».

– Det som er spesielt bra med «Skam» er at vi blir med ein NRK-serie som viser dei ulike fasane og sidene av komme-ut-prosessen på ein nær og ekte måte. Dette trur eg mange av oss kan kjenne seg att i. Ikkje minst vil nok mange av oss som er i ein liknande situasjon føle støtte i framstillinga av Isak sin situasjon, fortel Sikkeland.

– Ja til meir av dette!, seier han.

RubenPedersenPrivatWeb

Ein som kjenner seg att er Ruben Pedersen (21), reporter for kjendis.no og Seher.no.

– Eg hugsar sjølv korleis det var å gå rundt med hemmelegheita om min eigen legning, og eg trudde verkeleg at det å komme ut var ei større greie enn det eigentleg var. Men akkurat der og då var det faktisk den viktigaste avgjersla eg tok, skriv han i ein epost til Framtida.no

Ruben Pedersen kjenner seg att i Isak. Foto: privat

Ulike rollemodellar
Pedersen gler seg til å sjå korleis gutegjengen reagerer utover i serien, og peikar på kor viktig denne «Skam»-sesongen er.

– Sjølv om vi i Noreg har fleire gode, homofile rollemodellar, har det fortsatt vore mangel på karakterer på TV som ikkje er heterofile. For første gang på lenge kan eg relatere meg til noko som skjer på skjermen, seier han.

Han trur Isak og Even vil gjere det enklare for andre å komme ut av skapet.

– Det er også fint at «Skam» viser eit mangfald av homofile menn. Vi har feminine Eskild som dansar til Britney på vors, og så har vi Even med jentekjæreste, som for alt vi veit er bifil. Til slutt har vi Isak, «ein heilt alminneleg gut».

«Ein Isak som søker ein Even»
I torsdagens klipp, ein dialog mellom Isak og Eskild, diskuterte dei to gutane kva det vil seie å vere forelska i andre gutar. Diskusjonen likna debatten i Aftenposten Si;D den siste tida, der unge homofile har etterlyst eit større mangfald av røyster. Mellom anna har Vetle Mikkelsen engasjert seg.

Den politisk engasjerte 19-åringen meiner at «Skam» har gjort mykje bra, men synest at Isak fram til no ikkje vert framstilt som meir enn berre «den homofile karakteren». Han håpar at andre sider av hovudkarakteren vert framheva utover i serien. 

– Det er viktig og bra at ein får skeiv representasjon i media, og sidan «Skam» er Noregs kanskje mest populære ungdomsserie, vil dette kunne ha mykje å seie, seier han.

Vetle Mikkelsen etterlyser fleire sider av Isak. Foto: privat.

Episodane i sesong tre har i snitt nesten 400.000 avspelingar frå heile skandinavia, og Isak og Even har også blitt ein referanse i det skeive miljøet.

– Det er tydeleg at mange identifiserer seg med desse karakterane, og i skeive forum på nettet er det ikkje uvanleg å sjå at folk karakteriserer seg som «ein Isak som søker ein Even» eller omvendt, seier Mikkelsen.

LES OGSÅ: Isak kunne ikkje svare på Sana sine spørsmål om evolusjon og homofili. Men det kan forskarane.